4. kapittel: Kva vil preikaren

Av Peter Hognestad

Naar me hev lese boki aat Preikaren, vil me prøva aa samla tankarne hans og faa greida paa kva han vil. Kva er summen av innhaldet i hans forkynning?

Dei fleste talarar og bokskrivarar plar hjelpa oss til aa samla innhaldet i verki deira med di dei gjev oss tan­karne etter ein meir eller minder greid disposition. Kann me no finna ei greid tankerekkja hjaa Preikaren?

Det er sume som meiner at dei gjer det. H. Ewald finn 4 fyredrag i boki, 1-2; 3-6,9; 6,10-8,15; 8,16-12,8 og ei etterskrift 12, 8-14. Keil og Caspari finn og 4 talar, men soleis: 1-2; 3-5; 6,1-8,15; 8,16-12,7 og epilog 12,8-14. P. Kleinert reknar ein prolog 1,2-11 og ein epilog 12,9-14 og so imillom deim 5 utgreidingar, 1,12-2,23; 2,24-3,22; 4-6; 7,1-9,10; 9,11-12,8.

Desse deilingar hev nok mange gode grunnar, men usemja millom dei ymse granskarar syner at Preikaren ikkje kann hava gjeve nokon greid disposition. Mest klaar er han i fyrste luten av boki, men ettersom han kjem lenger uti, vert tankesamanhengen meir og meir ugreid. Dei mest motstridande tankar stend um kvarandre, so ein tolkar hev sett fram den meining, at boki hev vore ute for ei bokbindar-uheppa. Bladi hev kome fraa kvarandre og er sidan ihop-hefte paa slump. D. C. Siegfried i sin kommentar meiner at boki skriv seg fraa ymse menner med ulike meiningar, pessimist, epikuræar, vismann o. s. b. Han prøver aa skilja dei ymse stykke fraa kvarandre og finn at 8 hender i alt hev havt aa gjera med boki.

Men dette er aa ganga lenger enn naudsynt til den andre sida. Maalbruket i boki tyder heller paa ein mann, og me fær daa tenkja at den eine mannen hev skrive upp lausrivne tankar, det me kallar aforismar. Slik skrivemaate kann koma av at ein ikkje greider den strenge systematiske tanke-utgreining som ei reint filosofisk dryfting vilde krevja. Eller ein kann skriva soleis med vilje, av di ein daa fær best fram dei ymse sidor ved ei sak. Det vert som eit ordskifte med grunnar og motgrunnar. Og dei ymse hug­skifte i eit sterkt kjensleliv kjem og best fram paa den maaten.

Det finst andre aforistiske tankeskrifter baade i gamle dagar og i vaar tid. Me kann nemma [sic] «Tankar um seg sjølv» av romarkeisaren Mark Aurel, og i den nyare tid mange skrifter av den tyske filosofen Nietzsche, og i vaart land «Trætte mænd» og «Den burtkomne faderen» av Arne Garborg.

Ser me no paa Preikaren, finn me at han i sume stykke brukar «eg» og talar i fyrste person. I andre stykke brukar han «du» og talar til ein annan person. Desse «du-stykke» møter me fyrst 4,17, og sidan er boki ei blan­ding av «eg-stykke» og «du-stykke», men soleis at «du-­stykki» aukar og raader meir og meir grunnen aaleine. Me kann segja at boki tek til med «eg» og endar med «du».

I «eg-stykki» gjev Preikaren sine eigne livsrøynslor, i «du-stykki» er han læraren som manar tilhøyraren til aa fylgja dei rette livsreglar. Han talar mykje i prosa, men hans stil hev ein varmare klang enn vanleg prosa, og han hev ein retorisk sving yver seg som kjem nær inn paa poesi. Stundom gjeng han og reint yver til poesi. Han citerar mange ordtøke, og dei hev oftast poetisk form, og stundom gjeng han yver til versform lange stykke. Det gjeld serleg slutten av boki, og visst og det fyrste stykket. I umsetjingi hev me gjeve dei tydelegaste vers i verslinor. Men ordtøki hev me ikkje merkt ut med verslinor, um me enn hev prøvt aa gjeva deim vers-takt.

Preikaren nemner straks i fyrstningi det emnet som boki kjem til aa handla um. Han nemner det stutt som eit motto, og det kjem att sidan i boki gong paa gong, og sjølve boki endar med det same motto.

«Faafengt, faafengt» , segjer Preikaren, «faafengt, faa­fengt, alt er faafengt». I grunnen stend det «faafengders faafengd» det vil segja faafengd i høgste grad. Me kunde umsetja, «faafengd paa faafengd», men det hebraiske sub­stantiv gjev me her kanskje best att med adjektiv. Det hebraiske ordet «hebel» er ofte brukt um det tome innhaldslause og forgjengelege, t. d. um livet som er forgjengelegt. Men i næste vers spør Preikaren etter kva vinning livet gjev, og daa lyt me taka ordet i meiningi unyttig, som ingi vinning gjev. Vaart ord faafengd tyder og i grunnen den som fær lite, og høver soleis godt her. Andre stader nemner Preikaren «jag etter vind» saman med «faafengd». Det er so nyttelaust som aa jaga etter vinden, ein fær ikkje tak i noko.

Naar Preikaren hev strika under ordet «faafengt» so sterkt han kann, segjer han kva det er som er faafengt. Det er alt saman i ein sum. I 2,17 ser me at han avgrensar det til alt «det som hender under soli», det som høyrer dette jordlivet til, og som menneskje kann uppliva og naa med si gransking.

«Kva vinning hev mannen av alle si møda?» Preikaren spør soleis fleire gonger, og han ventar ikkje anna svar enn: Ingi vinning! Her ser me at Preikaren ikkje er berre ein theoretisk granskar som med vitet vil finna meining i livet. Nei, han er ein praktisk mann som ser etter kva nytta livet gjer, kva maal det hev. Ein slik praktisk visdom er det alle jødiske vismenner driv paa med.

Det er mest som Preikaren spør etter «Kain» i den meining som me saag at det namnet kann hava. Kva vin­ning og varig eigedom gjev livet? Ingen ting, berre «Abel», berre faafengt er det alt saman. Livet under soli hev ikkje noko verkelegt maal.

Heile boki sidan er ei einaste provføring for setningi: Alt er faafengt. Og Preikaren er fylgjestreng i si prov­føring, han vik ikkje undan fyrr han hev teke for seg alt og gjort reint bord.

Fyrst hev han ei poetisk innleiding til boki, I, 3-11, og der tek han for seg livet fraa natursida. Daa ser han at alt som liver og rører seg gjeng i eit einaste stort kring­laup. Dei livande ætter er forgjengelege, medan den daude jordi æveleg stend. Og naturlivet gjeng æveleg i ring. Soli, vinden, vatnet. Naturi skifter nok, men det vert berre ein æveleg ringgang, aldri kjem det noko nytt utav det, ingi verkeleg vinning. Tankelause folk segjer nok um eit og anna at det er nytt. Men ser ein vel etter, er det berre uppstasa gamalt.

Naar diktaren i vaare dager ser at «dauden herjar um land og hav», so finn han ei trøyst i at «livet kjem alltid etter.» Men Preikaren finn ingi trøyst i det, for um livet kjem, er det berre til same rundgang. Nokon evo­lution finn han ikkje, for att og fram er like langt. Paa den vis vert livet keidsamt og trøyttesamt.

Preikaren ser baade paa naturi og paa mannasoga fraa den sida av ho som heng i hop med naturi. Naar han ikkje finn nokon framvokster, er det ikkje av vankunna. Han kjenner godt til slikt som folk kallar framgang, slikt som fører nytt med seg, men han meiner at det i djupaste grunnen ikkje er noko nytt. Det er just hans visdom som fær han til aa negta framgangen.

I naturi greider han ikkje aa stogga ved det fagre og store og der sjaa ei avspegling av Guds herlegdom, soleis som Salme 8 og 19 og 29 gjer. Preikaren ser ikkje æste­tisk paa verdi, men praktisk. I soga ser han ikkje den dramatiske rikdom som fylgjer med livsstriden i kvar ætt. Han ser paa endelykti, og finn at den er null. Liksom naturlivet er mannalivet nyttelaust. Kvar ætt tek upp att same kringlaupet som den framfarne. Sogeminnet som skulde knyta ætterne i hop, so den eine kunde byggja paa det den andre hadde tufta, det er i grunnen ikkje stort verdt. I det lange laupet vil det til slutt syna seg at «gløymska vinner paa minnet.»

Kva vilde daa Preikaren kalla «nytt» i naturi og soga? Me ser han nøgjer seg ikkje berre med noko relativt nytt, som hev vore til fyrr naar gamle hendingar kjem att, og «Gud leitar upp att det framfarne.» Nei, han vil hava noko reint nytt og ukjent, noko av eit anna slag enn det som hender under soli. Naar Israels profetar talar um ei ny aand, ny himmel og jord, daa meiner dei og slikt nytt. Um Preikaren hadde upplivt den nye pakt med Jesus Kristus, daa hadde han nok lote medgjeva: Jau, her er noko nytt. Det verkeleg nye er innskot i verdi fraa æve­heimen yver soli. Men denne heimen tottest vera stengd for Preikaren.

Fraa naturi vender Preikaren seg til kulturen. Er der nokor vinning aa faa? Han let Abel-røysti tala ut fraa den stoltaste kulturtid som Israel visste um, fraa Salomo-tidi. Abel hev fylgt manna-soga og Israels soga gjenom tiderne, og han hev vore konge i Jerusalem. Mange vilde heller likna Salomo-tidi med Kain, men Preikaren høyrer Abel-røysti.

Kultur syner seg i visdom og livsnjoting og arbeid. Kva hev Abel-røysti aa segja um desse tri greiner? Ho ropar sitt same: Faafengt! faafengt!

Mannahugen hev i seg ein usløkkjande trong etter kunnskap og visdom. Det er Gud som hev gjeve oss denne trong, ja som 3,11 segjer so sant og djupt, Gud hev lagt heile æva inn i mannahjarta. Men ho ligg der berre som ein trong, ei lengting, vil ein fylgja ævetrongen, kjem ein aldri til endes. Og det som ein kjem til endes med, det ser ein berre kor tomt og nyttelaust det er. Visdomen ser berre alt det range i livet, og at det ikkje let seg retta. Det som skulde svara til idealet finst ikkje, det vantar, og daa kann ein ikkje rekna det med til vinning. «Det bogne kann ikkje beinkast, og det vantande kann ikkje reknast.» 1,15. «Daa vert visdomen ei leid plaaga, og aukar du kunnskap, so aukar du kvida.» 1,18.

Preikaren vil prøva seg med gleda og livsnjoting. Han er ein mann med sterk sjølvrefleksion som experimenterar med sjælelivet sitt. Visdom og gransking gjev ingi gleda, men han kann ikkje sleppa visdomen fraa seg lel. Han set han til vaktmann yver livsnjotingi og arbeidet. Visdomen skal sjaa kva vinning dei gjev til slutt.

Aa gjeva seg yver til lysterne sine, reknar ein vanleg for daarskap. Men naar no ikkje visdomen gjev lukka, kann ein ikkje daa prøva med ein grand daarskap? Slakka taumarne for lysterne og gjeva deim fritt spel? Men berre eit stykke paa vegen, ikkje liva vilt, men njota med maate. Visdomen lyt vera vakt.

Det gjeng ikkje aa faa tak i verkeleg gleda paa denne vis. Anten vert det ei vill gleda, som vil gaa yver det striket visdomen hev sett opp. Eller og vert det ei moderat gleda som ingen smak hev. «Laatten er vitlaus, og gleda, kva gagn gjev ho?» Ein av grunnarne er sjølve visdomen, her i form av sjølvrefleksion, som gjer at ein gjev berre si halve sjæl til njotingi. Men den djupaste grunnen er vel den æva som Gud hev lagt i mannahjarta. Ho drikk seg aldri utyrst paa den gleda som jordlivet byd fram.

«All mannsens møda er for munnen hans, og likevel vert hugen aldri nøgd,» 6,7. Arbeidet hev for Preikaren den uppgaava aa gjeva tilfang til livsnjoting. «Eg bygde meg hus, planta meg vingardar,» segjer han. Ikkje for samfundet arbeidde han, men for seg sjølv. Det fylgjer ei viss gleda med arbeidet tykkjer han, men ikkje nok. Nokor verkeleg vinning kjem ikkje utav det. Det vert faafengt det og.

Det som ein vinn ved arbeid, kann me samla under namnet «rikdom». Og den er det som lovar livsnjoting.

            Til gaman held dei gilde,
            og vin gjev livet gleda,
            og pengar greider alt. 10,19.

Men just med rikdomen syner det seg kor lite verkeleg vinning han gjev. «Den som elskar pengar, vert ikkje mett av pengar, og den som elskar rikdom, fær ingi vin­ning.» 5,9. «Di meir gods, di fleire til aa tæra paa det.» 5,10. Ein strævar og samlar, men andre fær njota det. Den som stend aaleine, maa til slutt lata det fraa seg til framande. Hev han ein son, so kann det vera ein som øyder det faren hev samla. Eller og kann faren missa rikdomen sin i ei ulukka, so han gjeng like naken ut or livet som han kom. Rikdom gjev soleis ingi verkeleg vinning. Ja heile kulturstrævet med visdom, livsnjoting, arbeid, vert faafengt.

I samfundslivet finn ikkje Preikaren stort aa gleda seg yver. Dei store herrar trykkjer og trengjer smaafolk med vald. I domstolarne sit urettferdi og dømer rangt. Millom folk flest gjeld den regel, at «alt stræv og all dugleik i arbeidet ikkje er anna enn ovund som driv den eine fyre den andre.» 4,4. Ingen idealitet, berre egoisme, sjølvkjærleik, magtsykja og vinnesykja. Inkje under at Preikaren fær laage tankar um alt det som heiter menneskje. «Ein mann millom tusund hev eg funne, men ei kvinna hev eg ikkje funne millom alle deim.» 7,28. Faae menner og endaa færre kvinnor svarar til det idealet han hev sett upp.

Kvi kann ikkje daa Preikaren arbeida paa eit betre samfund? Det vilde vera eit arbeid som var noko verdt. Nei, han fær ikkje tru paa at det nyttar noko. Kva skal han gjera? Um han gjorde fatigmannen rik, so hev han sjølv røynt at ein ikkje kann kjøpa lukka. Og so hev han eit fatalistisk syn paa livet. Alt er so laga. Godt og vondt, vinning og tap, alt hev si tid. Harde band ligg yver mannaviljen, han kann ikkje faa røra seg fritt. Preikaren ser beintfram ut til aa vera determinist. Lovi um alle ting til si tid synest vera meir mekanisk enn rettferdig. Lagnaden tek ikkje umsyn til det menneskjet han raakar. «Det finst rettferdige som fær sin lagnad etter gudlause folks gjerning, og det finst gudlause som fær sin lagnad etter rettferdige folks gjerning.» 8,14. Men daa vert vondskapen stor i hjarto paa mannsborni, naar han ikkje fær sin dom yver seg.

Naar menneskja er so bundi under lagnaden, daa er ho i grunnen ikkje betre enn dyret. Ho fær ikkje skikk paa livet, men let urett og slumpehøve raada. Daa syner ho at ho i seg sjølv, naar ein ser burt fraa hennar serlege samhøve med Gud, ikkje er anna enn dyr. Den same lik­skap med dyret syner seg og til slutt, naar dei skal døy. Mannakroppen og dyrekroppen fer til jordi, og kvar vert det so av aandi deira, det livsprincip som hev raadt i kroppen? Salme 104,29 f. ber fram den tru som vel og Preikaren hev um desse ting. «Du (Gud) tek burt deira aand, dei døyr og gjeng attende til moldi si. Du sender ut di aand, dei vert skapte.» Alle livande skapningar paa jordi døyr paa den vis, at Gud tek aandi til seg att. Det er hans aand som hev halde uppe livet i deim. Er det no nokon skil paa den maaten som Gud tek aandi fraa men­neskja og fraa dyret? «Kven veit um aandi aat mannsborni stig upp etter, og um aandi aat dyri fer ned til jordi?» 3,21. Det er uvisst, meiner Preikaren, og etter det me menneskje kann sjaa, hev me ingen fyremun fram­for dyret naar det gjeld aa døy.

Preikaren segjer dette med sorg. Det er ein tyng­jande tanke for han. Dette at same lagnaden til slutt raakar vise og daarar, rettferdige og urettferdige, menneskje og dyr, det er det beste prov paa at livet ingi vinning gjev, men at alt et faafengt.

Preikaren kann ikkje slaa seg til ro som mange av dei moderne materialistar. Nei, han finn det bakvendt at menneskja skal vera som dyret, og at det finst so mykje rangt i livet. Han fortel sjølv at han vart leid av livet og laut prisa dei daude sæle framfor dei livande, og dei ufødde sælast av alle. Det er betre aa ikkje vera til enn aa vera til.

Gjev livet nokor vinning? Med kvass og fylgjestreng tanke hev Preikaren fylgt dette spursmaalet til ymse kantar, men svaret hev alltid vore det same: Ingi vinning, alt er faafengt.

Daa skulde me venta at han drog den siste slutning og sa: Heile tilværet er faafengt og meiningslaust. Difor kann det ikkje heller finnast ein allmegtig og rettferdig Gud. Men den slutningi dreg han ikkje. Tvert imot. Trui paa Gud held han uruggeleg fast paa. Men han nemner han berre med det aalmenne namnet Elohim, aldri med serleg israelitiske namnet Jahve.

Det er Gud som styrer heimslivet og mannasoga. Naar dei same hendingar kjem upp att, so er det Gud som leitar upp att det framfarne. Gud gjev det einskilde menneskjet rikdom og æra og helsa og visdom. Han er det som gjev magthavarar lov til aa vera urettferdige, og det hev han sitt fyremaal med. Han vil prøva manns­borni.

Det er og Gud som hev skapt alt, og han hev laga det fagert til si tid, 3,11. Naar mannalivet er so bakvendt no, er det ikkje Gud som hev skuldi. Han hev skapt menneskja rett, men dei søkjer mange krokar eller kunster, 7,29. Desse krokar eller kunster som mannsborni søkjer, maa svara til det me kallar synd. Dette ordet synd brukar Preikaren og av og til, og 7,20 segjer han at det finst ikkje eit rettferdigt menneskje paa jordi som berre gjer godt og aldri syndar. So samstavast Preikaren med det som det gamle testamentet elles segjer um syndi. Av ordi hans kann me slutta oss til eit syndefall.

Men han finn og ei frelsa fraa synd. Det kann me slutta av ordi hans um rettferdige og syndarar, vismenner og daarar. Han talar um gudlause folk og slike som ottast Gud. Syndelivet er ikkje likt for alle, sume hev berga seg meir ut enn andre. Men syndi hev stor magt. Liksom eiterflugor kann skjemma ut ein god salve, so kann ein syndar tyna mykje godt, 9,18.

Me kann ikkje segja at me merkar mykje hjartevarme i religionen hjaa Preikaren. Han talar mykje um aa ottast Gud; men aldri um aa elska Gud. Bøn og beintfram tale til Gud finn me ingen stad i boki, men Preikaren talar um gudstenesta og bøn. Han prentar fyrst og fremst inn aalvor. Ikkje tankelaus ofring eller bøn er med mange ord! Heller høyra vel paa det Guds ord som lyder i gudstenesta, 4,17. Det leikar inn paa same tanken som profeten Samuel nemner: «Lydnad er betre enn offer.» Um bøni heiter det 5,1: «Lat ordi dine vera faae, for Gud er i himmelen og du paa jordi.» lkkje heller skal ein gjeva Gud tankelause lovnader. Framfor alt vyrdnad for Gud. 

Gud styrer verdi. Men kvi gjeng ikkje daa alt rettferdigt til i livet? Ja, her er just det vande spursmaalet, som synest uløysande. Preikaren segjer gong paa gong at me ikkje kann grunda ut Gud og hans verk. Det ligg for høgt for oss. Men Gud maa hava si meining ogso naar han let uretten raada. Det skal bøygja menneskja ned til aa kjenna seg sjølv, dei skal sjaa at dei i seg sjølv ikkje er betre enn dyr.

Men ein gong lyt daa Guds rettferd koma heilt upp i dagen. Naar skal det vera? Av og til talar Preikaren um ein Guds dom. 3,17 segjer han: «Den rettferdige og urettferdige skal Gud døma.» Gud skal gjeva deim baae tvo det som rett er. Men denne domen kjem ikkje alltid med same, «for hjaa han (Gud) er det sett ei tid for kvart tiltak og for kvart verk.» Naar den tid er ute, kjem domen.

Men 8,11 klagar yver at «vondskaps verk ikkje straks fær sin dom.» For daa vert dei vonde styrkte i sin vondskap. Her synest berre vera tale um einskilsdomar, og det ser helst ut til at domarne skulde koma i dette livet.

I 11,9 talar Preikaren um ungdomen som skal gleda seg, og han legg til: «Men det skal du vita, at for alt dette vil Gud deg draga til doms.» Og til slutt i heile boki segjer han: «Kvar gjerning vil Gud føra fram for domen yver alt det som løynt er, anten det so er godt eller vondt.»

Domen yver ungdomen kann ikkje vera meint den som kjem i alderdomen. For alderdomen er sidan skildra like tung for alle. Ikkje heller kann det vera ein dom som kjem med dauden. For Preikaren hev just klaga paa det urettferdige at baade i livet og dauden møter alle den same lagnad. I 9,2 segjer han; «Den same lagnaden raakar den rettferdige og den gudlause, den gode og reine og den ureine, den som ofrar og den som ikkje ofrar, det gjeng paa same vis med den gode som med syndaren, med den som sver som med den som er rædd aa sverja.» «Den vise lyt døy likso vel som daaren,» 2,16.

Domen kann ikkje heller koma i sjølve daudetilværet. For um det segjer Preikaren i 8,16 ff: «Dei daude veit ingenting og fær ikkje lenger nokor løn, for minnet um deim gløymest. Baade deira kjærleik og hat og ovund er det slutt med for lenge sidan, og aldri meir fær dei hava noko med det som hender under soli.» Og v. 10: «Det finst ikkje arbeid eller utrekning eller kunnskap eller vis­dom i helheimen som du gjeng til.» Her kann daa ikkje vera tale um nokon dom.

Men Preikaren vil ikkje segja at dauden gjer reint ende paa menneskja. Dei daude i helheimen er nok til, men deira liv er avskore baade fraa jordlivet og fraa Gud. Det er ein tanke som me finn ogso andre stader i det gamle testamentet. I 12,7 heiter det um dauden at «moldi fer atter til jordi som fyrr ho var, og aandi gjeng atter til Gud som gav ho.» Her ser det ut som Preikaren skulde ha kome til vissa um det som han tvila paa i 3,21, og æra at den personlege menneskjeaand gjeng heim til Gud. Men korleis kann han daa segja i næste vers: «Faafengt, faafengt! Alt er faafengt?» Nei, han meiner nok helst det, at Gud tek livsaandi fraa menneskja til seg, men ho vert berre so mykje meir fatig.

All tanke paa ein endeleg dom synest vera utestengd, og mange trur at dei ordi som stend um dom, er innsette av ein annan forfattar. Men det kann vera at trui paa ein endeleg dom høyrer likso fast med til barnetrui aat Preikaren som trui paa ein god og rettferdig Gud. Trui, stend fast for han, men han kjem ikkje med grunnar eller nøgjare utgreiding. Domen maa daa vera tenkt aa koma ein gong etter daude-tilværet. Den same Gud som ein­gong gav aandi, kann gjeva ho ein gong til og og vekkja upp dei daude til nytt liv. Daa kjem domen.

l nær samanheng med religionen aat Preikaren stend hans ethik, hans læra um den rette livsføring.

Me hev set at det i boki finst «eg»-stykke og «du»-stykke. Hine fortel um eigne livsrøynslor, og desse er til lærdom. Preikaren er lærar for einkvar, kanskje for ein ungdom, eller for mange. Lærestykki er blanda inn millom dei andre, men aukar meir og meir utigjenom boki og raader til slutt grunnen aaleine. Dei tek upp ordtøke og fyndord som lærer um livet. I desse lærestykke ser Prei­karen ikkje berre det myrke i livet, men fester auga ved dei ljose sidor og. Naar han hev ungdomar for seg, vert han nøydd til aa taka fram det som skal halda livet uppe. For han kann ikkje segja til ungdomen; «Det er betre aa ikkje liva enn aa liva, difor maa du taka livet av deg!» Nei, med all si faafengd er livet til aa liva.

Vil ein finna lukka i jordlivet, lyt det ein stor resig­nation til. Den djupaste lukka kann ikkje jordlivet gjeva, men den som slær seg til tols med mindre, kann finna ei relativ lukka. Det gjeld aa fylgja regelen:

            Naar eg ser eg ikkje huset større fær,
            gjerer eg meg nøgder med det som det er.

Me hev set at fatalisme eller lagnads-tru er sermerkt for Preikaren. Um han trur paa Gud, so ser han for det meste i Gud ein lagnad som hev fastsett alt til si tid, godt og vondt, lukka og ulukka.

Under denne lagnaden vert mannen ufri. Han kann ikkje stella seg som han vil, men lyt finna seg i det som Gud etlar honom. «Det er ikkje ei lukka som stend til mannen sjølv at han et og drikk og unner seg gode dagar midt i møda si. Eg saag at det og kjem fraa Guds hand,» 2,24.

Ytre ting som god helsa og rikdom er ikkje nok til lukka, men evna til aa njota deim høyrer og med. Naar ein mann hev rikdom, men ikkje kann njota han, vert det ei stor ulukka for han. Det er som aa missa smaken naar ein sit med eit bord fullt av god mat. Men baade dei ytre gode ting og evna til aa njota deim kjem fraa Gud. Difor skal ein taka imot med takk og verkeleg njota Guds gaavor.

Men paa den andre sida skal ein med tolugt mod taka det vonde som Gud sender. «Paa ein god dag skal du vera i godlag, og paa ein vond dag skal du tenkja paa at Gud hev gjort den og likso vel som hin, av di at men­neskja ikkje skal finna noko ulivt etter si avferd,» 7,14.

            Heimen er baade vond og god,
            det skifter med sut og gaman.
            Hæv er den som med same mod
            kann taka mot alt til saman.

Preikaren talar mykje um aa eta og drikka og vera glad, njota den vesle gleda som Gud gjev ein i livet. Serleg manar han ungdomen til aa taka gleda i ungdomsaari. For det er ikkje nok med at dauden gjer ende paa all gleda, men ogso alderdomen er ei syrgjeleg tid. Dette maalar han ut livande og poetisk med di han liknar den gamle med eit hus som er til nedfalls. Difor njot livet den tid du kann njota, men soleis, at du hugsar paa Guds dom! Det er den njoting som Gud gjev, ein skal taka imot.

Det allegoriske diktet um alderdomen 12, 1 ff. totte diktaren August Strindberg var so fagert og sant. Alderdomen er den myrke vintertid, i Jødeland regntidi. So kjem bilætet av huset. Husvaktmennerne er armar og hender, dei vert skjelvande, og føterne krøkjest. Tennerne vert for faae till aa mala maten, augo dimmest, munnen fell inn, og røysti spaknar. Den gamle søv lite um natti, vaknar tidleg um morgonen, han vert tunghøyrd, er rædd for aa gaa ut og dreg seg tungt frem [sic]; haaret vert kvitt og munnen misser smaken. So vert dauden skildra i tvo bilæte. Livstraaden er liksom sylvsnori som huslampen heng i. Naar den gjeng av, so dett lampen ned og ljoset sloknar. Det andre bilætet er vatskrukka ved brunnen. Naar baade heisehjulet og krukka gjeng sund, kann ein ikkje ausa vatn meir. Her er kanskje tenkt paa hjarta og andedraget som stoggar i dauden.

Um gleda og sorg ser det elles mest ut som Preikaren skulde segja imot seg sjølv. 7, 2 f segjer han: «Betre til syrgjehus ganga enn til gjestebodshus. Betre gremmelse enn laatt, for naar andlitet ser ille ut, stend det vel til med hjarta. Hjarta aat vismenner er i syrgjehus, men hjarta aat daarar er i gledehus.» Men v. 9 heiter det: «Ver ikkje for braa i hugen til aa gremmast, for gremmelse bur i barmen paa daarar.» I 7,2 segjer han at den som liver, skal i syrgjehuset leggja seg paa hjarta det som er enden for alle menneskje. Men i 5, 19 hev han tala um den gleda som mannen skal taka imot av Guds hand, «for daa tenkjer han ikkje so mykje paa livedagarne sine, av di Gud gjev han nok aa gjera med hjartegleda hans.» Paa den eine sida skal ein syrgja og tenkja paa kor for­gjengelegt livet er. Paa den andre sida skal ein gleda seg og gløyma livsens faafengd.

Dette treng ikkje vera sjølvmotsegjing, for baae sidor kann hava sin rett. Den sorg som kjenner at det korte jordlivet ikkje kann stilla æve-trongen i sjæli, den sorg er rett, og ligg djupt i barmen paa kvar ein vismann. Men den sorg som kjem av utolmod under Guds føring, og trur at framfarne dagar var betre, det er daaresorg. Han kjenner ikkje livet, som trur at han hev det verre enn andre.

Visdom gjev sorg, segjer Preikaren, men likevel er vis­dom betre enn daarskap. Den vise hev augo i hausen, men daaren ferdast i myrkret. Det er betre aa sjaa enn aa vera blind, um ein so berre skal sjaa sorg. Vismannen som ser heile livsens faafengd og veit um sin eigen ustilte æve-trong, han kann og lata att augo og segja: «Vel, so tek eg den gleda som er aa faa!» Han veit at den vesle gleda er so reint relativ, men han veit og at det er den lut han fær i dette faafengde livet. Det er skil paa den blinde og den som let att augo for ei stund. Han kann berre lata upp att augo, so hev han heile livsens graae sanning framfyre seg att. Gleda i jordlivet fær han ikkje utan resignation. Men den blinde daaren kann ikkje resignera, det kann berre den sjaaande vis­mannen.

Personleg lukka og livsnjoting er det Preikaren sigtar paa. Ikkje so at han berre vil sitja still og njota og ingen ting gjera. Nei, han prisar arbeidet og det kraftige tiltak. Men det er arbeid til eigi vinning. Arbeid for andre ser ut til aa løna seg so lite. Ein fær berre utakk. Sjaa berre han vismannen som berga ein heil by, 9,13 ff. ingen kom han i hug sidan.

Preikaren hev nok medynk med alle dei som lid under urettferdi, dei som græt og ingen trøystar finn. Og naar han segjer det er godt aa ganga i syrgjehus, daa hev han nok kjent kor det adlar mannen aa syrgja med dei syrgjande. Men lenger enn til medynk kjem han ikkje. Han veit ingi raad til aa hjelpa. Med dei strenge magthavarar lyt ein berre prøva aa halda seg til vens.

Heile hans synsring kann tykkjast trong, men han hev funne det me kallar mannasjæli, og han loddar i djupet der inne. Sjæli vert so djup med sin ævelege trong, at heile jord livet kverv burt i inkje. Kva er det som kann metta mi sjæl? Det spursmaalet hev han til uppgaava aa svara paa. Og um svaret vert negativt, so er det likevel eit svar som hev mykje aa segja for den som skal vinna Guds rike.

Red.merk.:
I boka er framhevingar med sperra skrift. Her har vi nytta kursiv.
 

Frå Peter Hognestad: Preikaren. Ei bok um bjartsyn og svartsyn paa livet. Kristiania: H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1915. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad