Yl-røyk

(Artikkel, 1919)

Av Jenny Arnesen

Det er vaar, grortung vaar! Sevja hev longe gjort vaaryrket sitt, og tre etter tre hev fenge den ljosgrøne vaarbunaden paa seg. Selja var fyrst budd, sidan kom dei smaatrippande i vaarbunaden sin eit for eit. Berre bjørki stend enno og evar seg: "Tru eg skulde vaaga det?" Knupparne skundar paa, er umlag bresteferdige. "Mor, mor høyrer du ikkje?" Staren dreg til reirs paa gamlestovetaket, erla trippar i tunet og steindulpen smett burti røisi! Snart kann me venta gauken og! Storapalen burti hagen stend i full knupp og tunheggen er um aa spretta! "Mor, mor me vert dei siste i laget".

Men storbjørki berre byssar dei utolne smaaungarne sine so lint og tenkjer med sjølve seg, "Aanei, storbjørki kjem alldri forseint i laget, ho vil berre vera trygg um at vaaren endeleg er der, fyrr ho let dei utolne ungarne sleppa til med sitt". Dei lyt drygja med aa setja dronningkruna yver den snjokvite festbunaden hennar, til han verkeleg i vissa er komen, so ho kann ta imot husbonden sin - fullbudd som det ei dronning høver.

Burte paa bøarne er alt langt kome. Gjentorne som rydjer hev si saare naud med aa faa hevdi or det lange graset i sekjer og dælder, med det sovidt yddar fram paa moseengi og utyver rabbarne. Nedpaa Dalsaakeren lyser havren tett og grøn, med Storaakeren berre sovidt ydder her og der, og plog og horv gjer enndaa eit forseinka arbeid der det er avsolt og smaatt um arbeidshjelpi. Ein stad drys det havre som fljotan-gull i den varme feite aakermoldi.

Paa ein aker burti bratlendet spa-ar dei potetor, kar og kvende tre ilag, ein kar som spar, ei som set og ei som hevdar. Ryggjerne er bøygde og henderne gjeng i annsamt arbeid. Det er enndaa morgonsvalt, og or den varme nyarbeidde moldi stig det lette varme guster. Som lette ljose kvitklædde møyar stig dei fram or den svarte moldi, sviv paa lettan fot yver bøar og aakerlende, snart er vinnefolket gøymt attum den varme saagideren som sveipar alt i si varme ullkaapa.

Han hev ein annan givnad denne yl-røyken, enn den kalde klamvorne skodda som legg seg tung og isande yver alt som er liv i. Yl-røyken kjem sjølv av liv. (d[sic]et er bunden verme-yl som løysest ut av den jordi trottuge hender hev arbeidt) og han gjev liv der han stig fram, som barn av dei tvo, vaar og onn. Som leskande dogg ver' han jordi mot aa verta for turr, samstundes som han løyser dei livgjevande krefter som lenge laag bundne. Sjaa, der lettar han seg fraa jordi alt, dei kvite møyarne kverv burt, ei for ei lyfter dei seg og sviv dit dei ættar ifraa. Men sjaa alt er vorte mest dubbelt so grønt paa den vesle stundi med yl-røyken laag. Storbjørki voggar byrg si sprettande kruna, borni hev fenge viljen sin og imorgon er ho fullklædd. Apalen voggar dei raude blomeknupparne sine, heggen sine kvite, kannhenda dei baae sprett ut nett. Ja kven veit? "Ku-ku", var det ikkje gauken som gol burti skogen? "Ku-ku", lyder det atter so forlivande friskt. "Jaumen er det gauken, ja". Og staren tek seg ei kvild fraa reirbyggjinga si, set seg paa gamlestove-mønet og kved alt han orkar, sin mangslungne lovsong til livsens gjevar. Sjaa der kom Erla dertande fram paa den nygravne aakeren, der er mangt smakande der aa finna. Steindulpen klikkar i gleda yver den vesle sprunga han fann burti røysi og fortel til kvar som fer framum, at der vil no han byggja seg sumarhus. Og vinnefolki rettar ryggjerne, augo lyser og kinni raudnar med dei ser etter dei siste av dei kvite møyarne som kverv burt i skydansen. "Detta var daa eit signa grorver", sannar dei alle. - - - - - - - -

Solangt komen vakna eg or draumen og fann meg midt i ein straalande lysande ungdomsflokk, samla til fest um sine dyraste hugmaal. Men yl-røyken, vaargroren, bjørkeknupparne, fuglesongen, gullhavren, onnearbeidet, arbeidsglega [sic] var ingen draum, eg saag det alt ikring meg. Eg kunde berre nesta henderne og lyfta hugen i bøn um at vaargroren maatte taka all norsk ungdom i fang, og at yl-røyken maatte stiga yver dokk og dæld, yver nypløgde hjarteaakrar, yver rind og røys, til usvikelegt vitnemaal um liv og vaargror som ingi frostnott evlar tyna.

 
Frå Ung-Norig. Nr. 11. November 1919. Risør 1919. Side 190-192. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad