Engelsk eller Landsmaal

Um “Engelsk eller Landsmaal” skriv Ludvig Benum i Indtrøderen m. a.:

_ _ ”Det skrivst (i ”V. G.) um, kor mange det er her i landet, som kunde havt gagn av engelskundervisning i folkeskulen. Me hava 60-70,000 sjømenn og aar um annat 20-30,000 utvandrarar, og alle desse kunde hava svert til nytte av aa læra engelsk. Ja, det skulde eg og meina; men endaa er det uvist, um den norske folkeskule skulde vera forpliktat til aa skaffa deim denne læra. Det kann ogso vera godt fyre sjømannen aa kjenna til læra um skipsføring (navigation); men likavel kann ingen fornuftig mann krevja, at ho skal takast inn som læreemne i folkeskulen. Nei, slikt kalla me standskundskap, og det lyt verta ei uppgaava aat serskilde standsskular aa gjeva denne, og desse skular maa faa hjelp av staten.

At me skulde taka engelsk inn som læreemne i folkeskulen for aa gjera det so leplegt som mogelegt for deim, som vilja reisa aat Amerika, det ser nokot legjelegt ut. Det er mesta likso rimelegt det, som at den norske stat skulde kosta fri reis til Amerika fyre deim, som hadde hug til aa reisa dit.

Men eg trur ikkje, det er ”Verdens gang” so myket um aa gjera aa faa engelsk inn i folkeskulen, som det er aa faa det norske folkemaal stengt ute. Samstundes med, at engelsken fær det eine gilde lovordet etter det andre, so veit det mest ikkje, kor galet det skal skriva um ”maalet”. Det er ingen mun i maalskularne; for lærararne skulla ikkje kunna læra ”maalet” paa 3 maanadar. Landsmaalet skal vera so leidt aa læra, avdi at det er roskat isaman av so mange bygdemaal.

Sanningi er, at landsmaalet er alle norske bygdemaal. Tek ein til aa skriva bygdemaalet sitt, so vil han koma til aa skriva landsmaal, um han kann so myket av norsk maallæra og norsk rettskrivning, at han kann skriva bygdemaalet rett. Det er i so maate det same, anten han er trønder eller vestlending. Landsmaalet er alle norske ord skrivne i den mest reine og skaplege form.

Og det aa læra aa skriva sitt eiget bygdemaal skulde ikkje ein lærar kunne klara paa 3 maanadar! Saki er den, at han kann læra det so nokorlund bra paa 1 maanad. Det heve vist seg med dei maalskular, Marius Hægstad heve heldt. ”Verdens Gang” heve truleg tenkt paa Vonheimskulen, daa det skreiv dette; men det er ikkje aa undrast yver, at det gjeng mindre fort med aa læra maalet der, kvar dei halda paa med so myket annat umfram maalet.

Elles var det ikkje so rart, um det kunde taka litet tid aa læra maallæra og rettskrivningi aat eit maal, sjølv um det er eins eiget. Hugs berre paa, kor lang lang tid me trenga til aa læra dansk!”