Sally

(Roman, 1994, utdrag)

Til Amerika fór dei, i hundrevis, frå bygdene her. Det var på åttitalet, i nittiåra, og det neste tiåret. På to føter fór dei, den eine: draum, den andre: fattigdom. Ein del av Amerika-fararane kom aldri heim att. Dei vart der borte, i det store landet der vest. Nokre få snudde seg ikkje eingong for å gje livsteikn. Men mange av dei som fór, kom heim. Dei stod der ein dag. Dei kom, dei tok med seg ein kjærast, ei kone, eit minne frå ein fjord, ei vik, og fór så att. Nokre av Amerika-fararane kom heim for godt. Olaf Torlen var ein av dei. Han stod der ein dag, ved luka framme på "Søndmøre". Båten stemnde inn Sandsfjorden, med skorsteinen steil og røyken lågt.

No banka hjartet hans fort. No var han her, som ein velhalden mann. Alt hadde han med seg. Felekassen var der, bunden til koffertane, alle tankane var der. No skulle han vere med å skape moderne bygder i dette landet. Dei brune hestane hadde han selt i all hast. Geo. Brynjulson skulle ordne med salet av farmen, Brynjulson med skiltet "Cheap land for sale" ved sida av vinutsalet. Og vinutsalet skulle han gøyme for godt. Han hadde teke avskjed i styrtregnet. I Chicago fór automobilane bortover gatene. Om bord på R.M.S. "Baltic", på veg heim, var det dans kvar kveld. Det var farga girlandrar i salongen, og ei mild duving i skipet. "Søndmøre" la til ved Neset. Han steig i land. Han hadde snøresko, hatt, dress med vest. Ragna sprang til. Tok han om halsen. Sally stod fram, stoppa. Han såg bort på henne. Ho byrja å springe. Han tok henne opp, på strak arm, lyfte henne i véret, såg på henne, sette henne ned.

 - Goddag, dotter mi, sa han.

Å, som ho kjende armane rundt seg! Ja. men det var så rart. Ho sperra augo opp. Ho såg, for fyrste gong, og såg ein gong til. Kvar var appelsinkortet, det med alle dei lysande prikkane? Kvar var det? Ho ville snu seg. Kvar var sjøen, med dei glitrande bylgjene? Mamma. Kven var denne mannen?

Byggjetida vart ei stor og livleg tid. Olaf Torlen tinga han Storegjerde til byggmeister, som hadde vore i læra både i Stockholm og det Trondhjemske. Storegjerde både teikna og bygde, heldt på den gamle stoveforma, berre i mykje større format, hadde ei svip av sveitsarstil, med utskjeringar i tre og veranda med stolpar ved inngangen. Det nye huset på Dale reiste seg. Stokkar skein. Det vart eit solfylt år. Det var god lukt av trevyrke og sagflis. Olaf Torlen fór der med hatten, hadde sveitteflekkar under armane, veifta med teikningane, og baud at verandaen oppover måtte vere stor og romsleg, slik han hadde sett det i Bowdon. Tunet skulle no vere speglvendt, med gjødselkjellaren og det gamle vendt bort. Stort skulle det vere. han svinga seg. Han klappa seg på trøya der setleboka låg, kjøpte ørvesle Hondalen av kapteinen, blankt kontant, til kårgård. Han dreiv på. Eitt og anna amerikanske ordet datt or han. Så snart huset var under tak, flytte han fram. Han la golv, gjorde ein del av finsnekringa sjølv, ved sida av at han dreiv garden. Han strekte seg. Han gjorde eit ærend for Ragna ein dag. Han rodde over fjorden med telefonbod til ein kar. Han rodde tilbake. 

_________________________________________________________________

Frå Oskar Stein Bjørlykke: Sally. Samlaget 1994. Side 18-19.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2015.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
__________________________________________________________________