Ymist.

  

 

Fraa Bladlivet. Bladstyrar Mjelde  hev fenget fast Post i Verdens Gang  og Per Sivle  hev vortet Styrar i Kristianiaposten.

 

Med Dronningi  vaar  er det so av og til. Snart er ho betre og snart verre. Korleis Endalykti vil verta er ikkje greidt aa segja noko um no. 

 

Stortinget  byrjad att irsdag.

 

Framlegget um den nye Herordningi hev Kongen no skrivet under. Det drygde lenge.

 

Maandag  skal det vera nytt Møte i Dagbladet, daa Styret ikkje er fulltalegt. Astrup arbeider alt, han kann, vert det sagt. 


Um Bladforholdet  her i Byen vart det ordskiftat i Arbeidarsamfundet 1ste Paaskedag. Flestalle Talarar aukad yver, kva i Kristianiaposten  hadde hendt og uppmanad Folk til aa segja Bladet upp. Rørleggar Sunde (ein av dei nye Styraranne) talad mot og meinte, at Bladet vilde arbeida likso mykje for Arbeidaranne heretter som fyrr.

 

Høgres Arbeid mot Juryen gjeng ikkje vidare fort, maatru. Fraa dei ymse Kantar av Landet kjem det den eine Meldingi etter den andre um, kor stakkarslegt det gjeng for dei. Me skal her taka inn eit Brev fraa Flekkefjord til Krp., som syner, at Vestlendingarne ikkje er so lette aa narra:

 

Maandagskvelden 21 Marts vart det haldet politisk Møte i Flekkefjord. Innbjodaranne var ”Grundlovsforeningen”, og Møta galdt aa faa Underskrifter paa eit ”Andragende” til Stortinget um aa faa Juryen utsett, iallfall til dei nye Val.

 

Ordstyraren, Sakførar Holst, heldt eit Fyredrag um Juryen og Radikalarne i Tinget. Juryen var væl nok; men so turvte han ikkje by seg mot den Rettargangen me hadde(!). Og so var Forslaget so nytt; Folk kjende ikkje det bitterste Grannet til det. Difor laut det utsetjast, til me fekk læra det aa kjenna. Og so var det so dyrt, so skræmelegt dyrt. Me skulde nok faa sjaa, at det kom paa minst 800,000 Kronur. Difor maatte det ogso utsetjast – til betre Tider! For Tiderne var vonde. Tinget hadde jo negtat Pengar til Umlegging av Vegen fraa Lavoldbakken og nordyver av di ”Finanserne” ikkje tolte det; men naar det galdt Utlegg paa halve og heile Miljonar, daa var der ingenting ivegen! Fleire Smaasaker, som Tinget hadde negtat Pengar til, vart framdregne til Prov paa det same. Talaren meinte, at alle – sjølv dei, som vil ha Jury – kunne skriva under paa dette ”Andragende”. Det var jo ingi Trassing mot Stortinget. Det galdt i det høgste ei Utsetjing paa eit Par Aar, so me, som sagt, kunne faa setja oss betre inn i Saki.

 

Det vart upplyst av ein Vinstretalar, at Jurysaki slett ikkje var ny. Ho var nokre og firti Aar gamal. Me hadde havt Tid nok til aa setja oss inn i ho. Og Nordmennerne var væl ikkje slike Treklossar, at dei ikkje kunne greida den sovæl som andre Ting. Han talte ogso um Juryens uppdragande Magt.

 

Hr. Holst upplyste daa, at naar Grunnlovsforeiningi hadde samankallat dette Møte, so var det, fordi dei ikkje vilde ha den ”Brøde” paa seg ikkje aa ha gjort kva dei kunne (for aa frelsa sitt arme Folk!). Juryen vilde ikkje ha det Slag uppdragande Magt for Folket. So maatte ein ogso tenkja paa Naturhindringarne i Landet. Han leet endaa til so smaatt um, at var væl tvilsomt, um Juryen kom til aa døma nokon. For det kunne ikkje verta Dom av, utan Vitnerne var tilstades, og eit av dei vart naturlegvis sjukt! Og Vitnerne vilde tapa so gussjammerlegt paa alle Reiserne sine – d. v. s. ikkje dei fatike Vitnerne, dei vil nok tena paa det, men dei rike, som tente sine 4-5 Kronur um Dagen.

 

Eg gav meg til aa undrast so smaatt, um ikkje dei  tolte litt Tap!

 

Fleire Talarar kom upp, og iblandt dei ein Høgremann, som var so inderleg snill aa jorta um att for oss, det Ordstyraren hadde sagt. Han trudde væl ikkje, der var meir aa segja mot Juryen han, Stakkar. Men han tok imist – Hr. Holst visste endaa meir: Dei fleste Stortingsmenner kjende nok helder ikkje Framlegget! Daa var det ein, som meinte, at isofall hadde dei sjølv Vit til aa utsetja Saki.

  

So fekk Klokkar Fuglestvedt Ordet. Han trudde ’kje det trongst um noko Utsetjingsadresse. Visste ikkje bettre, enn at nettupp Jury var ei av dei Saker, som siste Storting var valt paa. Trudde det stakk noko under med Høgres ævelege ”Utsetjingar”, og at deira løynske Meining var, paa denne Maaten aa faa tynt ned Juryen, so han aldri skulle koma att. Naar me ville innføra Jury her i Landet, so var det ikkje Pengespursmaalet, som var Hovudsaki, men det moralske. Han talad lenge og greidt og eg laut tenkja med meg, at det skulle vera Moro aa høyra, kva ”Grundlovens sande Venner” hadde aa svara paa dette.

 

Jau – Ordstyraren reiste seg daa og – og bad dei, som ville skriva under gjera det straks! 

 

Nokre mykje ”ærværdige” Herrar krabbad daa burt og skreiv unner – deriblandt naturlegvis ”Religionen” og ”Retfærdigheta”.

 

Klokkar Fuglestevdt spurde, um det var Meiningi at Ordskfitet skulle vera slutt. Dertil svarad Ordstyraren, at vist nokon ville halda paa, so kunne dei. Daa han sluttat sagde Ordstyraren det, at – han vilde gaa heim han for sin Part, so laut dei hine halda paa, so lenge dei lystar!!

 

So sluttad det frie Ordskiftet um Juryen, og Ordstyraren gjekk heim og lagde seg – paa sine ”Laurbær”.

Der var umkring 100 mann tilstades. Derutav skreiv 12-15 under Lista – alle naturlegvis av den gamle, sikre Garden.

 

Flekkefjord den 25de Marts 1887.

 

Ærbødigst

 

Espen Eirikson.

 

 


Frå Fedraheimen 16.04.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum