Eit Kafferus.

 

(Av Gunnar T. Rysstad).

 

Ko hev du no soe ti Kaffe, Anne?” sa an Ljot Saavisson, Spilemannen. De va eit Haustkvell, dei ha samlast tvo-tri Drengji hjaa enn Anne Plassæ aa vill have eit Kafferus. ”Du kann no kjenne de aa gjæme, at dæ godt”, sa an Torov1) Steinsson; de va slik ein Spissburi. ”No lyt du slaa uti ein Koppe for deg aa ein for an Halvor hera”, sa an, ”an æ helleti sture i Kvell”. ”Dæ væl Gjentesuti”, sa an Ljot. ”Ja no sku me snart faa an fjøyreleg”, sa an Torov, aa tok ein Buttel upp o Lummunn, ”no sku me sogu ”distellere” Kaffe i Kara”. ”Herregud, du kann no alli hav Brennevin no. Heræ alli Makjen din”, sa hu Anne.

 

So slo hu uti Kaffe i, aa Torov ”distellera” de. Han slo nog meste Pælen ni Annis Koppe; Resten ni dei hi tri. De va kji mei hell hu ha drukkje o Koppen sin, for hu varte talig. De va ei, som kunna de, de! De va nog kji for inkji, at hu va namngjeti ti ljuge. ”Slaai no upp Kappann dikko”, sa hu. Dei so gjori. So tek hu Koppen hass Torova a ti spaa. ”Ja eg ser du var rike”, sa hu. ”Aa du Syni, for rik’e du vari! Du tenkjer paa Tvætrjaa; men her ser eg ei;den likar du beste; hu æ noko liti. Her æ kji so lengji si du trefft’æ, daa fekk du Brennevin av enn, hæh! Jou de gjør du, de ser eg so greidt. Men der  æ ei Par, som sitje mykji um deg; dei maa du passe deg fyri. Her kjem du ti hallast mæ ein av dei, aa de no snart. Hellis hev du inkji onko Fiinda viare, som eg ser. Gla æ du, aa gla-are vare du; for her fær du høyre noko, som du likar. Denne hi, du tenkjer paa, hev du skriva eit Bræv ti. Hu æ rik, ser eg. --- Aa ja, ja! Her ha vor mangt anna, men no lyt eg for deg Ljot”. ”Takk for Spaaingji; eg totte de va godt”, sa aa Torov. – ”Ja du Ljot hev staaka fælt. Dæ eit, du tregar paa, ko dæ. Her æ ei Sut. Her ser eg ein Rev’e; hu æ slem; denna di. Den æ so krokutt som eitkvart vondt. Her hev hu sett ut ei Røe; hu æ utum seg paa adde Maate. Men her ne-i, her æ ei Vose. Gud forlaate mi! trur eg kji, at du fær eit Bruddaup snart. Der kjem du ti spile Fanten tute! Aa der ser eg du staaka so mæ ei. Den hev du alli set fyrre. Den vare de mæ”. Ljot lo. ”Ja no hev eg alli høyrt deg paa sodan Lag si den eine Gongji”. ”Nei de hev du vist inkje. Men kor æ Hadvors Koppe. Aa her stend an. Han æ fælt Tankemykjen. Eg trur, han kjem ti reise ti Amerika. Her ser eg so lang ein Veg’e; de maa vere de. Aa du kross aa krøkje meg, no hev eg alli set de verre! Her æ ei so gali ett’o, her ser eg hu stende so drukkji aa slit’au. Men an snur si fraa enn. Kvi tek du kji, den; hu fær ein Arv’e, ser eg. Hu var kji liti rik”. ”No ska du høyre, an hev funne si ei Pæning-gjente”, sa an Ljot aa lo aatte. ”Ja eg veit kji um an hev funn’æ; men an kjæm ti finn æ. Her æ kji lengji si2) eg høyr um ei, som tenkte paa an”. ”No vi mi kji høyr um de, du hev høyrt; no ska du ”skue inn i Framti’i”, sa an Torov. ”Aa de va bæri du tagde di, her æ kji so lengji, si eg høre, kor du hev fari”, sa Anne atte. ”Der æ leidt aa ro, hæh! Du maa passe deg, at de gjenge kji mæ de som mæ’a Toddeiv Aasmundsson. Han ha funne si Praame um Kvelle; men um Morgonen va’ an tekjen. So laut an flote si aa tvei Stokka aa3) mynde mæ Hatt’e. Daa an kom midt utaa, sleppt an Hatte, aa au rok av. So myndt an mæ Hondo, men an rok daa ein haave Fjoronge⁴), for an kom i land. Daa va de Dogurmaal”.

 

De varte i ein Laatte mæ dei adde samen. ”Men hev du høyrt, koss de gjekk mæ o no nys”, sa an Toddeiv. ”Du veit, an springe ett’enn Tore Bakko. Fyrri Laudagskvelli va an der. Daa an ha reist inn aa skjeldtilaa, ha der vor etti nokle aa stengt atte. Dei ha far so stilt, at an ha alli høyrt de. Um Morgonen vill an reise; daa slapp an inkji ut. So æ der eit Hol innmæ Skorsteinen, so vidt an fær smjuge der. So vill an smjuge ne; men daa an kom noko ne-etti, vart an hangande. So hekk an der lengji aa inkji slapp antel upp hell ne. Jau endeleg slapp an ne. Men so sto der ei stor Gryte mæ Oske innmæ Omnen. Grytehodda ha krøkt seg ni Buskunn hass, aa daa an for ne, datt Gryta ettaa an aa neaa Tili aa slo seg sunde. Aa du veit! an saag alli ut ti Menneskji; an va plent kvite av Oske. Du veit, dei vakna adde samen inne, sodan Skuldre aa Buldr’e va de”. 

 

Ljot lo seg meste umynte⁵). ”Ja de va endaa verri”, sa an, ”hell de gjekk mæ ein anne. Her æ noko Aar sia. Eg vi kji seie, kvæ de va. Han ha stilt si inn ti Gjento; men daa høyr an nokle, som kom etti. So sprang an paa Bori; for an va helleti ræde dei. Daa dei kom so inn, so vill dei ti lyse aa sjaa, um der va noken. So vill an springe ne av Boræ aa ut. Der sto eit stort Kjer mæ sur Mjaakk); de va forotta Lok. Sill so treff an so uheldig, at an sprang like ni Kjeri. Kjeri datt aa an datt aa laag der kravla aa inkji slapp uppte”. ”Ja ja dæ eit avstøkkjande Eksempel. ”De tok ein Ende mæ Forskrækkelse”, sa an Torov. ”Men no æ her vist Kvelleset⁷). Takk for ikvell”. ”No ljot di hav Takk”, sa Anne. 

 

(Talemaaten i Hylestad).

 

¹) Torolv.

²) Sidan.

³) Ro forutan ”rø i”.

) Fjordung(mil).

) Forderva.

) Mjolk.

) Leggjetid, Sengetid.

 

 


Frå Fedraheimen 16.04.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum