Hallingdal

(Dikt, 1903)

Av Hallvard Bergh
 

Du væne Hallingdal under fjellom
med fagre heimar paa alle hjellom,
der folket liver sitt arbeidsliv,
med' soli skin og med' snjoen driv.

Du væne vang etter fjorde-strendom
i Aal og Hol og i Nesjargrendom,
der bur eit helsugt og upplyst folk,
for rett og sanning vil vera tolk.

Du væne Hallingdal upp aa stølom
med bjølleklong ifraa alle kjølom,
fraa alle lidar og kvar ei kinn;
og jamt og samt spelar tinkla inn.

Der hjuringgutane sprett og dansar
og gjæter feet med vakne sansar,
at ku og ukse og sau og geit
maa ganga roleg og verta feit.

Men snart er krøteri god' og mette;
det ter seg ut, at dei vel var gjætte.
Og guten kliv upp aa høgste nut;
han talmast ikkje taa sorg og sut.

For munnen set han den luren lange,
daa ljomar slaattar og tonar mange.
Og gjenta svarar paa prillarhorn;
det er leik og lætt paa dei glade born.

Smaaborni krinkar og sprett kring mori,
og sjølv ho hev dei paa stølen bori.
No prim ho kokar og kinnar smør
og spøtar sokkar og rokken trør.

Og Hallinggutane er so kaate:
Naar spelemannen tek til a laate,
dei spenner taket og kvirvlar kring
og snur si gjente som ingin ting.

Du Hallingdal lyt faa vænleiks-kruna;
men vænast er du i helgarbunad,
naar mann og kvinne aat kyrkja traar
og kviskrar bøni og stryk ei taar.


Frå Hallvard Bergh: Fraa Fjord og Lid og Fjell. 10 Forteljingar med 1 Kromotypie og 6 Bilæte. Kristiania: Olaf Norli 1903. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad