Bordvers

(Dikt, 1925)

[Omsetjing]

Av Johannes A. Barstad

Fyre maten

Tone: Jesus, dine djupe vunder, nr. 242

 
Takk, vår Gud, for gåvor gjæve
Som me ser framfor oss stå!
Tenk på deim som ikkje heve
Mat åt seg og sine små.
Takk for di me fast fær tru
At du signar bord og bu!
Du di åsyn til oss vender.
Difor me vår takk deg sender.

Etter maten

Tone: Å herre Krist, deg til oss vend
(Og Herre Krist), nr. 13.

I Jesu namn til bords me sat
Og fekk av Herrens hand vår mat
Til gagn for lekam og for sjel,
Gud late oss det njota vel!


Frå Nynorsk salmebok for kyrkja, heim og skule. Fjorde upplaget. Med tonar. Oslo: Det Norske Samlaget 1949. [Første utgåva kom i 1925 og var redigert av B. Støylen, A. Hovden og P. Hognestad.] Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad