Helsing til Viggo Ullmann.

 

Det er so vondt aa vita, / at dei, som elskar  mest,

dei allstødt vondt maa slita / og lida allerverst.

 

Det er so vondt aa vita, / at dei, som ærlegst  strid,

ei Takk dei fær, men lita / seg maa med Spott og Svid.

 

Og vondt er der aa vita, / at dei, som ofrad  mest,

dei alle dei  vil lita / so svart, dei kann det best.

 

Daa gelder Mot i Barmen, / daa gelder Tru og Slit,

daa gelder Kærleiksvarmen / daa gelder Ven og Vit.

 

Stort hev du elskat, Hovding, / stort hev du ofrat  deg,

du ærleg  stod i Striden / og rydja paa vaar Veg.

 

Men mot deg alle fryner, / og mot deg alle skrik,

som altid, naar det syner / seg Kærleik utan Svik.

 

Som altid, naar ein kaarad / stod fram paa Sannings Krav,

og, um, um han enn vart saarad, / stod studd paa eigen Stav.

 

Ver takkad, Hovding høge / for mangt eit Tak so tungt,

hav Lukka med dit Yrke / for Noreg evig ungt!

 

Staa rak, staa frisk, staa motad, / staa ungdomsfrisk og sæl,

staa lenge enn i Striden / for Fridom, Rett og Væl!

 

Du er ung, Noregs eigen, / so traust og hjartevarm,

ho eingong sæl og feigen / skal trykkja deg til barm!

 

 

Lars  Eskeland.

 

 


Frå Fedraheimen 16.04.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum