Klerikalisme paa Vestlandet.

 

At Menigheitsraadsforslaget er klerikalt, er for alle frisinnade kristne den største Veila med det. Men orda ein ut um dette, fær ein jamt høyra, at det er so langt fraa aa vera klerikalt, at det tvertum stilar paa aa skyssa Klerikalismen ut or Verdi. Prestarne hev det og mykje annvint med aa lysa ut detta. For meg ser det alt mistenkjelegt ut dette, at Prestarne  arbeidar so kraftig for det og tonar so lenge um, at det daa slett ikkje finnst klerikalt. Men ein fær væl t paa det, naar sovorne Folk snakkar um den Ting? Ser ein etter, so hev dei no allstødt voret sterkt paa Vagt mot alt kelrikalt, dei Kararne. Dei hev voret reint gilde soleis! Ikkje so? – 

 

- Jau, dei hev væl lugtat Krutet, dei, tenkjer eg: Dei veit, kor dei staar. Prestemagti er i sigande. For det vaknande Liv og dei friske Fridomspust holar under Statskyrkjegrunnen. Og med det fær Klerikalismen meir og meir sine drepande Støyt.

 

Ja, dei skynar det, desse svartklædde menn! Statskyrkja kann kje tolast, staar seg ikkje for eit sannare, rikare og meir frisinnad kristenliv. Berg! Berg! Bygg Statskyrkja paa ein breidare Grunn! So skal me berga det meste. Og for lange Tider!

 

Men Vestlendingarne  er for det meste for Forslaget. Korleis kann dei vera for noko, som er klerikalt? Kven kann segja, at Vestlendingarne er klerikale? indtil Oddm. Vikkom med dette. Naar det gjeld aalmenne Ting, spyrst det um det meir utvertes, so er kje Vestlendingen vond til krylryggja seg for Presten. Dei kann heiltupp vera stride daa. Men i Læra? I Trui? Dervert dei nok med Presten. Soleis tildess, at fær dei høyra um nokon, som ikkje derer med Presten i eit og alt, so fær sanneleg den Personen vita, at han elder ho er eit simpeltMenneskje, som ikkje er verdugt det beste. Tankebettring under den einskilde Tanketyning. Er kje det Klerikalisme?

 

Kanskje det er Døme paa, at dei ikkje kom yvereins med Presten i Tru og Lære. Men eiter det daa, som er Rett, er usvikeleg ”Gudsens Sanning”: Det er deira eigi Uppfatning, prentat inn fraa Barnsbein av, Stykke for Stykke, or Pontoppidan. Fær dei vita um nokon, som ikkje i alle Maatar kann semjast med dei, ja, so er han elder ho paa Timen eit faarlegt Menneskje, ein Djevelens Utsending, ein utaalande person, som skal sputtast paa og støytast ut.

 

Det gjeld um aa øydeleggja ei slik Gudløysa. Med aalvorlege, verduge miner ser dei paa Syndaren, men tier – med han aaleina.

 

Paa ”Gader og Stræder” trør dei upp, slær um seg med gudelege Talemaatar, fortel med brestande Maal um, korleis Vantrui (!!) bryter seg inn, ja inn i deira eigi Bygd. So nemner dei gjerne ”den frafaldne” med eit djupt Sukk, soleis alstødt i eit litet Lag, elder dei siktar han slik, at ingen er i Tvil um, kven som er meint. For aa vera stød paa, at det skal verka, tek dei gjerna til aa beda for han elder henne. Og Forfylgjingi er sett igong!

 

Det skal ikkje mykje til, fyrr dei ser seg nøydd til sovori Aatferd.

 

Berre dei veit um dei, at dei les Bøkerna at Bjørnson elder Garborg, so er det meir enn nok.

 

Det er kanskje fleire enn eg, som kjenner til det.

 

Nei, dei toler ikkje annarleistenkjande. Vil tvinga alle andre under sine religiøse Meiningar.

Frisinnade Folk vert forfylgde, um dei enn er langt varmare kristne enn hine.

 

Som ventande er, hev dei lagt Elsk paa §en um Tanketyning. Og paa §arne um Stemmeret.

Og desse §ar tyner væl den reine, svarte Klerikalisme.

 

 

Hordaland, 5te April 1887.

L. E.

 

 


Frå Fedraheimen 16.04.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum