Brennevinet gjer, det blanda aldri gjer

(Artikkel, 1907)

Av Hallvard Bergh

 

I.

 

Eg var fleire hundrad kilometer vestanfor Chicago og tenkte meg aat New York. I det same eg svinga inn i tunet paa jarnvegsgarden, slatt vognferdi ut paa hi sida. Hadde eg vore um berre 1/2 minutt tidlegare aat! No vart eg att standande og fekk sanna ordtøket: "Dagarne, jamvel sekundi, er dyre eignelutir."

 

Eg var ovende annsam. Det var sètt tid og time, daa eg laut til aa bauka i lag med New York sine 3 1/2 millionar innbuarar.

 

"Kor lenge er det til næste ferd '?" fréga eg.

 

"6 timar. Men det stend ei kveiteferd reidug, ho gjeng um 5 minuttar, og der kann du faa vera med," svara uppsynsmannen. "Ho kjem aat Chicago mest sam­stundes med den, som nett er fari."

 

Ja daa var det rettast for meg aa vera med her. Eg steig inn og var einaste ferdamann. Det gjekk skjott igjenom Minnesota og ein snipp av Jowa. Me kom aat den namnspurde elvi Mississippi, ei med dei lengste i verdi. Ho er so breid som ein fjord og renn seinvore. Daa me var over komne, bar det att i vegen, mest so fort som vinden blæs. Inne i skogholti timde me gardar, ender og daa ein stor ein med kvit bygnad og illraud laave; men oftast var husi reint smaae og graae, jamt berre ei liti stogo, eit kveitehus og ein stor, halvrotin halmstade. Inne i den hadde dei fjoset sitt - slikt det var. Skulehusi aat folkeskulen var alle etter ei myn­ster - smaae stogur med eitt rom i og med ei liti sval framfyre døri. Dei hadde vore kvitmaala, men var graana taa det stride regnet og den glødande soli. Ifraa fyrr visste eg, at skulehusi var noko-lite romslegare, enn dei ruvde for, at pultarne var lettlege aa sitja i, og at det var nøgdi av gode kart etter veggjom. Men slik ei vasking og turking, som det no er i skulestogurne her i Norig, saag ein aldri i Amerika. Folk er for annsame der, maa vita.

 

II.

 

Det var 8 mann til aa styra denna store kveiteferdi. Me hadde ikkje vore lenge i lag, fyrr eg skyna, at so udana og fæle gutar hadde aldrig eg havt noko samsvall med. Det var 2 skift, og dei, som ikkje hadde tenest, brukte mykje av fritidi til kjekl, drikking og kortspel. Eg vart reint rædd og hadde vilja stiga av i ein by ved Mississippi, men hadde alt greidt ut for skjutsen radt aat Chicago.

 

"Pengarne, me fekk hjaa deg, hev me kjøpt brennevin for, tak dei so att!" svara ein av gutarne. Hine garpa og log aat detta og gapte, so at eg saag langt ned i halsen paa dei. Det var ei uvild, at eg hadde gjeve meg i lag med slike uvyrdur. No laut eg vera hjaa dei vegen fram, det var ikkje onnor raad.

 

Daa me var over Mississippi komne, tok det til aa kveldast. Etter som det myrkna, vart det fælare og fælare staak paa dei; vissa var ein irlendargut grov til aa ­fylla seg og bera seg aat som ein slask. Det beid ikkje ­so ljott eit ord, at ikkje han tok det i sin munn. Han leitte etter slike og tykte, det var ei lyst aa velta seg i søyla og i gorrputtarne plent liksom grisirne sumars leite. Naar ein av kameratarne sette honom paa eit nytt skjem­darord, daa kneggja han og sælka seg og herma det upp att og upp att, so han kunde kræsa seg med det og minnast det til sin døyande dag.

 

Sume dyr èt berre det som ròte er og mugge og ult. Naar det steggjar stygt av det, og makken krek og relar seg i det daa fyrsta er maten etter deira smak.

 

Plent soleis var denne guten. Lort og ureinske valt or munnen paa honom dagen lang, og so lenge tunga hans orka veima og banna.

 

Det var ogso ein norske med paa ferdi, ein gut som nyst hadde vorte vaksin. Han var mest likso gaput og raabarka. Dei høyrde baae til same skift; men norsken aga seg daa, so han ikkje vart so overlag full. Irlendar­guten baud seg til aa læra meg spela kort, "so fær du leika med og slepp sitja stura ved glasruta og træla med denna skarveboki di," baldra han og skaut kortstokken.

 

"Kom no daa, gut !" tok han til att. "Men fyrst smakar me paa ein dram. Med den skal du vigslast inn i vaart lag. Daa vert du vaksin kar og turr attan øyro." Han kjekste ei brennevinflaske og slo haugen paa eit stort glas aat seg og so eit aat meg. "Skaal, gut, skaal for Jupiter! Hu og hei og haatt!" javla han og svinga glaset med dirrande hand.

 

"Nei, elles takk!" svara eg.

 

"Ved Jupiter, du skal drikka, tosken! No høyrde du, Pat sa det, og han èt aldri upp att sine eigne ord!" ropte han sint.

 

"Nei takk!" sa eg; "brennevin smakar eg aldri, og ikkje andre rusande drykkir heller," svara eg hugfast.

 

"Kvifor, um eg torer vera so nasavis aa frega?" beit han.

 

"Eg hev lova mor det," svara eg.

 

"Oho! Er du slikt eit grønt horn!" hekste han med svivyrdande mine og tonefall. Hine skrattelog og sanna med honom. Eg raudna lukt ned paa halsen, for eg visste, at det med ordblommen "grønt horn" meintest ein toskin stakarskrok. "Ja so - eh? Du hev lova mama det ­- eh?" togg han npp att og ol sinne. Men daa skal eg syna deg det, guten min, at denna lovnaden skal verta lygn i din kjeft!" skreik han myrkraud i andlitet. "Nette vesle mama di gjorde deg til ein skarv og ein ljugar, ho, dentid ho hadde deg til aa lova detta; det var plent det, ho gjorde," baula han.

 

Det er aldri lett aa vita fyreaat, kva drukne gutar kann verta ville for; svaret mitt hadde gjort honom galin. Han treiv eit ølglas, halla det drabbende mett med sterkt brennevin og kom so skjanglande burt aat til meg med det. Dei hine gutarne log. Eg hadde venta studnad hjaa den norske gutten; men han berre gapskratta, slo i bordet og ropte:

 

"Det var jaumi rett! Gjev deg ikkje, Pat! Vil han ikkje drikka, so renn det i han - hahaha haahaahaa huhuhu!" Han krøkte seg i hop og log.

 

Eg sat so livande rædd og skoda etter, um det var vaagande aa hoppa ut or vogni; men ferdi gjekk med fullt gòv, og regnet hylja ned. Det hadde det elles gjort heile dagen. No var det kolande myrkt ute; vognirne skok og skrala, riste og klakka; og vinden ylte. Det var ikkje høyrande manns maal, minder me mest skreik til kvar­andre. Det hadde vore den visse daude aa taka eit sprang­hopp ut i svarte myrkret. Og meir med di: Han Ola skyna tankarne mine, flaug upp og stellte seg med ryggen mot døri, medan irlendaren og ein herdebreid tyskar stod over meg og meinte so til, at eg slapp ikkje, fyrr eg hadde tømt glaset og stava det ordet som stod i botnen paa det.

 

Eg gret og bad kjære vene og sa, eg var ikkje van til aa drikka brennevin, korkje mykje eller lite. Men dei lydde ikkje etter; dei var ørville, allvissa irlendaren. Han var trotin med og sodin i andlitet av fyll, og han naut seg berre maatelegt. Og slik som han tala! At ei menneskje skapt i Guds eige bilæte kann laga seg so til! Aa du aa du! Ein kunde meint, at han nyst var sloppin ut or eit daarehus. Jaumi var eg komin i godt lag no lel! Det er ikkje trulegt, at Daniel i løvehola kjende seg usælare enn eg i dag. Dei kunde snøgt drepa meg med detta giftige brennevinet sitt, ottast eg.

 

III.

 

l det same dei stellte seg til aa bruka vald og truga meg til aa tørna det ovstore brennevinglaset, stana vogn­ferdi og det so braatt au, at irlendaren tvingla burt i hin veggen og slo det sundt. Uppsynsmannen, som hadde serskilt rom, og som hadde halde seg der, stakk hovudet inn gjenom ei dør og ropte: "Flaumen er komin! Will og Ola tek kvar si lykt og ser etter, um brui er farande!" Dei av garde, so fort som dei skulde vøre kasta. Eg steig ut paa tramen i eine enden av vogni. Det var kolmyrkt rundt ikring; vinden ylte, og regnet skrappa imot vog­nirne; nede paa marki høyrde me vatnet rann og susla og suste. Det hadde vore ovanbaar i 2 dagar; men no var det daa fælare enn alt.

 

Um eit bil kom gutarne i fullt sprang attende og ropte: "Brui er trygg !" So rulla vognferdi lenger, men varlegt og taugt. Trast var det ei onnor bru. Tvo mann sette i vegen med lyktir, men kom snart attende og ropte: "Kjøyr av garde!" Paa den vis lét det ganga fleire vendur. So var det eit langt snertande, der det ingi bru beid - over 20 minuttar. Gutarne hadde gjøymt flaskurne, glasi og kortstokken. No sat dei stille og lurra og sov; rett som det var tok dei til aa leda paa seg att; snart vakna dei heilt.

 

Eg hadde ikkje smakt mat, sidan eg fór heiman, hadde no fasta i 18-19 timar. Otten og denne uhorvelege skakingi hadde au slite paa meg, so eg var all og segin.

 

"No lyt me vera paa vakt i heile natt," sa tyskaren. Dei andre sanna med og brukte harde ord um flaumen.

 

"Di me ikkje fær kvila, tek me oss ein dram," baldra irlendaren, leitte fram att flaska og halla i eit glas aat kvar.

 

"Sjaa, kor bleik ikring nebbi skuleguten vaar er," sa han Ola.

 

"Det veld han sjølv, naar han er slikt eit "grønt horn," svara irlendaren haadleg.

 

"Smak paa ein dram, du med !" bad ein gamalvorin mann, som nyst var inn komen or hitt vaktskiftet; han var heilt ædrug; "du besnar av det," sa han og halla i eit glas aat meg.

 

Eg kjende meg veik og ovtrøytt; det vanta ikkje stort paa, at eg var sjuk. Kanskje me i natt fekk bruk for all den styrke, me var eigande ogso. Lovnaden mintest eg vel; men eg visste det med, at ein kunde drikka lite­vetta brennevin til medicin. Og no var det torvirne til medicin. Eg smakte paa brennevinet fyrst og sat og kjende etter, kva verknad det hadde. Jaumi kvìkna eg av det. So tømde eg glaset og takka.

 

Men daa log kararne. Aa, kor dei skratta! Det var forsètt au det. "Ser du guten du! Han kjem seg!" baldra irlendaren. "Hadde me han i skule 8 dagar, so drakk han som ein linsekk!" ropte han og svor paa det.

 

"Han kom til aa stela brennevinet vaart, so ørgalin vart han etter det; og me fekk ikkje doggi," sa han Ola Norske. Dei var samde um det desse 3, at det var emne i meg til ein dugande drykkjebolt. Detta var ilt aa høyra paa; men det var jaumi vel til maate. Tosk var eg, som let meg lokka til aa drikka!

 

Me kom aat ei onnor bru og laut stogga, til dess kararne hadde vore stad og røkt etter, um ho var farande. Jau, dei trudde ikkje anna. Me slap heilbrigda over ogso; men dei var ottesame og sat reint som paa sitt liv, daa me hadde elvi beint under oss.

 

Ei ny bru. Tvo mann av garde med lyktir; trast etter sende uppsynsmannen endaa 2 mann til. Dei vart snøgge og ropte gjenom svartmyrkret og dei brusande regnkavarne: "Midtstykket er burte!" "Plent her stend me paa eit laaglende," sa uppsynsmannen; "det er den faar­legaste staden, me kunde gjeva oss til paa. Fram slepp me ikkje; so lyt me attende - nokre kilometer i minsto," sa han. Ferdi tok til aa rulla taugt og trøytt attende. Daa me rokk den brui, me sist hadde fare over, hadde vatnet rive ho med seg; no var det 3 store elvir, der det fyrr var ei liti ei. Alle mann samlast og samraadde seg. Heldt flaumen ved og vaks, so var det meir enn utrygt for vognferdi paa denne staden. Endaa verre var det, at folki heller ikkje kunde hava nokor von um aa sleppa heilbrigda her ifraa. Men paa hi sida aat den nedre elvi var det ei liti høgd, og der laag det tvo gardar. Slapp me dit, var me berga, og daa fekk det ganga som det raakte med kveiteferdi, meinte styrismannen. Og dei andre var samde med honom i detta.

 

Vognferdi rulla taugt og tungt fram til att; det var berre so mykje ho karra. Eit lite snertande ifraa brui vart det stans fot aalvor, og elden sløktest under kjelen.

 

Kvar mann fekk si lykt. No skulde me nedaat brui alle. Fyrr hadde eg site inne og berre høyrt og set paa, koss hine træla. Dentid eg steig ut i regnstormen, kjende eg fyrsta, kor hovudør eg var vortin. Svoltin og ovtrøytt som eg hadde vore, hadde drammen sètt aat hovudet paa meg. No var eg so svimrin, at eg skjara. Eg skjemdest. Folki mine skulde berre visst, eg hadde drukke, til dess eg ikkje stod stødt paa føtom! Aa du, aa du! Heller ikkje skilde eg klaart! Det var som det skulde reke skytovar tett framfyre augo paa meg.

 

Me skreiv alt den 16de november. Vatnet var noko­lite kaldt, og det rokk oss radt upp paa smalleggen. Utmed jarnvegen var det meir enn 1 fot djupare, sa styrismannen, og me saag det fløymde og rann som ein strid straum.

 

Det var høyrande til, at elvi hadde skòre seg ned i ei gil. Ho sjoga og susa og braut og dunde. Eg heldt meg helst attanfyre dei hine; ned ved elvi trengde eg meg likevel fram i ljoset; men ørin som eg var etter den sterke og drjuge drammen, steig eg ustødt, og heilen arbeidde tungt og seinvore.

 

Med eitt tok sanden til aa aka burt under føtom paa meg. Eg seig og gleid og gleid og seig; det gjekk mjukt og lint, men so eldande fort at eg ikkje fekk tenkt meg um.

 

"Quicksand! Quicksand!" ropte styraren ende over seg av rædsle; i same augneblink, som eg heldt paa og ok ut i det dynjande, sjogande djupet, hogde han neven i trøyekragen paa meg og rykte meg attende og det so braatt med, at eg tvingla i koll i den kalde vassdemma, der me stod.

 

Det er for lite aa segja, eg kvakk. Ræddhugen slo ned over meg, so eg bìvra og skolv i kvar sìn og segi. Hadde styraren, som trulegt var den einaste heilt ædrue mann til stades, hadde han vore nokre augneblìk seinare aat, so hadde folkemagt ikkje orka frelst meg ifraa dauden.

 

Kararne braut laus ein lang 4toms planke, som dei etter mykje stræv endeleg fekk skote over paa det andre ­brustykket. Det var meiningi, me skulde krabba over paa den. Daa me skulde til med det, sa styrismannen beint nei. Det var for faarlegt, syntest han; det var som aa gjeva seg dauden i vald. Me vassa daa attende til vog­nirne.

 

Men flammen [sic] steig og steig. Det verste var, at han hola utor sanden under jarnvegen. No og daa høyrde me jordklakar losna og datt. Alt i eitt skrangla og skrall det i vognhjulir, som seig og glatt djupare ned. Fyrr me visste ordet av det, kunde vognrekkja velta ut i straumen, som stendigt auka og fløymde stridare og stridare. Koss i heile verdi skulde me daa bletta oss! Hadde her endaa funnest eit skogholt, kunde me alltid ha berga oss ei stund uppe i toppom. Men det beid ikkje eit tre paa mange mil.

 

Det gjekk ein time eller meir. Vinden skok i vognirne. Regnet hylja ned. Vatnet steig og grov og hola. Vatnet var ein fiende, som ikkje trøytna og som ikkje visste, kva medkjensle er; for honom galdt eit manneliv ikkje meir enn ein søyleklump eller ein stein. Me orka ikkje sitja i denne otten lenger. Det vart ogso tydelegare og tydelegare, at me hadde liti eller ingi von um aa lìva til morgons, var det so me gav oss til her; aa krabba over paa planken var som aa bera livet i neven; men fór ein varsamt aat, so -.

 

Hadde me havt eit reip til aa binda kring livet paa den, som skulde krabba over, ja daa kunde me fiska han til oss att, um han hadde tvingla ned; men kor skulde me taka det fraa?

 

"Eg byd 1000 dollars for ei linreip!" ropte tyskaren. "Eg byd 2000!" svara Ola Norske.

 

"Me fær knyta i hop frakkarne vaare," gat vognstyraren paa; og han gjorde ein freistnad med det, men saag snart at detta toget ikkje var aa lita paa. Og so vart det so, tungt med; alt i alt var det verre enn inkje.

 

Me tok nokre lyktir og fumla oss fram langs etter ­jarnvegen. Elvi dunde og susa og braut, so det var meir enn øgjelegt. Den enden av brui, som me stod paa, bìvra og rìga. Ein kunde trutt, han vart utrivin tid for tid.

 

Han Ola batt lykti paa eine oksli og baud seg til aa krabba over fyrst, for alle hine evde seg og var uhuga. Ja, han sette i vegen. Me stod med anden i halsen og saag paa. Det gjekk seint, men det gjekk stødt; jau, han kom over. Daa vart det vel ei glede og fagning paa oss alle.

 

So ropte han paa den norske skuleguten. Det fyrste, det beste, meinte han. Eg var ottesam og meir enn det; men den kalde laugen hadde gjort meg klaar i skallen. No kom det ogso vel med, at eg hadde lært gymnastikk. Men ovtrøytt og ut-arma som eg var i dag, er det ikkje til aa undrast paa, um hjarta bìvra, dentid eg krak burtetter den smale planken, medan regnet auste ned, og den sjo­dande fossen sende fraudskvett paa fraudskvett uppover meg. Han Ola ropte til meg paa norsk alt i eitt, so eg baade skulde høyra, kor han var, og venda tankarne fraa djupet under meg.

 

Jau, det gjekk vel; men daa eg var over komin, slagga sveiten av meg; det hadde leitt paa styrken. Eg trivla etter handi hans Ola og klemde ho av full avle. Eg var so takksam baade imot honom og hine. No hadde eg lært aa kjenna desse uvyrdne gutarne ifraa ei onnor sida. Dei hadde beinka til med meg og hjelpt, alt dei evla. Eg hev sidan ofte røynt, at det gjeng seint aa læra ei menneskje aa kjenna. Mange løyner det gode hjarta under eit eller anna uvandt plagg. Menneskjurne er jamleg likare enn ein kunde tru.

 

Sidan krabba dei hine over, og det so snøgt som raad var. Einast styrismannen og irlendarguten stod no att paa hi sida. Irlendarguten var ikkje reint ædru vortin endaa og naut seg berre so maatelegt. Dei var alle ottesame for honom og undrast paa, korleis dei kunde gjeva honom ei hjelpande hand. Men det var mest umogelegt; her laut kvar strida for sitt liv; det var ikkje onnor berging. Han likte ikkje detta svallet og svor og forbanna seg paa, at han skulde krabba over so lett som aa eta seg mett; det turvde ingin syta for honom. Dei store ordi hans døyvde ikkje otten og aggen hjaa kjenningarne hans; daa han endeleg laut gjeva seg i vegen, la styrismannen seg ned paa brukjeret og studde honom, so langt han kunde naa; han Ola tøygde seg utover paa hi sida og laag reidug til aa taka imot den arme kroken. Aa jau, det gjekk vel - ei stund; men best det var kanta han av planken og datt som ein stokkende ned i kvite fossen. Me høyrde eit skrik fullt av rædsle. So var det ikkje meir.

 

I dette svartmyrkret og denne øgjelege flaumen var det ikkje talande um aa leita. Me freista fleire vendur. Det var so fælt aa ganga der ifraa og lata honom vera att aaleine.

 

"Høyr, det skrik, det skrik!" ropte han Ola. Me lydde, einlydde. Igjenom dei skjerande, ylande vindflagurne, som takomtil var ved og skulde kasta oss i koll, skar det ein serskild ljod. Men daa me rett saag oss til, so var det ­fossen, som sleit med seg bruendarne. Flaumen hadde ­auka umaatelegt; men me stod no trygt paa den vesle høgdi. Um morgonen so tidlegt, so tidlegt som det timde av dag, fekk me folk med oss. Heile den vesle dalen var ­som ei einaste elv. Og alle sa: "Guten er ikkje leitande etter; no er han hundrad mil her ifraa." Likevel slutta ingin med leitingi og gjekk heim, fyrr alle vonir var freista. Neinei. Alle mann gjorde sitt beste.

 

Men han var burte og vart burte.

 

* * *

 

Naar eg ser gutar, som vil nøyda eller efla eller narra kvarandre til aa drikka rusande drykkir, so minnest eg med sorg og ræddhug irlendarguten Patrick og ser foreldri og systkini og godfar og godmor hans, kor dei vatt fingrarne og gret og tutra, daa dei hadde lese brevet um hans usæle lagnad.

 

Brennevinet det øyder liv og lukke og velferd. So i det eine landet, so i det andre. Det drep og tyner folk ­ned og er fælare enn svartedau'en.

 

Aa - gjev det vart lov og rett i Norig, at ingin, som, ikkje kunde syna setel ifraa dokter, fekk kjøpt ein einaste drope av rusande drykkir!

 

Frå Hallvard Bergh: Den godhjarta kona og fleire nye sogur med 21 kromotypie og 21 andre bilæte. Kristiania: Olaf Norli 1907. Side 54-65. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad