Fyrste sundagen i adventa

(Preike, 1907)

Av provst Johannes A. Barstad, Volden

Kristi jubelaar

Evangeli, Luk. 4, 16-22.

 

Og han kom til Nasaret, der han var uppalen, og etter sin sedvane gjekk han um kviledagen inn i stemnestova og stod upp og skulde lesa for deim. Og dei gav honom profeten Esaias' bok, og daa han slog upp boki, fann han den staden der det var skrive: "Herrens ande er yver meg, avdi han salva meg til aa bera god bodskap til dei fatige; han hev sendt meg til aa lækja deim som hev eit sunderknust hjarta, til aa forkynna fangar at dei skal faa fridom, og dei blinde at dei skal faa syni, til aa senda dei undertrykte ut i fridom, til aa forkynna eit hugnadlegt Herrens aar." Og han lagde boki saman, gav tenaren henne og sette seg. Og alle augo deira som var i stemnestova, stirde paa honom. Og han tok til og sagde til deim: "I dag er dette skriftord uppfyllt for øyro dykkar." Og alle gav honom lovord og undra seg yver dei sæle ord som gjekk ut or hans munn; og dei sagde: "Er denne ikkje son til Josef?"

 

Eit hugnadlegt Herrens aar. Det kallar Jesus den nye tidi med sæla og lukka, som rann med honom.

 

Profetordet, som Jesus gjerer til sitt, peikar paa jubelaaret hjaa jødarne. Kvart 50de aar var eit jubelaar, daa samfunsskipnaderne vart uppnya, og dei einskilde israelitar vart luthavande i mange gode ting. Trælen fekk sin fridom, dei huslydar som hadde gjenge fraa fædregardarne sine, fekk dei att, og gjeldsfangar vart sette paa frifot. Paa den fyrste dagen i aaret drog prestar ikring i landet, bles i lur og ropa ut jubelaaret sine velsigningar.

 

Jesus si nye tid er eit jubelaar, det sanne. Det gamle var berre eit bilæte paa det. Og Jesu jubelaar varar enno og vil vara til dagarnes ende. Og sidan vil det halda fram i det ævelege jubelaaret paa den nye jordi.

 

I teksti vaar blæs han sjølv i lur for det og ropar det ut. Lat oss lyda etter og leggja oss ordi paa hjarta!

 

* * *

 

Me merkar oss straks: Til aa bera god bodskap til dei fatige.

 

Til elege og vesalmenner er det, at Jesu jubelaar kjem med si velgjerning. Til dei rike og sjølvnøgde hev han inkje.

 

Soleis var det ogso med det gamle jubelaaret. Alle som sat godt i det og paa alle maatar var velberga, fekk ikkje noko godt av det. For dei trengde det ikkje. Det var ikkje noko eigenleg festaar for deim. Mange av deim lika det kanskje slett ikkje. For det kunde henda dei kunde koma til aa mista sin eigedom og soleis tapa paa det. Men til dei mange ulukkelege, som hadde misst sin eigedom og rett, og sat trongt i det, kom det som ei utløysing. For deim var det eit festaar og gledeaar.

 

Men naar Jesu jubelaar er berre for desse, er det daa ikkje for alle? Hev han stengt nokre ute fraa den nye tids lukka?

 

Aa nei. Jesus veit at alle er i grunnen dei elege og fatige og ulukkelege. Og difor hev han nett etla si frelsa aat sovorne, so alle skal kunna verta frelste.

 

Naar mange menneskje meinar seg aa vera aandeleg rike og velberga, so narrar dei seg sjølve. Dei drøymer seg til ei lukka, som dei ikkje i røyndi eig.

 

Og dette er den eigenlege storulukka, større enn sjølve elegdomen fraa syndi, at mange ikkje vil kjenna og vedgaa at dei hev det vondt, og soleis stengjer seg sjølve ute fraa den frelsa som bydst, og som er den einaste som givst.

 

Desse vert utanfor jubelaaret si sæle signing - ikkje av di signingi ikkje ogso er aat deim, men av di dei forsmaar henne. Dei velsignar seg sjølve med dei gode ting, som verdi byd, og dei sjølve kann skaffa seg.

 

Korleis er det med deg, du som les dette? Er du fatig i deg sjølv, elder er du rik? Er du nøgd med livet ditt som det er, elder treng du aa faa eit nytt liv!

 

Av svaret paa denne spurnaden heng det, um Jesu jubelaar skal verta jubelaar for deg.

 

For Jesu jubelaar kjem med lækjedom for dei sundbrotne hjarto.

 

Eit sundbrote hjarta.

 

Hjarta er livsmidten i menneskja, einingi av vilje, vit og samvit. Hjarta er det, som styrer heile menneskjet. Som hjarta er, so er det. Og so lenge hjarta er heilt og sterkt, gjeng menneskjet sin eigen veg. Det er ingen som kann raada med det. Det sterke hjarta tek ingen dom innyver seg og læt seg ikkje segja. Det hev sin eigen vilje til aa driva verket, - sitt eige vit til aa rettleida seg med - og det sovande samvit gjet inkje.

 

Men Guds ord er som ein hamar, som slær berg sunder. Det magtast knaka det heile sterke menneskjehjarta, som saag so gildt ut. Liksom Kolbein sterke med si klubba knasa Torsbilætet, so alt det stygge som var inn i det kom for ein dag, soleis knasar Gud med sitt ord hjarta aat menneskja og syner fram den styggedom som løyner seg der. Daa fær ein sjaa, at den gode viljen er sjølvgod og vond, og at det gilde vitet i aandelige ting er faavit og vankunna. Og daa vaknar det sovande samvit og set seg til doms yver det heile liv.

 

Det arme menneskjet ser, korleis det hev late seg narra, so det hev misst sine beste eignaluter: barneretten og samfundet med Gud, rettferdi, freden og sæla. Det hev fare villt og forbrote seg mot Gud, og veit no ikkje si arme raad. Det fell difor saman som ei bandlaus bytta. Hjarta er sundbrote, livet ligg i molar. Det ropar fra [sic] det djupe: Herre Gud, misskunna meg!

 

Daa stig Kristus fram for ei sovori sjæl. Som ei morgonstjerna renn han upp, og jubelaaret hans skin yver eit elegt og armt menneskjeliv med sol og sæla. Det arme menneskje grip Jesus som sin einaste frelsar, og Jesu rike naade grøder det sundbrotne hjarta. Det vert heilt og sterkt i Jesus - fær ein ny heilag vilje, eit nytt aandelegt vit, eit nytt godt samvit. Og fyllt av Jesus vert det nye heile hjarta midtpunkten i eit nytt sælt liv i Guds samfund.

 

Vidare heiter det, at Jesu jubelaar kjem med fridom aat fangar, ei ny syn aat blinde ogfridom aat undertrykte.

 

Det er same saki teikna med andre bilæte.

 

Dei som vanagtar jubelaaret si frelsa, og held fram med sitt sjølvgode liv etter sitt heile sterke hjarta, dei er fangar i grunnen.

 

Dei er syndi sine fangar.

 

Fyrst eigenleg sjølvskapens fangar - for sjølvskapen er grunnsyndi - dinæst fangar under dei mange ymse synder og verdi, som leider dei, som fangevaktaren leider sin fange etter lekkja. Aa kor ovmod, æresykja, havesykja, hat og ovund, usanning og baktale, ureine tankar og lyfter, vonde dagar, menneskjeotte o. s. f. kann halda eit menneskje i fangenskap!

 

Men dei er ogso fangar under lovi sin dom. Dei er gjeldsfangar, som ikkje kann sleppe ut, fyrr dei hev betala den siste peningen.

 

Desse fangar er dertil blinde, so dei ikkje ser kor vondt dei hev det. Dei ser ikkje faaren med aa vera i fangehuset, og dei ser ikkje utvegen, endaa døri er lati upp.

 

Dei er undertrykte, paa alle maatar ille medfarne. Deira rett er krenkt, og deira eigedom er fraa dei teken. Deira namn er tilsulka, og æra deira er teki fraa dei. Det dei er skapte for, fær dei ikkje verta, men det som er imot deira sanne natur lyt dei liva fyre. Paa det faafengde lyt dei øyda sine krafter, men det som hev verd og varar, fær dei ikkje arbeida for.

 

Alt dette gjerer Jesus sitt jubelaar ein ende paa.

 

Fangarne vert frie, løyste or syndi si magt, og løyste or skuldi og domen. Dei fær gaa ut i Guds naades ljose dag til aa tena honom som hans frie born i rettferd og sanning.

 

Dei blinde fær syni att. Dei ser no klaart det, som fyrr var dult for deim - seg sjølv som dei i sanning er, og Gud som han i sanning er. Dei ser kvar dei er komne fraa, og dei ser den vegen dei skal vandra. Dei ser Guds rikes blomar gro her i den syndige verdi, og gled seg i Guds herlegdom.

 

Dei undertrykte kjem til sin rett, som er den evige menneskjerett fraa byrja av, det aa vera i Guds samfund. Dei fær vera seg sjølve, fylgja sine djupaste traadomar som menneskje, skapte til Gud. Dei fær eit nytt namn, og dei fær ei ny æra. Og dei fær atter njota dei eigedomar, som fra [sic] byrja var etla dei.

 

So store ting ber Kristi jubelaar i sitt fang.

 

Det er idag kyrkjeaaret sin nyaarsdag. Portarne opnar seg til eit nytt Herrens aar med sin naade og sine gaavor. Det er Kristi jubelaar som atter vert ropt inn. Lurtonarne av hans evangelium ljodar atter yver verdi.

 

Aa høyr desse tonar, alle fatige syndarar! Tak imot den fridom og frelsa som atter vert bode fram! Kom og vert luthavande i Kristi sæle jubelaar her i tidi og der i all æva!

 

Amen.

 

 


Frå Ordet um krossen. Vangiljebok. Preikor fraa prestar og lækmenner i den norske kyrkja yver tridje tekstrekkja i kyrkjeaaret utgjevne ved Henr. Kaarstad. Bergen: Lunde & Co.s forlag 1907. Side 1-5. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad