Aarsmelding

Aarsmelding for ”Det norske Samlaget” 1887.

Samlaget hev for 1887, det 19de Samlagsaaret, gjevet ut:

1. A. O. Vinjes Skrifter i Utval 4de Band 24 ½ Ark i 2200 Ekspl. 53900 Trykkark.

2. P. Sivle. Vossa-Stubba 3 Ark i 2000 Ekspl. 6000 Trykkark.

3. Apostelgjerningar 4 ½ Ark i 2500 Ekspl. 11250 Trykkark.

4. Fyrste Korinthiarbrevet 2 Ark i 2500 Eksempl. 5000 Trykkark.

5. Lauvduskar VI 9 ½ Ark i 1800 Ekspl. 17100 Trykkark.

43 ½ Ark elder 93250 Trykkark imot Tils. 33 ½ Ark elder 66600 Trykkark for 1886. Dette til Umsending millom Lagsmennerne.

Til Sal hev Samlaget dessutan gjevet ut:

6. Ervingen 3 Ark i 1300 Ekspl. 3900 Trykkark.

Rekneskapen for 1887 viser Innkomur Kr. 5033.71 og Utgifter Kr. 5004.87. I Kassa var ved Utgangen av 1887 Kr. 562.87.

Aarspengar er i 1887 avgjorde av 676 Lagsmenn. Dessutan er innkomet ei Gaave paa 5 Kr.

I Samlagsinnkomurne er medteket Kr. 1700 i Statshjelp til Umskrift og Utgjevning av nytestamentlege Skrifter paa Folkemaalet. Cand. Skard hev ymse Vendur haldet seg i Kristiania og saman med Prest Belsheim og Ivar Aasen gjenomarbeidt Bibelumskrifti. No er fyrste Utkastet til Umskrift av dei gjenverande Bøkerne av det nye Testamente ferdugt og vil verta undergjevet Gransking.

For Boksal er medteket Hovudkomisjonærens Innbetaling for 1886, daa Cammermeyer var Kommissjonær berre eit Par Maanadar, derimot ikkje nokot for 1887, som fyrst vil verta avgjort ved Utgangen av August d. A.

Av Skrifter, som er tilbodne til Utgjeving, skal nemnast: Heimssoga fraa 1789, siste Heftet, Forteljingar av Hallv. Bergh, Englandssoga av Arne Vestrum, Fysjologi av Jonas Nannestad, A. O. Vinjes Livnad av Vesle Vislie, Kultursoga av Conradi, I gamle Daagaa av Ivar Kleiven.

Revisorarne melder, at Manntalsbøker, Kassebok og Rekneskapen er funne yvereinsstemmande.

Kristiania i Styret for det Norske Samlaget den 17de April 1888.

Andr. Hölaas.            Alexander Seippel

Ivar Mortenson.

Regneskap:

Innkomur.

I Kassa fraa f. Aar . . . Kr. 534.03

Aarspengar fraa 7 Lagsmenn

for 1884 . . . . . . . . . . ” 16.00

Do. fraa 24 Do. for 1885 . “ 96.00

Do. “ 252 Do. “ 1886 . “ 952,00

Do. “ 366 Do. “ 1887 . “ 1540.60

Do. “ 31 Do. “ 1888 . “ 124.00

Statstilskot til Bibelumsetning “ 1700.00

Bokseljing . . . . . . . . . . . . ” 605.11

Kr. 5567.74

 

Utgifter.

Trykning med Papir . . . Kr. 2688.20

Honorar . . . . . . . . . . . . ” 1190.00

Kasserarløn . . . . . . . . . . ” 500.00

Bok- og Brevporto . . . . ” 318.15

Heftning . . . . . . . . . . . ” 129.75

Til Millemmenn . . . . . . . ” 118.74

Lysingar og ymist . . . . ” 60.03

I Kassa ved Utgangen av Aaret ” 562.87

Kr. 5567.74

 

Kristiania den 1ste Januar, 4de April 1888. Hallv. Johanson