Brennevinstollen

Brennevinstollen er vedteken. Dei store drikk Vin, og paa Vin er der liten Toll; Smaafolk tek seg ein Dram, og paa Drammen legg dei paa meir og meir.

”Dreg du den, so dreg du den med”, sa Mannen til Gampen sin.

Men no gjeld det altso _: ikkje drikka Brennevin! Ikkje drikka Brennevin og ikkje bruka Tobak, - so stend dei der, og so vart dei nöydde til aa innføra direkte Skatt, som er den einaste rettferdige.

Sjaa sligt! Berre vælta Byrderne yver paa oss Smaafolk! Det er so lettvint, det; men rett -? Ja-ja, no ser De vel snart, at me maa ha aalmenn Røysterett?