Soga um Volsungane (utdrag)

(Omsetjing, 1923)

Omsett av Torleiv Hannaas

1.

Her tek soga til, og gjet um ein mann som er kalla Sige. Han skulde vera son til Odin. Ein annan mann er og nemnd i soga, ein som heitte Skade. Han var megtig og mykje fyre seg. Men Sige var den gjævaste og ættstørste av deim, etter det folk sagde i den tidi. Skade aatte ein træl som kjem noko paa tale i soga. Man [sic] heitte Brede. Han skyna seg væl paa det han hadde aa gjera. I idtrotter og dugleik stod han jamsides dei som tottest meir verde, og i sume ting framum deim.

Det er no aa segja at ein gong gjekk Sige i veideskog, og trælen var med. Dei veidde dyr heile dagen alt til kvelds. Men daa dei bar saman veidni si um kvelden, daa hadde Brede veidt mykje meir enn Sige. Sige totte det ovleg leidt at ein træl skulde vera betre veidar enn han. [Dei tok paa og trætta um dette, og enden vart at Sige slo Brede i hel, og grov liket ned i ei fonn]. [1] No fer Sige heim um kvelden, og segjer at Brede hadde ride fraa honom i skogen. «Og med eitt var han ute or augneleitet for meg, og eg veit inkje um honom.» Skade grunar paa det Sige segjer, og gjet paa at han fer med svik, og at han maa ha drepe trælen. Han fær ein mann med seg til aa leita, og leitingi lyktar so, at dei finn honom i ein skavl. Skade segjer at den skavlen skal dei kalla Bredefonn her etter. Og det hev folk halde uppe sidan, og no kallar dei kvar ei stor fonn so. No kjem det upp at Sige hev drepe trælen og myrdt honom. Daa kallar dei honom varg i veum, og no kann han ikkje vera heime hjaa far sin lenger.

Odin fylgjer honom no burt av landet, so lang ei leid at det bar i det store, og slepper honom ikkje fyrr han hev hjelpt honom til herskip. No tek Sige paa og legg seg i hernad, med det fylgjet som far hans gav honom fyrr dei skildest. Han vart sigersæl i hernaden, og det gjekk so at han umsider fekk herja til seg land og rike. Di næst fekk han seg eit godt gifte, vart ein megtug og djerv konge og raadde yver Hunaland, og var den største hermann. Han hadde ein son med kona si, som heitte Rere. Han voks upp der hjaa far sin og vart tidleg stor av vokster og kjempe kar.

No gjerest Sige gamall. Han hadde mange ovundsmenner, og til sist reiste dei seg imot honom, som han trudde best, og det var brødrene til kona hans. Dei kom yver honom daa han minst vardest og var faalida imot. Dei hadde stor yvermagt, og i det møtet fall Sige med heile hirdi si.

Sons [sic] hans, Rere, var ikkje med i den faaren. Han fær so stor hjelp av venene sine og landshovdingane at han eignar til seg baade land og kongedøme etter far sin. Og daa han tykkjest ha fenge fast fot i riket sitt, minnest han dei sakene han hadde med morbrødrene sine, som hadde drepe far hans. Kongen samlar seg no mykje folk og fer imot frendane sine med denne heren. Og det er deira eigi skuld, tykkjer han, um han lite mæter frendskapen deira. Og det gjer han, for han gjev seg ikkje fyrr han hev drepe alle banemennene aat far sin, so stygt som det enn var paa alle vis. No eignar han til seg land og rike og gods, og vert gjævare mann enn far sin. Rere fær seg so mykje herfang, og ei kone som høver honom. Dei liver lenge saman, men fær ingen erving og ingi born. Det likar dei baae ille, og dei bed hjarteleg til gudane at dei maa faa born. Det er sagt at Frigg høyrer bøni deira, og segjer til Odin kva dei bed um. Han er ikkje raadlaus, men tek ynskemøi si, dotter til jotunen Rimne, og gjev henne eit eple og bed henne føra det til kongen. Ho sat ute paa ein haug, og ho let eplet falla i fanget hans. Han tok det, og tottest vita kva det skulde tyda. So gjekk han heim av haugen til mennene sine, og han fann dronningi, og ho aat noko av eplet.

2.

Det er no aa segja at dronningi snart finn det at ho mun vera med barn. Men det gjeng lange tider og ho kann ikkje faa født barnet. Daa kjem det til det at Rere skal fara i leiding, som sedvane er med kungane, og freda landet sitt. I denne ferdi hende det at Rere fekk sott og di næst bane, og han etla aa fara til Odin, noko som mange fyste etter i den tidi.

No fer det fram sitt same med vanhelsa aat dronningi. Ho fær ikkje født barnet, og soleis gjeng det seks vetrar at ho hev denne sotti. No finn ho det at ho kann ikkje lenge liva, og ho bed at dei vil skjera barnet ut. Og so vart gjort som ho bad. Det var eit sveinebarn, og sveinen var stor av vokster daa han kom til, som ventelegt var. So er sagt at denne sveinen kysste mor si fyrr ho døydde. Han fekk no namn og vart kalla Volsung. Han vart konge yver Hunaland etter far sin. Tidleg vart han stor og sterk, og djerv i alla slags mannrøyne og karstykke. Han var ein stor hermann, og sigersæl i dei slagi han hadde paa herferdene sine.

Daa Volsung var fullvaksen, sende Rimne honom Ljod, dotter si, som fyrr er nemnd, daa ho for med eplet til Rere, far aat Volsung. No tok han henne til kone, og dei var lenge saman, og godt var samlivet deira. Dei hadde ti søner og ei dotter. Den eldste sonen deira heitte Sigmund, og dotteri Signy. Dei tvo var tvinnlingar, og i alle ting dei fremste og emnelegaste av borni til kong Volsung, endaa dei alle var mykje fyre seg, so det lenge hev vore halde uppe og vorte til eit gjetord kor storfelde Volsungane hev vore og framum dei fleste folk som er nemnde i fornsogone, baade i klokskap og idtrotter og all slags kapphug.

So er sagt at kong Volsung let gjera ei medgjeti hall, som var so laga at der stod eit stort tre inni. Greinene stod med fagre blomar ut um taket, men leggen stod nede i halli. Det kalla dei barnstokk.

[Note]
[1] Her er handskrifti skadd og ulesande.
 

Frå Soga um Volsungane. Umsett fraa gamalnorsk av Torleiv Hannaas. Gamalnorske bokverk utgjevne av Det Norske Samlaget (Landsmålslaget). Oslo: Det Norske Samlaget (Landsmålslaget) 1923. Side 11-14. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad