”Ja, vi ælsker”.

B. B. og ”V. G.” vil, at me skal gje Norsken paa Baaten og bruka vaare 10-12 Skulevikur til aa læra engelsk, fordi at det er eit Maal, som me kann faa Bruk for.

– I Amerika?

– Vinteleg det.

Det kann vera sant nok, at me –

Ӿlsker dette landet,

som det stiger fræm

furet, veirbidt over vandet

med de tusen hjæm;”

det kann vera noko i det; aa ja; me ”ælsker det,” ja; lat gaa; og me ”tænker paa vor far og mor” og, kanskje; men – never mind! Norsk hev me ikkje Bruk for i Amerika, og so hiver me det. Fram med Engelsk; det er andre Greiur! Do you speak English, Sir? Yes, to be sur, Indeed, Sir!

hi-hi.