2. kapittel: Kain og Abel

Av Peter Hognestad

Den eldste soga i bibelen lyser so fagert av straalar fraa paradis. Men ho svartnar braatt av myrke skuggar, ho lyt fortelja um eit jordliv utan paradis. Menneskja var skapt i Guds bilæte og var god; men ho fall i synd og vart vond. So vart ho ut jaga or paradis og laut prøva eit jordliv som laag under forbanning.

No er det tvo maatar aa taka eit slikt jordliv paa. Ein kann segja: Skaden er ikkje so stor. I meg sjølv eig eg magt til aa vinna yver hindringarne, og jordlivet let seg laga soleis at det vert framgang og vokster. Her hev me det me kallar optimistisk syn, som me sidan skal prøva aa faa meir greida paa. Men ein kann og segja: Jau skaden er reint ubotleg stor. I meg sjølv eig eg ingi magt, og jordlivet kann ikkje sjølv vinna att noko paradis. Nei, paradiset maa koma att fraa Gud sjølv. Det er pessimistisk syn paa livet.

Denne motsetning finn me straks i den eldste mannasoga i bibelen. Ho syner seg alt i dei tvo fyste borni som kjem til paa jordi, so i tvo ætter, og sidan dreg ho seg gjenom heile soga. Det stend fortalt at Eva «fødde Kain» og «fødde Abel». Kven som gav dei tvo gutarne namn, vert ikkje sagt. Men i næst siste vers av same kapitlet segjer for­teljaren beint fram at Eva gav broren Set namn.

I bibelen er namnet ikkje berre ein tom klang, men hev si visse meining og skal oftast nemna noko som er sermerkt for den som ber namnet. Naar mori eller faren gjev barnet namn, kann det vera ein spaadom eller eit ynskje um kva barnet skal verta.

Um Kain synest forteljaren vilja segja at mori anten hev gjeve namnet eller i minsto gjeve høve til aa nemna guten so. Ho segjer: «Eg hev fenge ein mann med Jahves hjelp!» «Eg hev fenge» heiter paa hebraisk «kaniti», og det vert tydeleg sett i samanheng med Kain. Men det hebraiske ordet tyder ikkje beint fram faa for inkje, det kann vera faa for betaling, kjøpa, eller faa fram noko som ein sjølv arbeider med. Um Gud kann ordet beint fram tyda «skapa». Sume vil daa lata Eva segja: «Eg hev fenge fram ein mann med Jahves hjelp». Ho legg vegt paa at det mykje er hennar eige verk. Kain laut daa tyda noko som «skapning» eller «vinning» eller kanskje «eigedom», noko som eg hev vunne og difor eig.

Paa arabisk kann Kain tyda «smed», og det kunde nok høva paa Tubal-Kain, men mindre paa den fyrste Kain. I alle fall vilde det ordet ganga ut ifraa ei rot som tyder faa i stand, laga noko. Smeden er den aktive, den som skaper nyttige ting av det harde metall. Smeden vert liksom mynstret for ein skapar, difor tek me og dette ordet i djupare aandeleg meining naar me segjer at kvar er smed for si eiga lukka.

Soleis samlar det seg til ein glad og stolt klang i namnet Kain. Vel segjer Eva at det er med hjelp fraa Jahve ho hev fenge guten, men ho legg samstundes vegt paa at ho hev vore med, ho er noko av ein skapar ho og. Eller i minsto hev ho no ei vinning, ein eigedom, og det er ein mann, segjer ho. Det hebraiske ordet ho brukar, kann tyda noko sterkt og gjævt, mest som naar me segjer: Han er ein mann! Um det skal hava den meiningi her er ikkje godt aa segja. Kanskje det skal vera modergleda som ropar, at dette vesle barnet er ein mann liksom Adam. Det er sume som trur at Eva tenkjer paa den lovnaden som var gjeven til kvinne-ætti um striden mot orme-ætti. «No hev eg alt den mannen som skal taka upp striden og føra han til endes.»

Med store voner hev ho set paa den vesle mannen som var komen til verdi. Og kvi skulde den fyrste mori vera annleis enn dei mange millionar møder som sidan er ætta fraa henne. Moderauga ser med von inn i det blanke barneauga. Men tusund paa tusund av slike voner hev vorte brotne, og alt Eva, den fyrste mori, laut lida det syrgjelegaste vonbrot.

Eva fekk ein son til, og han nemner me med namnet Abel, det er græsk uttale av det hebraiske Habel eller Hebel. Det stend so stutt fortalt, at sume hev tenkt at Kain og Abel var tvillingar. Men det er ikkje rimelegt at soga er meint so; det stend berre «ho fødde Abel, bror hans.»

Det hebraiske ordet for Abel tyder ein pust, og dinæst noko inkjevetta eller faafengt. Sume meiner daa at slikt namn laut vera sett paa han sidan, daa dei saag at han so snart maatte lata sitt unge liv. Men soga meiner nok at det var eit namn som han bar medan han livde. Dei hev funne eit assyrisk ord ablu, som tyder son, og meint at det kunde liggja til grunn i namnet. Daa kunde jamvel Eva hava sett det namnet paa andre guten sin. «Son» kling ikkje fullt so høgt som det «mann» ho ropa ut fyrste gongen.

Men me kann godt taka namnet i si hebraiske meining: faafengd. Eva kann hava havt grunnar nok til aa setja eit slikt namn paa guten, liksom t. d. Rakel kalla sin yngste son Ben-Oni d. v. s. min ulukke-son. Eva hev kome til aa tenkja meir paa det burtkomne paradiset, og ho hev røynt at jordlivet utan paradis er ikkje so godt aa greida. Den frelsa ho lengta etter, kom ikkje so lett og snart, dei ljosaste voner vart mest upp i inkje. Liksom namnet Kain ropa ut voni, so talar namnet Abel um vonbrot, det er som ein tung sukk: Faafengt!

Luther meiner at Kain sidan hev vore grumguten aat Adam og Eva, medan Abel hev vore tilsidesett. Det skal syna seg i arbeidet. Kain fær det ærefulle arbeidet aat far sin, Abel det vanvyrdslege gjætar-arbeid. Men so hev ikkje sogeskrivaren meint det. Foreldri kann hava elska Abel likso mykje som Kain. Om Kain fær Adams arbeid i arv, so er det av di han er den eldste, og fe-al er den næringsvegen som heng nærast i hop med jordbruket.

Abel driv med smaafe, sauer og geiter, daa lyt han mest halda til i utmarkerne og heidarne, i steppelandet. Men det gjeld for gjætaren aa hava hjarta for dyri og stella vel med deim. Den gode hyrding hev bibelen sidan bruka til bilæte paa Gud med hans kjærlege umsut. Lik­som det mest spørst etter hjartelaget hjaa hyrdingen, so gjeld for jordbrukaren det klaare vit og det sterke arbeid. Med arbeidet sitt skal han dyrka jordi, faa meir utav ho enn ho elles vilde gjeva. Dyrking heiter kultur paa latin, og jord-dyrking er mor til all kultur.

Soleis kunde me segja at arbeidet teiknar Kain som kulturmannen og Abel som mannen med hjartelag, endaa me ikkje vil gløyma at fe-al er og kultur, og jordbruket treng og hjartelag. Men mest kjem skilen millom dei tvo brørne fram i religionen. Dei vilde baae tvo tena Gud med ei offergaava. «Og Jahve saag blidt til Abel og gaava hans, men han ansa ikkje Kain og hans gaava». Korleis brørne fekk vita dette, er ikkje sagt. Sume hev tenkt at Gud sende eld fraa himmelen til aa kveikja Abels offer, eller at røyken steig upp paa ein serleg maate fraa hans altar. Men kva var so grunnen til at Jahve ansa det eine offeret og ikkje det andre? Det finst tolkarar som hev meint at Jahve lika betre sauehyrdingen enn jordbrukaren. Men det kann ikkje vera meiningi. Snarare kann me sjaa nokon skil i den gaava dei gjev. Ikkje det at den eine gjev dyre-offer og den andre grøde-offer. Men um Abel stend at han gav »[sic]dei fyrstlembde lambi, det vil segja feittet deira». Han gav det beste. Um Kain stend berre at han gav av grøda paa marki, liksom meir paa slump. Dette peikar innetter paa hjarta, og forteljaren syner tydeleg at Gud saag paa personen og ikkje berre paa offeret. «Jahve saag blidt til Abel og gaava hans, men han ansa ikkje Kain og hans gaava.»

So maa det vera noko personlegt med Kain som skil han fraa Abel og vekkjer mothug hjaa Gud. Me ser han vert brennande harm daa Gud ikkje ansar gaava hans. Det er liksom han hev vilja gjort Gud ei velgjerning, difor harmast han naar Gud forsmaar gaava hans. Kain er den stolte, sjølvhjelpte, som meir vil hjelpa Gud enn han tykkjest turva hjelp av Gud eller skylda Gud takk for gjevi hjelp. Um det no ikkje stend noko um Abel, so er vel meiningi likevel den, at han hadde det i sitt hjarta som Gud lika. Hebr. 11, 4 segjer med rette: «Ved tru bar Abel fram sitt betre offer enn Kain». Til tru hev alle dagar høyrt det aa vera fatig i aandi, so ein kjenner trong til Gud og bøygjer seg heilt for han. «For Gud stend dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han naade». Jak. 4, 6 eller Ordtøke 3, 34.

I tru paa seg sjølv og paa jordlivet hev Kain synt noko av den optimisme som namnet hans fortel um. Men Abel hev havt den pessimisme som svarar til hans namn. Denne pessimisme dreiv han til Guds naade, men dit kom, ikkje Kain med sin optimisme.

Kain ovundast paa bror sin; han kann ikkje lika denne som syner at «igjenom sorg og saknad til sæla vegen gjeng», for det vore gildaste aa hava ein maklegare veg. So slær han Abel i hel, det er den sjølvraadige bjartsyni som med magt vil tyna svartsyni. Men daa Abel ligg i sitt blod, ropar han berre so mykje høgre um det som namnet hans tyder. Den pessimisme som Kain vilde tyna, kryp inn i hans eigi sjæl med skjelvande rædsla. Um han so flydde til verdsens ende, vilde han høyra Abel-namnet ropa sitt faafengt! etter han. Abel kann ein nok drepa, men ikkje tyna, «han talar, endaa han er død» segjer Hebræarbrevet.

Fraa Kain kjem ei ætt som i mykje likjest paa ættefaren. Um Kain sjølv segjer Gud at han skal vera heimlaus og fredlaus, han lyt burt fraa Jahves aasyn, og so set han seg ned i landet Nod, heimløyselandet. Burte fraa Jahves aasyn er burte fraa gudsdyrking. Kain hadde drive falsk gudsdyrking, no skulde han vera utan gudsdyrking. Men ogso kulturlandet skulde han burt ifraa og ut i heidarne. So kom han burt fraa kultus og kultur.

Men so freistar han og ætti hans aa byggja upp ein kultur reint utan kultus, utan gudsdyrking, ser det ut til. Kain tek seg til aa byggja ein by og kallar byen Hanok etter son sin. Gud hadde dømt Kain til umflakkarliv. No er det ikkje godt aa segja um det var berre meint for ei stund, eller um Kain beint fram vil traassa Guds dom. Byen er ei samling av hus, um enn nokso liti, den skal gjeva vern og livd. Herifraa er upphavet til verds eg [sic] magt og til kongerike som fyrstundes var smaae byrike. So hev Kain gjort eit stort nytt stig fram i kultur.

Ein etterkomar av Kain heiter Lamek. Han tek seg tvo konor. Det ser me nok sidan er i bruk av og til hjaa israelsfolket, men soleis som forteljaren fortel um skapingi, kann det ikkje vera meiningi anna enn at Gud hev sigta paa eingifte. Lameks aatferd er daa eit nytt tiltak i sjølvraadigskap. Egteskapet er kome inn paa avvegar.

Lamek hev tri søner, og dei er kulturberarar alle tri. Jabal fører fe-alet lenger fram. Han driv ikkje lenger berre med smaafe, men og med storfe. Jubal slær seg paa kunst og finn upp harpa og fløytespel. Tubalkain  er smed, og det lyt me vel rekna baade for handverk og kunst.

Attaat dette er faren diktar, so no hev me baade den materielle kultur og aandskulturen i full gang. Men diktet av Lamek gjev oss syn paa kva slag aand det er i denne kultur. Diktaren talar til konorne sine og kyter av seg sjølv.

             Ada og Silla, høyr mi røyst,
             Lameks konor, lyd paa mitt ord!
             Ein mann eg drep for mitt saar,
             og ein svein for kvar skraama eg fær.
             For Kain skal sju gonger hemnast,
             men Lamek sytti og sju.

Hemnfus og stolt er Lamek, og no hev han fenge endaa meir mod ved dei vaapn som sonen hev smidt. Han vil ikkje berre greida seg utan Gud, men endaa betre enn Gud.

Soleis veks Kainsætti i kultur, men ho veks burt fraa Gud og gjer seg meir og meir sjølv til Gud.

Her bryt forteljaren av og gjev oss ein liten glytt inn i ei onnor ættesoga. Adam og Eva fekk ein son til, og Eva kallar han Set, det vil segja den som set eit nytt upphav. Ho segjer: «Gud hev sett meg ein annan ætting i staden hans Abel, av di Kain slo han i hel». Denne gongen segjer ho berre kva Gud hev gjort. Og han set inn att det som den stolte Kain meinte aa rydja burt. Optimismen drep pessimismen, men Gud set pessimismen inn att. Set og hans ætt kann me i grunnen kalla Abels-ætti.

Set fær ein son og kallar han Enos. Det namnet hev ingen stolt klang i seg, det tyder menneskje, men den upphavlege meining er den veike. No hev dei lært kva menneskjet verkeleg er. Det er Abels røyst som ropar sitt faafengt! gjenom denne ætti. Kva denne ætti gjorde for kulturlivet fær me ikkje høyra noko um for det fyrste, men dei gjer eit nytt tiltak i det aandelege liv. «Daa tok dei til aa kalla paa Jahves namn.» Dei som kjende seg sjølv veike, hadde bruk for Gud.

Kalla paa Jahves namn sigtar vel nærast paa bøn og paakalling, men sume vil og taka preika med. Korleis det er eller ei, so hev me her gudstenesta, som folk av Abels-ætti samlar seg til. Kain og Abel hadde nok halde gudstenesta med si ofring, men ho vart so braatt og fælt avbroti. No tek det til ei gudstenesta som kjem til aa vara, for sidan hev det alltid vore større eller mindre flokkar som hev samla seg um aa kalla paa Herrens namn.

             Kirken den er et gammelt hus,
             staar, om end taarnene falde.

Sidan ser me baade Kains-ætti og Abels-ætti draga seg gjenom mannasoga. Kain prøver gong paa gong aa slaa Abel i hel, men alltid naar Gud skal faa fram sine raadgjerder til frelsa, maa Abel faa tala gjenom si ætt.

Dei gamle folkesogor fortel um kjempor og risar som hev vore namngjetne for storverk. Men bibelsoga set ikkje slike kjempor svært høgt. I Mos. 6, 1-4 fær me vita at dei er avla i synd og fødde i misgjerning og fører berre dess snarare Guds dom yver mannaætti. Vil me taka «Guds-sønerne» um menner av Abels-ætti og «manna-døtterne» um kvinnor av Kains-ætti, so vil sogeskrivaren syna kor faarlegt det var med utidig samanblanding av dei tvo ætterne. Naar den store indre kraft og det lange liv hjaa Abels-ætti slo seg saman med ovmodet og kulturuppfinningarne hjaa Kains-ætti, daa vart det nok kjempor, men kjempor med Kains-art i seg, som traassa baade Gud og menneskje. Skulde me taka «Guds-sønerne» um englar som ord i ofte elles er brukte i bibelen, fekk me den meining, at manna-ætti er og vert verande «kjøt» um ho so blandar seg med englar. Det kann nok koma kjempor, men med all sin storleik vert dei dømde til undergang. Dei og lyt høyra eit faafengt! tona yver sitt liv.

Det er eit myrkt bilæte av mannaætti sogeskrivaren gjev oss. Det gode minkar meir og meir, og det vonde aukar reint grysjeleg. «Og Jahve saag at vondskapen var stor hjaa mannaætti paa jordi, og at alt dei tenkte og emna paa i hjarto sine, det var berre vondt all dagen». Her er ikkje stor tru paa det gode i menneskja, eller von um at ho skal betra seg sjølv. Nei dom og undergang i syndflodi er den einaste utvegen. Abels røyst vert rop um hemn.

Berre Noah fann naade hjaa Herren. Hans far heitte og Lamek, men han var ulik den storskrøytaren som me fyrr hev nemnt. Han gjer eit ordspel av namnet Noah og segjer: « Han skal trøysta oss i arbeidet vaart og i alt vaart slit og slæp paa jordi som Jahve hev forbanna». Her er Abels røyst med sukk og sorg yver tilstandet i jordlivet, men og med von um trøyst. Noah vart og verkeleg upp­hav til ei ny tid, daa Guds naade fekk rom og ikkje berre tynande dom.

Daa Noah ofrar etter storflaumen, segjer Jahve: «Eg vil aldri meir forbanna jordi for menneskja skuld, av di manna-hjarta berre emnar paa vondt alt ifraa ungdomen». Menneskja i seg sjølv hev ikkje vorte betre, ho ber det vonde i seg, ein syndearv, so Gud kunde nok framleides hava grunn til aa forbanna jordi, men no vil han prøva ein annan veg til aa stogga syndi: naade og frelsa ved offer. Her er den trøyst som kjem med Noah. Naade­vegen fører gjenom det utvalde israels-folket og like til Jesus Kristus.

Kainsætti vart tynt i syndflodi. Men ho veks upp att. I det som hender med Babel-taarnet syner ho seg stolt og sjølvtrygg som fyrr. Men Gud blandar Abel-røysti inn i det store tiltaket, og det uferdige byggverket lyt ropa sitt faafengt! ut yver den store sletta.

Det utvalde israels-folket skulde vera framhald av Abels-ætti. Abraham trudde paa Gud og gav seg heilt yver til han. Men sidan blandar mykje av aand fraa Kains-ætti seg inn i folket, og det vart ei tevling millom dei tvo ætterne her og. Millom profetarne fær me høyra Abel-røysti med sin pessimistiske tone, men Kain-røysti blandar seg og inn med ein falsk optimistisk klang.

Ein gong i folkesoga kjem det til ei heil uppgjerd millom dei tvo røyster. Abel-røysti ropar gjenom ei heil bok, den som me kallar Preikaren. Paa hebraisk heiter boki Kohèlet, det vil vel helst segja talar til ei folkesamling, med andre ord ein preikar.

I denne boki kjem Abel reint bokstavleg til orde. Ho tek til med dei ordi: Hàbel habalim, som me umset med faafengd paa faafengd eller faafengt, faafengt, paa norsk ofte med adjektiv der hebraisk brukar substantiv. Det hebraiske ordet er det same som namnet Abel, so boki samlar alle Abel-røyster gjenom tiderne i ein sum. Soleis vert Preikaren ei bok um optimisme og pessimisme, eller bjartsyn og svartsyn paa livet.

Red.merk.:
I boka er framhevingar med sperra skrift. Her har vi nytta kursiv. 

Frå Peter Hognestad: Preikaren. Ei bok um bjartsyn og svartsyn paa livet. Kristiania: H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1915. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad