Mons Litlerè

er ein drivande Kar, som me bør hjelpa.

Eit serleg godt Tiltak er det, at han kjøper upp og sel ut att Restupplag av gamle gode Maalbøker som t. D. Krohns. Vaare gamle Bokhandlarar hev drevet det med aa stikke Maalbøker under Stol, og driv det med det enno; fær dei no sjaa, at det ikkje nyttar, men at Maalbøkerne kjem ut like godt, so skal me sjaa, kva dei daa vil gjera.

Litleré er modig til aa vaage seg i Veg med nye Bøker og, og det maa han ha endaa større ros for. Det einaste, ein maa ynskja, var, at der vart brukt noko meir Kritikk; det er knapt til Gagn for Saki, at det vert gjeve ut for mykje av slikt, som ikkje er Literatur, men Stiløvningar av mei og mindre ”lovande” Nyemningar. At Litlerè hev slutta med aa umskriva fraa dansk er berre godt.

Lat oss stydja Litleré so godt me kann Folk! kunde han arbeida seg upp, den Karen, so kanskje me endeleg fekk, det me meir og meir treng: ein fullnorsk Bokhandlar.

Arne Garborg.