3. kapittel: Preikaren

[Omsetjing]

Av Peter Hognestad

Ord av Preikaren son aat David, konge i Jerusalem.

Faafengt, faafengt! segjer Preikaren, faafengt, faafengt!
Alt er faafengt.

Kva vinning hev mannen av all si møda
som han møder seg med under soli?
Ætt gjeng, og ætt kjem
medan jordi æveleg stend.
Og soli renn, og soli glar,
og ho skundar seg att til staden sin
der som ho plar renna.
Vinden gjeng imot sud og snur seg mot nord,
han snur seg og snur seg
og kjem attende til kringlaupet sitt.
Alle elvar renn ut i havet,
men havet vert ikkje fullt,
dit som elvarne fyrr hev runne,
held dei alltid paa aa renna.
Allting strævar so ingen det ut kann segja,
ikkje vert auga mett av aa sjaa,
og ikkje vert øyra fyllt av aa høyra.

Det som hev vore, er det som skal vera, og det som hev hendt, er det som skal henda; det finst ikkje noko nytt under soli. Skulde dei segja um noko: Sjaa, dette er nytt! - so hev det longe vore til i fordoms tider som var fyre oss. Me hev inkje minne um dei som fyrr hev livt, og dei som sidan skal koma, vil ikkje heller liva i minnet hjaa dei som etterpaa kjem.

                              *

Eg, Preikaren, var konge yver Israel i Jerusalem. Eg lagde hugen paa aa granska og ransaka med visdom alt det som hender under himmelen. Det er ei leid plaaga som Gud hev gjeve mannsborni aa plaagast med. Eg saag paa alt det som hender under soli, og so var det faafengt alt i hop og jag etter vind. Det bogne kann ikkje beinkast, og det vantande kann ikkje reknast. Eg tenkte med meg sjølv: Sjaa no hev eg vunne meg større og rikare visdom enn alle dei som hev raadt yver Jerusalem fyre meg, og hjarta mitt hev set visdom og kunnskap i rikt maal. Eg lagde hugen paa aa skyna visdom og skyna vitløysa og daarskap. Men eg skyna at det er jag etter vind det og. For med mykje visdom du mykje gremmest, og aukar du kunnskap, so aukar du kvida. 

Daa sagde eg med meg sjølv: Kom, so skal eg prøva deg med gleda; njot det som godt er! Men so var det faafengt det og. Um laatten sagde eg: Han er vitlaus! Og um gleda: Kva gagn gjer ho? Eg kom paa den tanken, at eg skulde kveikja kroppen med vin, medan hjarta dreiv paa med visdom, og halda meg til daarskapen, til dess eg fekk sjaa kva som var best for mannsborni aa gjera under himmelen dei dagarne livet varer. Eg tok paa med store verk: Eg bygde meg hus, planta meg vingardar, gjorde meg hagar og parkar og sette alle slag frukt-tre i deim; eg gjorde meg vats-dammar til aa vatna ein lund med tre som voks upp. Eg kjøpte trælar og trælgjentor, hadde heimefødde trælar, ja ein buskap fekk eg meg og, kyr og sauer i mengd, meir enn alle dei som hadde vore fyre meg i Jerusalem. Eg samla meg ogso sylv og gull, og alt som kongar og land kann eiga, eg fekk meg songarar og songmøyar, og det som er tillyst for mannsborni: konor i mengd. So vart eg reint ovstor, større enn alle dei som hadde vore fyre meg i Jerusalem, og attpaa hadde eg visdomen min hjaa meg. Og alt det augo ynskte, lét eg deim faa, eg heldt ikkje hjarta burte fraa nokor gleda; for hjarta hadde gleda av all mi møda, og det var min lut av all mi møda. Men so gav eg meg til aa sjaa paa alle mine verk som henderne mine hadde gjort, og den møda dei hadde kosta meg, og daa synte det seg at alt var faafengd og jag etter vind. Nei, det finst ingi vinning under soli.

So gav eg meg til aa sjaa paa visdom og vitløysa og daarskap; for kva vil den mannen gjera som kjem etter kongen? Det som folk fyrr hev gjort. Daa saag eg at visdomen hev same fyremunen framfor daarskapen som ljoset hev framfor myrkret. Den vise hev augo i hausen, men daaren ferdast i myrkret. Men eg skyna og at same lagnaden raakar den eine som den andre. Daa sagde eg med meg sjølv: Den lagnad som daaren fær, den fær eg og. Kva gagn hev eg daa av det at eg hev vore so ovleg vis? Eg sagde med meg sjølv: Det er faafengt dette og! For minnet um den vise varer ikkje meir æveleg enn minnet um daaren. I dei komande dagar vil alt vera gløymt for lenge sidan, og lyt ikkje den vise døy likso vel som daaren?

Daa vart eg leid av livet, for det som hender under soli, tyktest meg vera vondt; alt er faafengd og jag etter vind. Og eg vart leid av all mi møda som eg hev mødt meg med under soli, av di eg lyt leiva det til den mannen som kjem etter meg. Kven veit um det vert ein vis mann eller ein daare? Og endaa skal han raada yver alt det som eg hev vunne med møda og med visdom under soli! Det er faafengt det og. Daa tok eg reint til aa orvonast for all den møda eg hadde mødt meg med under soli. For det hender at ein mann hev gjort sitt arbeid med visdom og kunnskap og dug, og so lyt han gjeva det fraa seg til eiga aat ein mann som ikkje hev havt møda med det. Det og er faafengd og ei stor ulukka. Ja, kva hev mannen att for all si møda og sine hugmaal som han mødest med under soli? For heile hans liv er ei pinsla, og hans stræv er leidelse, ja ikkje ein gong um natti fær hjarta hans kvila. Det er faafengt det og. 

Det er ikkje ei lukka som stend til mannen sjølv at han et og drikk og unner seg gode dagar midt i møda si. Eg saag at det og kjem fraa Guds hand. For kven kann eta og kven kann njota noko utan honom? For den mannen som er honom til hugnad, gjev han visdom og kunnskap og gleda. Men den som syndar, gjev han strævet med aa samla og draga i hop so ein som er til hugnad for Gud kann faa det. Det og er faafengd og jag etter vind.

                              *

Alt hev si stund, og kvart tiltak under himmelen hev si tid:
Fødast hev si tid, og døy hev si tid;
planta hev si tid, og riva upp det som er planta hev si tid;
drepa hev si tid, og lækja hev si tid;
riva ned hev si tid, og byggja upp hev si tid;
graata hev si tid, og læ hev si tid;
syrgja hev si tid, og dansa hev si tid;
kasta stein hev si tid, og sanka stein hev si tid;
fangtak hev si tid, og halda seg fraa fangtak hev si tid;
leita hev si tid, og missa hev si tid;
gøyma hev si tid, og kasta burt hev si tid;
riva sund hev si tid, og sauma i hop hev si tid;
tegja hev si tid, og tala hev si tid;
elska hev si tid, og hata hev si tid;
ufred hev si tid; og fred hev si tid.
Kva vinning fær daa den som gjer noko, av den møda han hev med det? Eg saag paa det strævet som Gud hev gjeve mannsborni aa stræva med. Alt hev han laga fagert til si tid, ja æva hev han lagt i hjarta deira, men so at menneskja ikkje kann finna ut fraa upphav og til endes det verk som Gud hev gjort. Daa skyna eg at dei ikkje hev noko betre enn aa gleda seg og goda seg so lenge livet varer. Men det aa eta og drikka og njota livet midt i all møda, det er og ei Guds gaava for kvar mann. Eg skyna at alt det Gud gjer, det varer æveleg, ikkje kann ein leggja noko til, og ikkje kann ein taka noko ifraa; og det hev Gud gjort so, av di me skal ottast han. Det som hender, hev vore til fyrr, og det som kjem til aa henda, hev og vore til fyrr; Gud leitar upp att det framfarne.

                               *

Framleides saag eg under soli: I domstolen, der sat uretten, og paa rettferds-staden, der var uretten. Daa sagde eg med meg sjølv: Den rettferdige og den urettferdige skal Gud døma; for hjaa han er det sett ei tid for kvart tiltak og for kvart verk. Eg sagde med meg sjølv: Det er for mannsborni skuld, for Gud vil prøva deim, so dei kann sjaa at dei i seg sjølv ikkje er anna enn dyr. For lagnaden aat mannsborni er som lagnaden aat dyri, ja same lagnaden fær dei; som den eine døyr, so døyr den andre, og ei aand hev dei alle; menneskja hev ingen fyremun framfor dyri, for alt er faafengt. Alle gjeng til ein stad, alle er komme av moldi, og alle skal attende til moldi. Kven veit um aandi aat mannsborni stig uppetter, og um aandi aat dyri fer ned til jordi? So skyna eg at ingen ting er betre enn at mannen er glad i arbeidet sitt, for det er hans lut. For kven kann føra han so langt, at han ser inn i det som skal henda etter honom?

                             *

Framleides saag eg paa alle dei valdsverk som vert gjorde under soli. Det rann taaror fraa dei som leid, og ingen trøysta deim; valdsmennerne bruka magt mot deim, og ingen trøysta deim. Daa laut eg segja at dei avlidne, dei som alt hadde fenge døy, dei var sælare enn dei livande som enno er i live. Men sælare enn baae tvo er den som ikkje hev vorte til enno, og som hev sloppe aa sjaa det vonde verk som folk gjer under soli. Og eg saag at alt stræv og all dugleik i arbeidet ikkje er anna enn ovund som driv den eine fyre den andre. Det og er faafengd og jag etter vind. Daaren legg henderne i kross og et sitt eige kjøt. Betre ein neve med ro enn baae henderne fulle av møda og jag etter vind.

                                 *

Og endaa noko saag eg som er faafengt under soli: Det hender at ein mann stend aaleine og hev ingen annan med seg, korkje son eller bror ; og likevel er det ingen ende paa alt strævet hans, og augo hans vert ikkje mette av rikdom. Men kven strævar eg for og neittar meg sjølv det som godt er? Det er faafengt, og ei leid møda er det. Tvo er betre farne enn ein, for dei hev god løn for strævet sitt. Um dei dett, kann den eine reisa upp felagen sin; men usæl er einstødingen som dett og ikkje hev nokon til aa reisa seg upp! Likeins naar tvo ligg i hop, so vert dei varme, men korleis skal ein verta varm aaleine? Og um nokon vinn yver den som er aaleine, so kann tvo standa seg imot han, og tritvinna traad slit ein ikkje av so snart.

                               *

Betre er ein fatig og vis ungdom enn ein gamall og faavitug konge som ikkje lenger veit aa lata seg segja. For ein slik ungdom steig or fangehus upp til kongedøme, endaa han var fødd i fatigdom i den andre sitt rike. Eg saag alle livande som ferdast under soli, fylgja med ungdomen, han den andre som skulde koma i staden for hin. Det var ingen ende paa alt folket, alle dei som han var førar for. Likevel er dei ikkje glade i han, dei som sidan kom. Nei, det og er faafengd og jag etter vind.

                              *

Agta foten din naar du gjeng til Guds hus! Det er betre at ein held seg nær og høyrer enn at daarar ber fram slagtoffer; for dei gjer vondt av di dei inkje veit. Ver ikkje braafus med munnen din, og lat ikkje hjarta forhasta seg med aa bera fram noko ord for Gud! For Gud er i himmelen og du paa jordi, lat difor ordi dine vera faae! For draumar kjem av mykje mas, og daaresvall av mange ord. Lovar du Gud noko, so dryg ikkje med aa halda det, for han likar ikkje daarar. Haldt det du lovar! Det er betre at du inkje lovar enn at du lovar og ikkje held det. Lat ikkje munnen føra skuld yver kroppen, og seg ikkje til sendebodet [1]:«Eg forrende meg!» Kvifor skal Gud harmast paa det du segjer og tyna det som henderne dine gjer? For med mange draumar fylgjer mykje faafengd, og like eins med mange ord. Nei, du skal ottast Gud.

[1] d. e. Guds sendebod, presten.

                              *

Um du ser at fatigmannen ligg under trykk, og at dei ranar rett og rettferd i landet, so undrast ikkje paa den ting! For den eine høgsette lurer paa den andre, og dei hev høgsette yver seg.

Det er i alle høve ein fyremun for eit land: Ein konge som fremjar jordbruk.

Den som elskar pengar, vert ikkje mett av pengar, og den som elskar rikdom, fær ingi vinning. Det er faafengd det og. Di meir gods, di fleire til aa tæra paa det. Kva gagn hev daa eigaren av det anna enn augnesyn? Søt er svevnen for arbeidsmannen, anten han et lite eller mykje; men rikmannen fær ikkje sova for mette.

Det finst noko syrgjeleg leidt som eg hev set under soli: Rikdom som eigaren hev spart upp til si eigi ulukka. Misser han denne rikdomen i eit uhende, og han hev fenge ein son, so eig han ingen ting. Slik som han [1] kom ut or moder-livet, skal han ganga burt att, so naken som han kom, og for strævet sitt fær han ingen ting som han kunde taka med seg. Det og er syrgjeleg leidt: Just slik som han kom, skal han ganga burt; kva vinning hev han daa av det at han strævar burt i vind og ver? Attpaa tærer han heile sitt liv i myrker, og stor harm lyt han dragast med, og so hans sjukdom og sinne!

[1] faren.

Høyr no kva eg hev funne godt og fagert: At ein et og drikk og nyt det som godt er i all den møda som han mødest med under soli alle dei livedagar som Gud gjev han; for det er hans lut. Og so tidt Gud gjev ein mann rikdom og skattar og attpaa gjer han før til aa njota godt av det og taka sin lut og gleda seg i møda si, so er det ei gaava fraa Gud. For daa tenkjer han ikkje so mykje paa livedagarne sine, av di Gud gjev han nok aa gjera med hjartegleda hans.

Det er ei ulukka som eg hev set under soli, og tung ligg ho paa menneskja: Naar Gud gjev ein mann rikdom og skattar og æra, so han for sin part ikkje vantar noko av det han ynskjer, men Gud ikkje let han vera kar til aa njota godt av det, men ein framand mann fær njota det, so er det faafengd og ei vond liding. Um ein mann fær hundrad born og liver mange aar, so talet vert stort paa dagarne i hans liveaar, men sjæli hans ikkje vert mett av det gode, og han so ikkje heller fær nokor jordferd, daa segjer eg: Eit ufullbore foster er betre fare enn han. For til faafengs kom det, og i myrker gjeng det burt, og i myrker fær det namnet sitt løynt, og soli hev det korkje set eller kjent, - det hev meir ro enn han. Og um han so livde tusund aar tvo gonger, men ikkje fekk njota noko godt, - fer ikkje alt til ein stad?

                              *

All mannsens møda er for munnen hans, og likevel vert hugen aldri nøgd. For kva fyremun hev vismannen framfor daaren? Kva fyremun hev fatigmannen som veit aa vandra for augo paa dei livande? Betre augnesyn enn ein uroleg hug. Det og er faafengd og jag etter vind.

                              *

Det som hender, er alt fyrr nemnt med namn, og det er kjent kva ein mann skal verta, og ikkje kann han saksøkja den som er sterkare enn han. For det finst ein ordrikdom som berre aukar faafengdi, kva gagn hev mannen av det? For kven veit kva som er godt for mannen i livet, i alle hans faafengde livedagar som han fer igjenom som ein skugge? Og kven segjer med mannen kva som skal henda under soli etter hans tid?

                              *

Betre godt namn enn god salve, og betre døyande-dagen enn føde-dagen. Betre til syrgjehus ganga enn til gjestebodshus, so visst som det er enden for alle menneskje, og den som liver, skal leggja seg det paa hjarta. Betre gremmelse enn laatt, for naar andlitet ser ille ut, stend vel til med hjarta. Hjarta aat vismenner er i syrgjehus, men hjarta aat daarar er i gledehus. Betre høyra skjenn av ein vismann enn naar nokon høyrer song av daarar. For som tyrner-ris sprakar under gryta, soleis er det naar daaren lær. - Det og er faafengd...... For urett vinning gjer vismann til daare, og mutor skjemmer ut hjarta. Betre enden paa ei sak enn upphavet, betre tolmodig enn ovmodig. Ver ikkje for braa i hugen til aa gremmast, for gremmelse bur i barmen paa daarar. Seg ikkje: Korleis hev det seg at dei framfarne dagar var betre enn dei som no er? For ikkje utav visdom spør du um det. Visdom er jamgod med ervegods, og ei vinning for dei som ser soli. For ein sit i skuggen av visdomen som i skuggen av pengar, men fyremunen med kunnskap er at visdomen held eigaren sin i live. Sjaa paa Guds verk! For kven kann beinka det som han hev gjort krokut? Paa ein god dag skal du vera i godlag, og paa ein vond dag skal du tenkja paa at Gud hev gjort den og likso vel som hin, av di at menneskja ikkje skal finna noko ulivt etter si avferd.

                                 *

Alt hev eg set i dei faafengde dagarne mine: Det hender at ein rettferdig gjeng til grunns traass i si rettferd, og at ein gudlaus liver lenge traass i sin vondskap. Ver ikkje altfor rettferdig, og te deg ikkje for vis! Kvifor vil du tyna deg sjølv? Ver ikkje altfor gudlaus, og ver ikkje ein daare! Kvifor vil du døy fyre tidi? Det er godt at du held fast paa det eine og ikkje heller slepper handi av det andre, for den som ottast Gud, han greider seg or alt dette.

Visdomen gjev vismannen eit sterkare vern enn ti magthavarar som er i ein by. For det finst ikkje eit rettferdigt menneskje paa jordi som berre gjer godt og aldri syndar. Agta ikkje heller paa alt det som folk segjer, elles kunde du faa høyra din eigen træl banna deg. For du veit med deg sjølv, at du og mange gonger hev banna andre.

                                *

Alt dette hev eg røynt ut med visdom. Eg tenkte: Visdom vil eg vinna! men han heldt seg langt burte fraa meg. Langt burte er det som til er, og so djupt, so djupt; kven kann naa det?

Eg gav meg til, og hugen gjekk ut paa det aa kjenna og granska og søkja visdom og ettertanke og faa vita at gudløysa er daarskap og narreskapen vitløysa. Daa fann eg at kvinna er beiskare enn dauden, for ho er eit net, og hjarta hennar eit garn, og henderne hennar lekkjor. Den som tekkjest Gud, slepp ifraa henne, men syndaren vert hennar fange. Sjaa det fann eg, segjer Preikaren, daa eg lagde det eine i hop med det andre og vilde koma til ei endelykt: Det som eg stødt hev leita etter, men ikkje funne, det er: Ein mann millom tusund hev eg funne, men ei kvinna hev eg ikkje funne millom alle deim. Berre dette hev eg funne ut, skal du vita, at Gud hev skapt menneskja rett, men dei søkjer mange krokar.

                              *

Kven er som vismannen, og kven veit aa tyda ein ting? Mannsens visdom gjer hans andlit ljost, og det harde i hans aasyn vert umskift. Eg segjer: Agta paa bod ifraa kongen, og det for den eid skuld som du hev svore ved Gud! Gakk ikkje for snart burt fraa han, ver ikkje med paa noko vondt! For han gjer alt det han vil. For konungs ord er megtigt, og kven torer segja med han: Kva gjer du? Den som held bodet, skal ikkje faa kjenna noko vondt, og vismanns hjarta skal faa kjenna tid og dom. For kvart tiltak hev si tid og sin dom, for mannsens vondskap ligg tungt paa han. For han veit ikkje kva som skal henda, og kven kann segja honom korleis det vil verta? Ingen mann hev magt yver vind og ver, so han kann stengja for vinden, og ingen hev magt yver døyande-dagen, og ikkje fær ein heimlov i ufred, og ikkje kann gudløysa berga sin mann. Alt dette hev eg set, med di eg gav gaum etter alt det som gjeng for seg under soli paa ei tid daa det eine menneskjet raader yver det andre til ulukka for det.

                              *

Dinæst hev eg set gudlause koma i grav og ganga inn til kvila, men dei som hadde gjort rett, laut fara burt fraa den heilage staden og vart gløymde i byen. Det er faafengd det og. Av den grunn at vondskaps verk ikkje straks fær sin dom yyer seg, vert hjarta paa mannsborni fullt av mod til aa gjera vondt, sidan syndaren hundrad gonger kann gjera det som vondt er, og likevel liva lenge, - endaa eg veit at det vil ganga deim vel som ottast Gud, av di dei ottast for hans aasyn, men ikkje vil det ganga den gudlause vel, og liksom skuggen skal han ikkje liva lenge, av di han ingen otte hev for Gud. Det er noko faafengt som hender paa jordi, at det finst rettferdige som fær sin lagnad etter gudlause folks gjerning, og det finst gudlause som fær sin lagnad etter rettferdige folks gjerning. Eg sagde at det var faafengd det og. Daa prisa eg gleda, for mannen hev ikkje noko anna godt under soli enn aa eta og drikka og vera glad, og at det fylgjer honom i hans møda i dei livedagarne som Gud hev gjeve honom under soli.

                               *

Naar eg lagde hugen paa aa faa kjenna visdom og sjaa det strævet som dei strævar med paa jordi - for korkje dag eller natt fær dei blund paa augo - , daa saag eg at det er so med alt Guds verk, at menneskja ikkje kann grunda ut det som hender under soli. For alt det menneskja strævar med aa granska det ut, fær ho ikkje tak i det, ja um ein vismann tenkjer at han skal skyna det, so kann han ikkje grunda det ut. For alt dette lagde eg meg paa hjarta, og alt dette prøvde eg aa granska ut: at dei rettferdige og dei vise og deira verk er i Guds hand. Um kjærleik eller hat veit ingen mann i fyrevegen; alt kann dei venta seg. Alt kann hendast alle. Den same lagnaden raakar den rettferdige og den gudlause, den gode og reine og den ureine, den som ofrar og den som ikkje ofrar, det gjeng paa same vis med den gode som med syndaren, med den som sver som med den som er rædd aa sverja. Det er det som er det leide med alt som hender under soli, at alle fær same lagnaden, so vert og hjarta aat mannsborni fullt av det som vondt er, og dei ber vitløysa i hjarta sitt so lenge dei liver, og sidan lyt dei av til dei daude. For den som fær vera i lag med alle dei livande, han hev von. For ein livande hund er betre enn ei daud løva. For dei livande veit at dei skal døy, men dei daude veit ingen ting og fær ikkje lenger nokor løn, for minnet um deim gløymest. Baade deira kjærleik og hat og ovmod er det slutt med for lenge sidan, og aldri meir fær dei hava noko med det som hender under soli.

                               *

So et daa ditt brød med gleda
og drikk med godt mod din vin!
For Gud hev alt godkjent di gjerning.
Lat klædi dine stødt vera kvite,
og ei vante olje paa hovudet ditt!

Njot livet med ei kona som du elskar, alle dagar i ditt faafengde liv som han hev gjeve deg under soli, alle dine faafengde dagar! For det er din lut i livet og i møda di som du mødest med under soli. Alt det di hand vinn gjera med di kraft, det skal du gjera, for det finst ikkje arbeid eller utrekning eller kunnskap eller visdom i helheimen som du gjeng til.

                                *

Framleides saag eg under soli at ikkje dei snøgge raader yver skeidet, og ikkje kjemporne yver striden, og ikkje heller dei vise yver brød, ikkje heller dei vituge yver rikdom, ikkje heller dei kunnige yver manntekkje; for tid og lagnad møter deim alle. For menneskja kjenner likso lite si tid som fiskarne som vert fanga i ulukke-garnet, og fuglarne som vert fanga i snara. Like eins vert og manns­borni snara i ustundi, naar ho braatt kjem yver deim.

                                *

Det og hev eg set var visdom under soli, og stor totte eg han var: Det var ein liten by, og faae folk hadde han. So kom det ein stor konge mot han og kringsette han og bygde store borger mot han. Og det fanst der i byen ein fatig vismann, og han berga byen med visdomen sin; men ikkje eit menneskje kom i hug denne fatige mannen. Daa tenkte eg: Vel er visdom betre enn styrke, men folk vanvyrder fatigmanns visdom, og dei høyrer ikkje paa ordi hans. Vismanna-ord som ein høyrer i ro, er betre enn hovdings skrik millom daarar. Visdom er betre enn vaapn, men ein syndar kann tyna mykje godt. Eiterflugor set illtev og æsing i salven aat salvemakaren; ein grand daarskap veg meir enn visdom, meir enn æra. Vismanns-hug til retta gjeng, og daare-hug til keiva. Og kvarhelst daaren gjeng, tryt vitet hans, og han segjer fraa til kvar og ein at han er ein daare. Um hovdings vreide reiser seg mot deg, so gakk ikkje fraa din post! For roleg aatferd hindrar mange synder. Det er ei ulukka som eg hev set under soli liksom eit mistak fraa ein magthavar: Daarskapen er sett i dei høge sessar, og rikfolk lyt sitja laagt. Eg hev set trælar paa hesteryggen og hovdingar ganga paa sin fot som trælar.

                                 *

Den som grev ei grav, kann stupa nedi,
og den som riv ein mur, kann ormen stinga.
Den som bryt stein, kann av det faa mein;
den som høgg ved, kann koma ut i faare.
Naar øksi ikkje bit
og han ei slipar eggi,
daa lyt han bruka dess meir magt.
Men visdom veit aa vøla til.
Naar ormen sting fyrr ein fær mana,
hev manaren ingen fyremun.

                               *

Ord av vismanns munn er gudlege,
men lipporne paa daaren gløyper honom sjølv.
Dei fyrste ordi i hans munn er daarskap,
og røda endar reint i arge vitløysa.
Daaren brukar mange ord,
endaa ingen mann veit kva som henda skal,
og kva som etter hans tid henda skal,
kven kann segja honom det?
Daaren møder seg med maset sitt,
han som ikkje eingong veit aa gaa til byen.
Usælt er du land som hev eit barn til konge,
og fyrstar som held etarlag um morgonen!
Sælt er du land som hev ein adelboren konge,
og fyrstar som held sine maal i rette tid
paa kara-vis og ei med fyll!
Naar leta raar, sig bjelkarne ned
og huset lek naar henderne heng. ­-
Til gaman held dei gilde,
og vin gjev livet gleda,
og pengar greider alt.
Ikkje ein gong i tankarne maa du banna ein konge,
og ikkje i ditt sengrom banna ein rikmann.
For himmelens fuglar ber ljoden burt,
og dei fløygde melder din tale.

                               *

Send brødet ditt burt yver vatnet;
for lenge etterpaa finn du det att.
Skift ut til sju, ja til aatte,
for du veit kje kva ilt som kann koma yver jordi.
Naar skyerne av regn vert fulle,
so tømer dei det ut paa jordi,
og um eit tre dett imot sud ell’ nord, -
der treet dett, der vert det liggjande.
Den som agtar paa vinden, kjem ei til aa saa,
og den som paa skyerne ser, kjem ei til aa hausta.

Liksom du ikkje veit kva veg vinden fer, eller korleis
beini vert til i hennar liv som er med barn, soleis kjenner
du ikkje heller Guds gjerning, han som gjerer alt.
Saa ditt sæde um morgonen,
og ei kvile handi i kveldingi!
For du veit ikkje kva som vil lukkast av dette og hitt,
eller um baae maatar er godt.
Ljuvlegt er ljoset,
og augo hev godt av
soli aa sjaa.

Ja, um ein mann liver mange aar, so skal han gleda seg i deim alle, men minnast at dei myrke dagar og vert mange. Alt som koma skal, er faafengt.

                                *

Gled deg, du ungdom, med’ du er ung,
ver godt i laget i ungdoms-aari,
og far dei vegar som hugen vil,
og fylg det som lokkar augo.
Men det skal du vita, at for alt dette
vil Gud deg draga til doms.
Faa gremmelse ut or hugen din,
haldt liding burte fraa likamen din!
For ungdom og morgonrode er faafengd.
Og tenk paa din skapar i ungdomsdagarne,
fyrr dei vonde dagarne kjem,
og det lid til dei aari daa du lyt segja:
Eg likar deim ikkje;
fyrr soli myrkjest,
og ljoset og maanen og stjernorne,
og skyer kjem att etter regnet;
den tid daa hus-vaktmennerne skjelv,
og dei kraftige mennerne krøkjest,
og handkvern-gjentorne skoftar for dei er so faae,
og dei som ser ut gjenom gluggarne dimmest,
og gatedørerne stengjest
med’ kverne-duren spaknar;
daa ein ris upp med fyrste fuglekvitring,
og alle songmøyar laagmælte vert;
daa ein og er rædd for kvar ein bakke,
og skræmslor ventar paa vegen,
og mandeltreet blømer,
og grashoppen karar seg fram,
og kapersbæret dovnar;
for menneskja fer til sitt æve-hus,
og graatarane gjeng ikring paa gata; -
fyrr sylvsnori slitnar,
og gullskaali brotnar,
og krukka ved kjelda gjeng sund,
og hjulet dett brotna i brunnen,
og moldi fer atter til jordi som fyrr ho var
aandi gjeng atter til Gud som gav ho.

                                *

Faafengt, faafengt! segjer Preikaren, alt er faafengt!

Umfram det at Preikaren var ein vismann, lærde han og folket kunnskap, og grunda og granska, han sette i hop mange ordtøke. Preikaren freista aa finna venleiks-ord, ærleg uppskrivne, sannings-ord. Ord av vismenner er som broddar, og i samling er dei som islegne spikrar; dei er gaava fra ein og same hyrdingen.

Men elles, son min, lat deg vara aat. Det er ingen ende paa all bokskrivingi, men mykje gransking armar ut kroppen.

Endelykti er dette, naar du hev høyrt alt: Ottast Gud og haldt hans bodord! Det er maalet for alle menneskje. For kvar gjerning vil Gud føra fram for domen yver alt det som løynt er, anten det so er godt eller vondt.

Red.merk.:
I boka er framhevingar med sperra skrift. Her har vi nytta kursiv. I boka er versa nummererte. Fotnotane er i denne versjonen plasserte etter avsnitta som dei viser til.

Frå Peter Hognestad: Preikaren. Ei bok um bjartsyn og svartsyn paa livet. Kristiania: H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1915. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad