Alle skulle bli dronning

(Dikt, 2007, utdrag)

Frå Gabriela Mistral, omsett av Tove Bakke,
Alle skulle bli dronning. Side 11
 
NÅR KJÆRLEIKEN TEIER
El amor que calla
 
Om eg hata deg, gav eg deg hatet med ord,
i tale som var utvitydig og klar;
men eg elskar deg, og min kjærleik er slik
at han ikkje kan målberast utan svik!
 
Du ville helst at eg ropte han ut,
men kjærleiken min kjem frå slikt djup
at før han når brystet på meg, og strupen,
er villskapen svekt og brannen slokna.
 
Og eg ligg att som ein breiddfull dam
der du ser eit springvatn utan liv.
Alt for den fortærande togna si skuld,
sjølv døden er mindre hard enn den!
 

Frå Gabriela Mistral omsett av Tove Bakke: Alle skulle bli dronning. Samlaget 2007. Side 11.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.