Stille, stille! Jesus lider

(Salme, 1949)

Av Johannes A. Barstad

 
Stille, stille! Jesus lider
Blodet brenn, og sjeli kvider,
Det er faste tid!
Pinfullt er kvart steg han stiger,
Trøytt og sår han saman siger
I den store strid.

Bleik og blodut, spotta, slegen,
Gjeng han lydig pinsle-vegen
For den vonde verd.
Klungerkrynt han tolsam gjenger.
Nagla til ein kross han henger,
Medan verdi lær.

Understore guddoms-kjærleik,
Lat meg kjenna i din nærleik
Varmen av din eld!
Lat meg deg i hjarta hysa,
So du kann på vegen lysa
Meg til siste kveld!


Frå Nynorsk salmebok for kyrkja, heim og skule. Fjorde upplaget. Med tonar. Oslo: Det Norske Samlaget 1949. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad