1. kapittel: Tid og æva

Av Peter Hognestad

Eg var barn eingong, og daa kom æva til meg. Ho saag paa meg mildt og kjærleg som ei mor, og samstundes totte eg ho var so ung og fager.
         «Kom, so skal eg fortelja aat deg,» sa ho. Og ho fortalde um himmelen so det lyste av englevengjer kringum meg. Men hjarta vart fyllt av gleda og bivrande lengting paa same tid.
        Sidan vart eg vaksen og møtte tidi. Ho dansa imot meg so frisk og kaat. Kor ung ho var! Eg totte reint æva vart gamall imot henne.
         Tidi lokka so eg vart trylt. Sjølv vilde eg vera ung, men daa laut eg gløyma det gamle og slaa lag med det yngste. Burt med æva og alt det gamle ho drog med seg! Tvo sorgfulle augo saag langt etter meg daa eg gjekk, men eg sprang etter tidi.
         Ho kunde med aa fortelja tidi og. Men ho heldt seg til jordi og jordlivet. Ho fortalde soga um livet som alltid skifter og alltid vert nytt. Ho lasta det gamle og prisa det nye, lova meg vokster og framgang som aldri tok ende. Vilde eg vera ung, laut eg fylgja tidi.
         Hadde ho ikkje rett? Fraa dag til dag fekk eg sjaa noko nytt, opendagingar og uppfinningar i arbeidslivet, og i aandslivet krudde det av nye tankar.
         Tidi sprang i eitt jag fraa nytt til nytt, og eg fylgde med i jaget. Men ein dag kjende eg at eg trøytna. Kva slag? Skulde eg ikkje vera ung og sterk? Nei, verkeleg tok haaret til aa graana og panna vart full av rukkor. Og det kjendest som hjarta skrukna inn i barmen, og hugen vart so underleg tung.
         Alltid hadde eg stridt for den nyaste saki. Men kva hjelpte det? Skulde eg faa tid til aa strida ho igjenom, so kom det straks ein annan fyre meg med ei endaa nyare sak. Og han skjelte meg ut for ein gamall etterliggjar og bakstrævar.
         Tung og leid vart eg, og full av harm. Eg gjekk til tidi og klaga meg. Kvi kunde ho ikkje halda meg ung naar eg fylgde henne so trutt?
         Men daa saag eg noko som eg ikkje hadde merka fyrr. Tidi var gamall sjølv. Alt det unge og fagre ho hadde briska seg med, var berre sminka som ho smurde paa seg. Under sminka var det fullt av fæle rukkor. Di meir ho stræva med aa vera ung, di eldre vart ho. Di forare ho kom med noko nytt, di snarare vart det nye gamalt.
         Eg fekk meg ein lang stur av dette. So kom eg til aa tenkja paa mor æva fraa barneaari. Kor gamall maatte ikkje ho vera no! Men det fekk vera det same, ho var daa ærleg og sminka seg ikkje. Eg gjekk og leita ho upp att.
         Men daa eg kom til æva, laut eg undrast. Ho var ung og fager som eg saag ho i barneaari. Og dei kjærlege augo hennar lyste av usegjeleg gleda av di eg kom til ho att.
         Eg hadde skilt lag med henne av di eg ottast aa verta gamall i hennar fylgje. No hadde eg fylgt tidi og var gamall vorten, men æva var like ung.
         Daa skyna eg at æva er baade eldre enn tidi og yngre enn tidi. Ho einaste eig ungdom og kann gjeva ungdom.
         Jamvel tidi kann faa ungdom av æva. Naar ho skil seg fraa æva og skjeller ho for gamall, daa vert ho sjølv gamall med maset sitt. Men kvar gong ho for aalvor ser æva i augo med hjærleik og tiltru, daa finn ho ungdomskjelda som strøymer innanfraa. Daa kastar ho sminkekrukkorne sine, for daa er ho ung um ho enn gled seg i det gamle.
         No skyna eg skilen paa millimeter-framstig og reformation med kjempe-stig. Reformation vert det naar tidi møtest med æva og vert so ung, at ho ikkje skjemmest av aa setja gamalt i høgsætet. Verkeleg nytt og ungt er slikt som ikkje vert gamalt att, slikt som kjem ifraa æva.
        Lat so andre gleda seg kvar gong tidi finn seg ei ny sminkekrukka, eg gled meg kvar gong tidi finn æva.


Frå Peter Hognestad: Preikaren. Ei bok um bjartsyn og svartsyn paa livet. Kristiania: H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1915. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad