Å, til himmelen

(Salme, 1949)

Av Hallvard Bergh

Tone: Jesus, dine djupe vunder, nr. 242.

Å, til himmelen eg stundar!
Hjå min Far finst mange rom;
Når i siste svevn eg blundar,
Tak meg til din herlegdom!

Lægste sessen set meg på,
Lat ein tenarplass meg få!
Giv eit rom åt meg og mine,
Giv oss rom imillom dine!

 


Frå Nynorsk salmebok for kyrkja, heim og skule. Fjorde upplaget. Med tonar. Oslo: Det Norske Samlaget 1949. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad