Kom, pinse-ånd, og vekk til liv

(Salme, 1923)

Av Johannes A. Barstad

Kom, pinse-ånd, og vekk til liv dei daude bein i dalom!
Kom snart og fager bløming giv til haust i himmelsalom!
Kom, kveik din guddoms-brand kring kvar ein dal og strand,
so folk må strøyma fram, ei ottast håd og skam,
men brenna for Guds æra.

Kom, pinse-ånd, og hjelp kvar ein som stundar etter frelsa.
Det mange gjeng med hjartemein, å, giv deim sjelehelsa!
Gjer levande det ord um Jesu nåde stor,
so folk må fata mod og trøysta på det blod
som er til soning runne.

Kom, pinse-ånd, med visdom din og spreid dei myrke tokar,
som sveiper tusund hjarto inn i tvil og tankeflokar!
Å, lat det glade bod med nådens himmelglod
få renna fram som sol og skina gjenom skjol
til folk som sit i myrkret.

Ja, Jesus, send di ånd og kveik det liv du ser vil trena!
Du veit det mange var som sveik då deg dei skulde tena.
Send Anden til din flokk, so nåden vert deim nok,
so trutt dei standa må, kor hardt det røyner på,
di kraft i veikleik syna!