Aarsmøte i Det Norske Samlage

Aarsmøte i Det Norske Samlage vart halde Tysdagskvelden.

Formannen Statsrevisor Hølaas og Styresmann Ivar Mortenson bad seg fri for aa bli uppattvalde.

Formann vart professor Alexander Seippel 41 R. Styresmenn Statsraad Liestøl 48 R. og Bladstyrar L. Holst 39 R.

Varastyre Bladstyrar P. Sivle 31 R. og Bilæthoggar Skeibrok 30 R.

Til Domsnemnd vart uppattvald: Prof. Unger, Statsraad Dr. Blix, Ivar Aasen og Hans Ross. Til Ettesynsmenn Kand. Eliassen og Organist Bjærum.

Etterpaa var Folk ihop til Midnattsleide, rødde, tala og song. Statsraad Liestøl var med og var same Guten og same Leiken som fyr, Per Sivle song realistiske Visur fraa Drammen og Savalguten gamall Huldreromantikk.