Året hallar, klokka kallar

(Salme, 1925)

Av Johannes A. Barstad

Tone: Jeg er rede til å bede, nr. 769.

 
Året hallar, klokka kallar
Manande frå kyrkjetårn.
Kor langt lidi er no tidi?
Stogg og tenk, de tidarborn!
Året hallar o. s. b.

Tidi renner, og du kjenner
Deg som dropen i ein straum.
Du skal fara stad og svara,
Um ditt liv gjekk burt i draum.
Tidi renner o. s. b.

Midt i sveimen himmelheimen
Auga ditt med eitt fær sjå.
Det er tanken, det er anken,
Um du denne heim kann nå.
Midt i sveimen o. s. b.

Faderbarmen, kjærleiksvarmen,
Det er livsens vinning sann.
Den hev vunne, den hev funne
Livet som Guds kjærleik fann.
Faderbarmen o. s. b.


Frå Nynorsk salmebok for kyrkja, heim og skule. Fjorde upplaget. Med tonar. Oslo: Det Norske Samlaget 1949. [Første utgåva kom i 1925 og var redigert av B. Støylen, A. Hovden og P. Hognestad.]. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad