Snjoplogen (utdrag)

(Forteljing, 1903)

Av Hallvard Bergh

1. Kva vil du verta?

Torstein Bondeby var paa 7de aaret; bror hans - Tormod heitte han endaa - vart 6 til hausten.

Det var ein skynug litin kar, han Torstein, og stød; di meinte mama, han høvde reint umframt til prest.

"Nei," mælte papa; "han er for sinna og - for sterk med. Naar folk ikkje vilde vera ute-paa snilde og bitala offermælen i rettan tid, treiv han Torstein dei trast i luggen, han, og riste og skok dei som ei vaat huve. Men det vilde kje søma seg for ein fredeleg prestemann, som skal vera til spegil og eit godt fyridøme i bygdi. Eg røystar for, at vesle Torstein vert jordbrukar. Daa fær han temja denna ovstyrken sin paa desse forvillande store graasteinane, som det er so velsigna mykje taa her paa Bondeby. Dei kultane skriv ikkje klagebrev til bispen, um han er hosta hardhendt ved dei. Var det likt seg det! Steinane trivst grepa, naar det kjem ein slik sterking og endefetar dei av burt i røysane, so aakrane kann verta reinska for ugras-bol og bera i lassevis med raudstrindut bygg og triveleg rug til tjukke kakur og hardstampa graut aat svoltne barnemunnar. Dei er nok heilt paa toppen so fegne, graasteinane daa. Di smell og smalar det so i dei, naar me skyt dei i fjom. Det skal vera hurra-skriken deira, me høyrer, maa vita, naar mina flyg laust. -

Ja, det er ei sers god gjerd, det aa rydja og planta. Hadde kje vaare fedrar vori so glupe til det, so hadde me vori buande i øydemarki enno. Takk og ære skal dei hava i si grav kvar og ein!" sa papa.

Torstein gruna noko-lite paa denna tala. Ja, det var kje villast vera bonde. Elles hadde no han største hugen til verta snjoplog-dragar, for han aatte ein litin snjoplog, som han og broren hadde karra og dregi paa alle dagar, sidan den kvitklædde vetteren var komin.

Tormod var ein litin gneiste so kvik og livande, at han fauk inn og ut og alle stadir paa ei halv-snuande rid - forare enn hunden loppar seg.

"Du lyt pikadet verta skreddar du, som er so lettvinn," sa papa.

"Undrast, um det ikkje vørte ein makalaus klokkar taa 'om?" frega mama. "Naar han ski'leg syng ut, di han fær kje søt mjølk attved grauten, daa ljomar det plent som 6 klokkarar skulde standa røysta seg. Lærarane hev rett til aa lugga all smaagut au, slikt dei berre hugast. Og eg hev sett, han Tormod vaar er skapa med eit umframt lag til finna ut, kvar godtfolk hev hedna si," svara mama. "Jamvel hanen skrik, naar han ser fingrane hans Tormod tek til krøkja seg," sa ho.

Sprettande so vak stod Tormod og saag henne beint i augo, med' ho tala. Ho held seg fælande stød, men inst i vinstre augne-kriken hennar vart han stird paa ein ørende litin ful-igell. Dentid han gav gaum paa det, sat det plent maken - berre lite-vetta større kanskje - i augne-kriken hans papa au. Di skyna vesle Tormod radt, det var kje anna jaale-svall, ho fór med, og han sette daa snøgt laas fyri munn og tagde som ein stein.

Elles visste han so for mykje vel det, han visste, og det var det, at han hadde beste hugen til kaupa seg vengir, fljuga fraa den eine blaae tiinden til den andre og raada til rettes uhorvelege snjokavar, so han Torstein broe kunde ha nøgdi aa bauka ti med den greske snjopplogen sin, som var kaatare og galnare enn jamvel den ville, brune hesten aat far aat skulemeistaren.


2. Smaagutane fær abesa.

"Antel de vil verta snjoplogdragar hell luftsiglar, so lyt de læra lesa og skriva lel," sa papa, ein dag han hadde vori paa tinget og kom att med "Den fyrste boki aat barnet".

Ho var meistar so snodig. Og alle dei væne bilæte seg! Jaddi var det grepa bok, var det! Det lyt leitast vel, fyrr ein raakar innpaa maken. Paa attaste sida stod det teikna ut ein modig ruskar taa ein raud hane, reint ein frikar paa ein aksjon, og tri svarte hønur og endaa ein heil raig med nasavisa kjuklingar, som var so øre etter mat og magafyll, at dei visst gjerne buka i seg baade makk og flugur, mindre dei hadde det, som likare var.

"Naar de kann denna boki fraa bræde til bræde og ikkje stiktar paa eit einaste ord," sa Kari gjenta, "daa tek dei tri svarte hønune til kappverpa, hanen flaksar med vengjom, briskar seg og gjel i eitt læte, og kjuklingane seg! Dei er no morosamnast lel dei! Ja, de trur det vel ikkje de; men dei renner beint i synet paa kvarandre og kampast med agnir ut i nordavinden," fortalde Kari.

Ho hadde elles ein sers u-taatt med det, at ho gjekk smaa-laug att ibland, naar ho svalla ved gutar, som endaa sleit paa fyrste hell andre brøkane sine.

Torstein og Tormod visste um detta lytet og spurde mama, um det var sant det, som Kari hadde rimsa upp no.

Ja-a, mama kunde ikkje segja det so ski'leg plent, di det var kje skildra ut hønur i den abesa hennar. Han papa hadde vori stor so ovende lengi, at han sisst hadde gløymt, koss det er vera smaagut. Soleis gagna det kje frega honom heller, trudde mama. "Men berre les, so fær de alltid sjaa det sjølve," sa ho.

"Dentid eg var reidug med siste radi," fortalde Kari meir, "daa flaug den raud-gyllte tuppen, som var likso byrg som han Paal uppi, - daa flaksa tuppen hovudstup ende beint ut or abesa, vagla seg paa sengestolpen og skar i til aa gala:

"Ho Kari e-er gi-ild! Ho Kari e-er gi-ild!" gol han. Du skulde aldri slik bask ha sétt i all din livande dag! Huttemegtu! Det var kje høyrande mannamaal inne, ikkje eingong ni kjellaren. Ho laut riva taa seg sokkebandet sitt og vikla det ski'leg hardt kring nebben paa'n, si han vilde syngja det ut yvi all verdi, tuppen, kor umframt dugeleg ei gjente ho Kari var vorti, som hadde lært ut abesa daa. Men det lyt vera eit maat paa alt. Ein kann for skam skuld ikkje standa lyda paa slikt ovlæte um seg sjølv, ma," sa Kari. Og dette var sant med, maa-vita.

"Og hønune varp so fælende fælt med egg, at han Eirik broe og eg, me vann kje ei dusti anna steikja pannekakur, til det musta fleskesvord yvi heile skulekrinsen, ja kanskje so langt som det rauk or peispipom, og me aat og aat og aat eggjekakur, til me stanka baae," sa Kari.

"Krøteri et, til dei stankar, men aldri folk," svara smaagutane, snyrkte paa nasen og grein.

"Ja, de hev rett i det; men eg visste kje det eg," svara ho. "Eg var kje mæt kjebba, og han Eirik var endaa mindre, ma. Ja. høyr no, koss det gjekk. Kjuklingane dei spratt au fram paa golvet og hednedrog kvarandre paa harde livet. Til slutnads vart hanen so sinna paa dei, at han kjekste dei i luggen og skok dei. Daa vart det likare. Dei skyna alt so mykje, at han vilde baska fyrst sjølv og halda staak, det han hugast. Det stilna trast; men dei hadde blødt so fælt, at ho gamle godmor sa, me gjerne kunde hengja innpaa klubbe-gryta. Dentid han far kom heim til maals, vart det herre yvi herre: Han vilde kje vita taa slik skrumpe-stogu og endefeta heile høne-fylgjet paa døri. Men me hadde daa unøpi med egg fraa den dag, og tuppen sette seg stendigt paa stogu-taket og nid-gol, naar det var tid for oss til eta," fortalde Kari.

Detta var ei løgleg sogu, tykte gutane.

"Ho lyg no kje alt, ho Kari heller," sa Torstein.

"Inkje ski'leg, so det er visst sant dette," svara Tormod.

"Hev de høyrt, skulen er ventande?" frega mama, som nett kom inn.

"Aanei,aanei!" ropa baae og spratt i ball-hopp yvi golvet til henne.

Han papa svalla ved læraren paa valet og hev brev med til alle bornom i krinsen her, at dei skal møta i skulehuset 14 dagar i morgon til," svara mama. "Det er nenne kje for tidleg, de tek til med boki. Du fær syna dei, du Kari," baud hona.


3. Smaagutane lærer bokstavane.

Kari sette seg so byrg i høgsetet med Torstein paa eine sida aat seg og vesle Tormod paa hi.

"Detta er A, bokstaven aat 'om Andris, tenestguten," sa ho.

"A, bokstaven aat 'om Andris tenestguten," hermde dei.

"Detta er B. Det er berre minnast, kva lambi segjer, naar dei hev vingla seg fraa mor si. Kva heiter'n so?"

"Be-e-e-e!" brækte baae gutane i kapp og lo.

"Jaddi er det morosamt lesa lel!" ropa vesle Tormod burtyvi aat henne mama, som sat spann og lydde paa dei.

"Og kva trur de denna heiter?" frega Kari og kjende seg so inn-byrg, di ho hadde stegi til lærarinne. Ho peika paa C.

Dei stod fast, hadde aldri sétt den bokstaven i all sin livande dag. Vesle Tormod bende seg hit og dit og hitta paa mangt. Det muna kje. Til slutnads freista han bita seg i nasatippen. Det hjelpte kje det heller. Namnet kom han ikkje paa.

"Hva' kalder vi den kvitsokken, som gaar saa deiligt paa stuegulvet?" frega ho og blanda inn lite knot.

"Berrfot," svara dei.

"Han haver et andet namn au, ma."

"Ja - Hund," sa Tormod.

"Rett, min brave gut; jeg er stolt av dig," svara ho og hermde etter gamle-presten, di det gaus yvi henne ei høgtids-rid. Ho var lærarinne no, og hadde soleis rett til aa tala paa stort, i vissa anna-kvart ord. "Men, mine børn, me kalder ham C med, ma, og denna bokstaven heder plent saales'n," sa ho.

"Løglegt, at han er uppatt-kalla etter hunden vønn, hehehe," lo Torstein.

"Kva er detta for ein rugg?" Ho peika paa A.

"Bokstaven hans Andris guten," svara Torstein.

"Rigtigt, min søn! Men kva heiter'n? fregar eg."

"Andris guten daa, veit eg!" sa han Torstein att.

"Du daa, lakjen! Hev du høyrt vituge folk svalla um bokstavar, som kallast Andris?" beit ho og var morsk.

Dei furta ei rid, alle tri.

"Seg A!" hekste ho.

"A," hermde Torstein med laagt maal; men Tormod klemde lippane ihop og tagde dørgen still.

"Og denna?" Ho peika paa B.

"Be-e-e-e, be-e-e-e-e-e-e-e-e!" brækte baae, so høgt dei orka, og skratsle-lo.

"Det var glupt. Men de tarv kje draga so langt ut. Ein gong er nok. Og denna?" Ho sette fingren paa C.

"Berrfot," song Torstein.

"Hund au!" ropa vesle Tormod.

"Eg meiner, de er det kje eg!" [Note: E. m. de er stupande, kokande, hoggande, kløyvande, klorande galne!] beit ho og slo nuvane i bordet. "C heiter'n, det hev eg sagt fyrr!"

"Ja, men Se er det same som Hund det, ma," svara Tostein og var sinna, di ho lo aat dei og hekste.

"Og hunden vønn heiter 'Berrfot', det hev han papa sagt," kveste Tormod og gjorde ein snøgg slett med den laange, kvite luggen, som hadde segi ni augo hans. "Berrfot, Berrfot, Berrfot! - Sjaa der! Kom'n kje hit og frikla med rova?" ropa Tormod byrg.

"Du er visst ikkje so sprenglærd og ovklok, som du gjev deg ut for, du Kari, naar du ikkje veit namnet paa alle bokstavane," mulla Torstein.

"No skal eg lokka!" beit ho og sprang burt aat omnen. "C C C! Korleis var det gute-daltar? Skyna'n det?" ropa ho likso byrg, for hunden bykste yvi til henne.

"Hev me sagt anna, me daa!" kveste Torstein. "Men Berrfot er no rette namnet lel, kva du segjer, Kari!" Torstein var so ill, at augo hans stod trillande runde.

"Berrfot heiter'n, Berrfot, Berrfot, Berrfot," mulla Tormod. "Sjaa, hunden kom som han var kasta, berre eg sa detta ordet."

"Du er ein rar ein, du Tormod!" grein ho.

"Eg tykkjer, du Kari er fælande mykje rarar enn han Tormod, eg," pjokka Torstein.

"Aa for eit pargas de er! - Du mama, smaagutane trur, me hev ein bokstav, som kallast Berrfot, hahahaha!" ropa ho og lo kaldt og hædande.

"Du sa det sjølv fyrst!" svara Torstein.

"Det løgst du det!" hekste Kari og legg i bordet.

"Eg høyrde de eg au, ma," vitna Tormod.

"Eg sa han heitte C, toskenakkane!"

"Ja, men C og Berrfot og Hund er det same de ma," sa Torstein att.

"De kan hoppa yvi denna bokstaven til i morgon," baud mama.

No vart det ei lang furterid. Ingin hadde fengi rett.

"Dette er bokstaven min, det," sa Kari, daa det leid paa. Ho peika paa K. Kva heiter'n so?"

"Kari," svara baae.

"Hahaha hehehe hihihihihihi! Trur de, det finst bokstavar som kaallast Kari au no? Jau, det er ski'leg klokingar! De vert no visst prestar de - minst det. Hahahaha hahahaha!" Ho skrata og gapte, so smaagutane saag langt ni svelgje-motet hennar. Der laag det eit eple-fløs; det hadde haka seg fast med eine enden i vinstre jakslen paa nedre sida. Smaagutane sat furta, men dentid dei vart stird paa det svarte fløset, daa laut dei gapa og læja, dei med. Dei skratsla, til dei hikste.

"Bokstaven heiter K huhuhuhu!" garpa ho.

"K huhuhuhuhuhu!" hermde dei med grovt maal.

Ho vart sint for detta, men lést ikkje gaa. Dei las ei stund; so var dei hjaa K att.

"Bokstaven din detta," sa Tormod og gjorde seg smørblid.

"Ja; men kva namn hev han?"

"Kari huhuhuhu huhuhuhu," skrata baae.

"Kallar de'n Kari oftare, so luggar eg," skræmde hona, hard i maalet.

V lærde dei fort. Kva er det me brenner paa peisen?" spurde ho.

"Flis og raa'bar," sa Tormod.

"Og ved au," svara Torstein.

"Du Torstein hev rett. V heiter'n." Ho peika paa U. "Seg U."

"U u," hermde dei.

"Kari huhuhu," kviskra den ful-igelen Tormod.

"Kva var det du sa, Tormod?" Ho drog paa seg sinne.

"U u," svara han, so stød som ein skulemeistar.

"Gløymer de'n," so klyper eg," hota hona. Um litevetta peika ho nett paa den bokstaven. Dei stod reint skorsette. Ho treiv kvast burt i armen hans Tormod.

"U u u u!" belgja han. "Mama, ho Kari klyper uuuuuu!"

"Hahahaha! Du hev sagt det 6 gonger no, Tormod. Bokstaven heiter U, so som du sa; men du tarv kje remja so høgt; eg er kje dauv, ma."

Ho kneggja og lo. Gutane lika seg ikkje i skulen; dei furta, og lengi fekk ho kje ord eller ljos taa dei. Ho peika paa B. Denna morosamne bokstaven var dei kje menne til standa imot.

"Be-e-e-e-e-e, be-e-e-e-e-e, be-e-e-e-e-e! brækte dei, ho lo og brækte og brækte og lo i eit læte og hermde etter smaa-kidlingom.

"De er meistars glupe," skrepte ho; "men de tarv kje draga det so langt ut. Ein gong er passe. Og denna?" Det var C ho meinte.

"Det er han Se detta," svara dei.

"Og denne her?" Dei stod dørgende fast.

"Stir burt i ved-rói!" baud hona.

"Flis, nei brisk, nei raa-bar, nei ved," gat Tormod paa.

"Det var dugelegt. V er det. Og denna?" Dei gruna djupt, saag upp i taket, ned paa golvet, kring alle veggir og inn i andlitet hennar Kari. Rett som dei sat, kjekste ho Torstein i nasen og klemde aat; den hi klói hennar slo som ein hauk ni den ljose hedna hans Tormod og ryskte og skok.

"U u u u u u u! U u u u u u u!" illskreik baae, so det knall i veggjom.

"Ja, det er plent rettigt det; han heiter U, hahahaha," garpa hona; men dei var tintrande sinna.

"De fær leggja ihop," baud mama. "Du Kari lyt skunda deg hengja innpaa graute-emnet; karane er ventande paa øgne rappet."

Abesa og boke-pinnen vart gjøymde i skaapkastet, di Hallgrim Stautgut og Liv Snildgjente gjekk stabba og staaka paa golvet. Og etter bøkar og papir var dei haske som gapande løvur.



Frå Hallvard Bergh: Fraa Fjord og Lid og Fjell. 10 Forteljingar med 1 Kromotypie og 6 Bilæte. Kristiania: Olaf Norli 1903. Elektronisk utgåve 1998 ved Jon Grepstad