Religiøse Ugreiur

Ved Stavanger er det religiøse Ugreiur att.

Ein Lægprædikant, Lærar hev vore, fer ikring og døyper Folk uppatt; i Klep skulde han døypa 40 her um Dagen, men det vart slikt Leven, at berre 5 vart døypte. – Stakkars Folk der burte paa Stavangerkanten! Dei tenkjer paa Sjæli si, men dei tek det so sytesamt og tungt, at dei stundom blir reint sjuke av det. Kunde ikkje Oftedal telja for dei so av og til, - eller hev han for annvint med Politikken, han, kanskje?