6. kapittel: Preikaren i jødedomen

Av Peter Hognestad

Kven er Preikaren? og naar skreiv han boki si? Ved fyrste augsyni tykkjest desse spursmaali lette aa svara paa. For boki hev denne yverskrift: «Ord av Prei­karen son aat David, konge i Jerusalem.» Og i 1,12 heiter det: »[sic] Eg, Preikaren, var konge yver Israel i Jeru­salem.» Det kann ikkje sigta paa nokon annan enn kong Salomo. Heile jødedomen, og kristendomen langt inn i den nyare tid hev og livt i den faste tru at Salomo var forfattaren.

Men ser me paa innhaldet i boki, finn me nok eit og anna som me lyt undrast paa naar det skal vera ord av Salomo. Han talar stundom um kongen, og det kunde nok lata seg høyra for det um han var konge sjølv. Men naar han talar um magtmisbruk, daa høyrest det ut som ord fraa ein undergjeven og ikkje ein konge. «Framleides saag eg under soli: I domstolen, der sat uretten, og paa rettferds-staden, der var uretten.» 3,16. «Framleides saag eg paa alle dei valdsverk som vert gjorde under soli. Det rann taaror fraa dei som leid, og ingen trøysta deim; valdsmennerne bruka magt mot deim, og ingen trøysta deim.» 4,1. «Um du ser at fatigmannen ligg under trykk, og at dei ranar rett og rettferd i landet, so undrast ikkje paa den ting! For den eine høgsette lurer paa den andre, og dei hev høgsette yver seg.» 5,7. «Daarskapen er sett i dei høge sessar.» 10,6.

Det vilde vera underlegt av kong Salomo aa klaga paa slikt i sitt eige rike, som just han kunde bøta paa. Det vilde vera, som dei hev sagt, aa skriva ei satira um sitt eige styre. Og naar det hev vore sagt at Salomo kann sigta paa tilstand utanfor Jødeland, so ser me ikkje noko merke til det. Um han brukar vendingi «under soli» kann det ikkje vera meiningi at Jødeland skal vera undanteke. 8,10 sigtar daa paa Jødeland. «Eg hev set at dei som hadde gjort rett, laut fara burt fraa den heilage staden og vart gløymde i byen.» Skulde Salomo her sigta til at han sjølv viste ein mann som presten Abjatar burt fraa Jeru­salem? Det er lite trulegt.

Ser me paa maalbruket i boki, so tyder det paa ei reint onnor tid enn Salomo-tidi. Preikaren skriv eit maal som skil seg sterkt ut fraa det hebraiske maalet i alle dei andre bøker i det gamle testamentet. Mest skyldskap hev det med maalet i dei yngste bøker, slike som Esra og Nehemia, men mykje peikar og inn i det nyhebraiske maalet som me finn i Talmud. Maalhistorisk kann Prei­karen ikkje høyra til tidi fyre burtferdi til Babel, men maa vera ei av dei yngste bøker i heile det gamle testa­mentet.

Just eit av dei ordi som synest gjera Salomo til for­fattaren, talar imot Salomo, naar ein ser vel etter. 1,l2 heiter det: «Eg, Preikaren var konge yver Israel i Jerusalem.» Verbet kann me til naud umsetja «eg hev vorte.» Det vilde daa segja: eg hev vorte og er no konge. Men kva grunn skulde Salomo hava til aa leggja vegt paa at at han hev vorte konge? Den næraste tyding av verbet er «eg hev vore» eller «eg var.» Daa er meiningi: eg er ikkje lenger. Naar skulde Salomo hava sagt det? Ei jødisk segn fortel at Salomo laut stiga ned fraa kongsstolen sin paa grunn av synderne sine. Ein engel tok paa seg hamen hans og sette seg paa kongsstolen i staden. Salomo gjekk kring i byen og tigga og sa: «Eg, Preikaren, hev vore konge yver Israel i Jerusalem.» Folk slo han med staven, sette fram for han ein tallerk med graut og sa: «Korleis kann du segja slikt? Kongen sit paa kongsstolen sin der i slottet.» Um no kristne tolkarar ikkje vilde vera med paa denne tyding, so var det daa mange som meinte at Salomo hadde skrive boki i alderdomen med di han gjorde bot for synderne sine.

Boki hev eit etterord i 12,9-14, som tydeleg syner at bokskrivaren er ein annan enn Salomo. For her talar han um den same Preikaren som fyrr hev ført ordet sjølv. Mange meiner at etterordet er sett til av ein annan enn bokskrivaren. Men stilen er so lik den me elles finn i boki, at det nok er tryggast aa halda seg til at bokskri­varen hev skrive etterordet med. Han segjer daa at Preikaren ikkje berre var vismann, men og visdomslærar. Han var ein granskar som samla og setta [sic] i hop ordtøke, det var vel baade eldre og slike som han dikta sjølv. Han lagde vegt paa ei ven form, den æstetiske sida, og sant innhald. Det skulde vera sanning baade i subjektiv og objektiv meining, ærleg meinte ord og verkeleg sanne i seg sjølv. Bokskrivaren tenkjer her paa kong Salomo og dei ordtøke som skriv seg fraa han, den samling me hev i bibelen.

Men so tek han til aa tala um ord av vismenner i det heile. Dei er som broddar, dei sting seg inn ikkje berre i minnet, men vel fyrst og fremst i samvitet. Som uksebrodden driv uksen fram, so er det ei drivande magt i gode visdomsord. I samling er dei som islegne spikrar. Dei stend i rekkja og rad, feste til eit underlag, so dei heng godt i hop. Slike ord er gaava fraa ein og same hyrdingen, det vil segja: Gud. Hermed vil bokskrivaren segja at hans eigi samling av visdomsord, um ho ikkje verkeleg er av kong Salomo, so hev ho same guddomlege upphav. Gud som er det einaste upphav til all visdom, talar baade gjenom Salomos ordtøke og gjenom denne boki. So vert det ein visdom gjenom mange visdomslærarar, og bokskrivaren kann hava lov til aa skriva i Salomos namn.

Men ein visdom gjenom mange kann føra til for mykje spreiding. Det vert skrive mange bøker, og den lærehuga vil lesa og studera alt. Daa gjeld det aa agta seg so ein ikkje spreider seg. Mykje og ikkje mangt! ropar vismannen til ungdomen, det same som Plinius forma ut paa latin i «multum non multa». Samla deg um hovudsaki!

Denne hovudsaki nemner han til slutt. Det er maning til eit liv i otte for Gud og paaminning um Guds endelege dom. Alt det er sagt fyrr i boki, men han samlar det til slutt. Just det same er og hovudinnhaldet av Salomos ordtøke.

Luther var inne paa den tanken at det heller var Siraksonen enn Salomo som hadde skrive Preikaren. Men det er fyrst Hugo Grotius som i 1644 gjer aalvor av den tanken at boki ikkje kann vera av Salomo. No sam­stavast heile den gamaltestamentlege vitskap um dette. Ogso Hengstenberg og Keil og Caspari er med. Caspari peikar serleg paa at maalbruket syner yvergang til det talmud-rabbinske maalet. «Aa tilskriva Salomo Preikaren vilde vera likso urimelegt som aa tilskriva Cicero eller Seneca scholastikarlatin.»

Som me saag, hev ikkje bokskrivaren dult at han er ein annan enn kong Salomo. Han vil ikkje fuska boki si inn under Salomo, men han hev sine grunnar til aa tala i Salomos namn. Det hebraiske namnet paa den talande personen er som me fyrr hev set Kohèlet. Dette namnet tyder samlaren eller samankallaren. Paa græsk er det umsett med Ekklesiastes. Baade det hebraiske og det græske ordet kling saman med vaart ord kalla, og ein maalhistorisk samanheng er det visst og. Namnet skal daa kanskje segja at Salomo samla folk i hop og preika for deim.

Elles hev namnet Kohèlet det sermerket, at det etter formi er hokyn, men tek verbet til seg i hankyn. Det skal vera namn paa ein person, ein konge, men paa same tid gøyma i seg noko upersonlegt, abstrakt. Det er mest som naar me segjer majestæten for kongen. Det syner seg i Esraboki at embættsnamn kann hava denne form.

Det abstrakte som gøymer seg i namnet, hev sume tenkt skulde vera visdomen, som talar gjenom Salomo. Men daa vil det ikkje høva rett naar Kohèlet segjer at han hev vunne visdom, skulde visdomen søkja og vinna visdom? Betre var det vel aa segja visdomslæra eller visdomsrøysti. Ho kann segjast aa vinna sitt innhald og tala til alle tider, meir eller minder høgmælt. Bokskrivaren hev funne det best aa lata visdomsrøysti, som her fell saman med Abel-røysti, ropa gjenom Salomo. Naar han, den megtige og rike og vise kongen maa ropa faa­fengt, faafengt! um jordlivet, kva skal so me andre segja? Det vert daa beintfram sanning i ordi: «Eg, visdomsrøysti, var konge i Jerusalem,» for ho budde i kong Salomo.

Sume tenkjer at bokskrivaren beintfram trur at han hev livt eingong fyrr og daa vore kong Salomo. Men det slag sjælevandring finn me ikkje i det gamle testamentet, og aller minst vilde det høva til den syn paa dauden som me finn i Preikaren.

Kohèlet er eit symbolsk namn. Kva bokskrivaren sjølv heitte, fær me ikkje vita. Men naar skreiv han boki si?

Me hev set at maalbruket i boki peikar langt ned i tidi. Den siste profeten, Malaki, tala vel kring 470 f. Kr. Han hev sumt i stilen som minner um Preikaren, men hans maal er daa endaa i det heile klassisk hebraisk. Eitt ord hev dei peika paa som tydeleg syner at Preikaren maa vera yngre enn Malaki. Mal. 2,7 vert det sagt um presten at han er Herren Sebaots engel, Preik. 5,5 segjer utan nokor tyding beintfram «engelen» um presten. Hjaa Malaki treng namnet endaa tyding, den tid Preikaren skriv, hev det fest seg so det treng ikkje tyding. Ei grensa ned i tidi gjev den apokryfe boki som heiter Salomos visdom. Den boki er skrivi paa græsk kring 100 f. Kr. Ogso her hev me ein bokskrivar som talar i Salomos namn, men i kap. 2 strider han sterkt mot falske slutningar som fritenkjarar paa hans tid gjer ut fraa grunntankar i Preikaren.

So lyt me setja Preikaren til tidi millom 400 og 100 f. Kr. Men innanfor denne tidarbolk spørst det um den persiske eller den græske tid, fyre eller etter aar 300. Mange skildringar av samfundstilstand, vil høva godt paa satrapveldet i den siste persartid, daa riket var i uppløysing. Klagemaali yver hardvelde, urettferdige domstolar, ovlivnad millom storfolket, daarskap sett i dei høge sessar, o. s. b. vilde hava sin fulle rett i tidi kring 350.

Stundom synest boki aa spela inn paa visse historiske hendingar, naar me berre hadde havt det litt tydelegare. 6,3 nemner at um ein mann fær hundrad born og liver mange aar, men endar i ulukka so han ikkje kjem sømeleg i jordi, so er det ei stor ulukka. Artaxerxes II som døydde 360, segjest hava havt 115 søner og vorte 94 aar gamall. Hans ettermann vart drepen, og liket uppete av kattar. Dei tvo hev kanskje vorte samanblanda. 4,13-16 skildrar ein ung mann som vert konge etter ein gamall styving. Det kunde spela inn paa Kyros som vann yver medarkongen Astyages. 9,14-16 fortel um ein liten by som ein vismann berga mot ein stor konge. Men frelsaren fekk vantakk til løn. Det kunde kanskje sigta paa Themistokles som berga Athen, men sidan laut røma til persarkongen. Andre meiner at dette stykket sigtar paa daa romarane kringsette Syrakus 212 og Archimedes forsvara byen med sine kunster. Daa vilde boki høyra til den græske tid kring 200 f. Kr. Her synest det høva naar 10,16 ropar: «Usælt er du land som hev eit barn til konge!» I aaret 204 vart Ptolemæus 5. Epifanes konge i Alexandria berre 5 aar gamall. Det er kanskje tryggast aa ganga ned til 200, daa vert Preikaren samtidig med Jesus Siraksonen.

Baade i den persiske og i den græske tid fanst det jødar kring i mange land. Kvar hev daa Preikaren livt? 11,1 talar um aa senda brødet burt yver vatnet, og det synest sigta paa kornhandel. Eit slikt bilæte vilde høva um bokskrivaren budde i Alexandria. Men alt det han talar um regn og skyer høver betre paa Jødeland enn paa det regnlause Ægyptaland. Og han talar soleis um Jerusalem og templet og gudstenesta, at ein helst skulde tru at han budde i eller nær ved Jerusalem. Men han kann hava reist mykje, for han ser ut til aa hava vore ein mann med god raad, so han kunde koma ut og sjaa land og folk og i det heile prøva livet fraa ymse sidor. 4,7 kann kanskje tyda paa at han liver einsleg utan born eller skyldfolk. Ja, naar han segjer at han ikkje hev funne ei kvinna millom tusund, er det dei som meiner at han lid av ulukkeleg elsk, han fekk ikkje den han vilde hava. Men det er slett ikkje visst, Preikaren er ingen furtar som byggjer sin pessimisme berre paa personlege vonbrot.

Preikaren er vel eit stykke uppi aari komen, men so svært gamall tarv me vel ikkje tenkja oss han, um han enn skildrar alderdomen livande i kap. 12. Allvisst hev han endaa si fulle aandskraft. Truleg er det hans kall aa vera visdomslærar, og boki hans ber merke av det. Men ho er ikkje berre skrivi av pædagogiske grunnar. Tvertum, mykje i boki er hjarterop fraa ein som maa faa luft. Og just det gjer boki so hugtakande for oss. Den gamle mannen er ikkje berre ein lærar, men fyrst og fremst eit menneskje.

Preikaren høyrer til den greini av det gamle testamentet som me kaller visdomsbøker. Dei andre bøker av same slag er Salomos ordtøke, Jobsboki og sume av Salmarne, og av apokryfarne Sirak og Salomos visdom. Bøker av andre slag i det gamle testamentet er lovbøker, sogebøker, profetbøker og diktbøker.

Visdomsbøkerne hev det sermerkte ved seg, at dei handlar um mannalivet meir enn um folkelivet. Israels religiøse og nationale liv etter Sinai-pakti med gudsdyrking og messiasvoner kjem ikkje fram, men dess meir slike spursmaal som vedkjem det einskilde mannaliv, um god og vitug livsferd, um liding og lukka. Mannahjarta finn seg sjølv og ser inn i seg sjølv. Dei israelitiske vismennerne er internationale, med god rett kann dei kallast Israels humanistar. Alt fraa Salomos tid maa dei hava havt eit rom i Israels folkeliv, og dei synest helst hava teke seg av ungdomsupplæringi.

Israels visdom svarar paa ein maate til den græske filosofi. Me ser det paa Preikaren. Han «ser» det og det i livet, so «segjer han med seg sjølv» d. v. s. tenkjer so og so um det. Han dreg slutningar og segjer «eg veit» at det er so, han knyter nye slutningar til og segjer «det og» er so og so. Men visdomen gjev seg ikkje yver til theoretisk gransking av tilværet, han er heilt praktisk og ser paa dei ethiske spursmaal som kjem livet ved. So er visdomen og botna so fast paa religiøs tru, at me snarare kann kalla han theologi enn filosofi.

Naar Preikaren med sin visdom kjem so seint i Israels soga som me hev set, syner han daa nokon paaverknad fraa græsk filosofi? Mange meiner at det er so, at baade maalbruk og tankegang syner paaverknad fraa stoisk og epikuræisk filosofi: Den stoiske skriv seg fraa Zeno umkr. 300 f. Kr. og den epikuræiske fraa Epikur fraa same tid. Desse tvo filosofskular driv sterkt paa med ethiken, det som vedkjern den praktiske livsferd, og spursmaalet um livslukka og livsverde er sterkt framme hjaa deim.

Men i store hovudspursmaal skil Preikaren seg sterkt ut fraa dei tvo filosofar. Zeno ser Gud bunden til verdi, Preikaren ser i Gud den frie skaparen som stend yver verdi. Epikur tek gudarne reint burt fraa verdi, dei hev ingen ting aa gjera med jordi og jordlivet. Preikaren prentar inn paa det sterkaste, at alt vaart liv heng av Gud kvar einaste stund. Epikur vil taka burt rædsla for alt yvernaturlegt og guddomlegt. Preikaren manar gong paa gong til aa ottast Gud.

Med desse motsetningar er det ikkje rimelegt at Prei­karen skal ha fenge beintfram paaverknad fraa græsk filosofi. Det høgste kann vera ein umveges paaverknad av tankar som laag i lufti og av visse ord og vendingar som var komne ut miIlom folket.

Spursmaalet um lukka og livsnjoting og livsverde er so gamalt, at me finn det baade i Israel og hjaa andre gamle folk. For den sak skuld kann Preikaren med si tenkjing byggja heilt paa heimegrunn.

I den ægyptiske literatur som no er framgraven, finst det sumt med djupt pessimistisk drag. Eit dikt som er so gamalt at det naar upp til Abrahams tid, handlar um ein som er trøytt av livet. Han klagar seg for si eigi sjæl og bed henne hjelpa seg med aa koma i gravi. Livet er ulukkelegt for han, og han hev ingen aa venda seg til, for det finst ingen rettferdig, ingen som er nøgd, berre illgjerdsmenner. Han venta paa dauden som ei utfriing.

Ein song som heiter « Harpespelar-songen» er fraa Mose tid eller kanskje endaa eldre. Der finn me mykje som minner um Preikaren. Ein blind harpespelar syng i rik­folks lystige lag:

Kroppar kverv, og burt dei fer
med' andre kjem i staden, alt fraa fedra-tid.
Gudarne [1] som eingong var, dei kviler no i pyramidar,
og dei edle og forklaara kviler no i pyramidar,
dei som gravhus bygde, deira stad finst ikkje meir.
Kva hev dei no vorte til?
Høyrt eg hev kva Imhotep og Hardenef mun segja,
deira ord du alle stad kann høyra,
kor hev det seg no med deira stad?
Deira murar ned er falne, deira stad finst ikkje meir,
just som aldri dei ha' vore til.
Ingen kjem att derifraa og segjer kor det gjeng deim,
so han kann fortelja kva dei treng, og gje vaart hjarta ro,
til de gjeng til same staden dei er farne.
Ver godt i laget, so at hjarta sorgi gløymer,
fylg din hug so lenge du mun liva!
Myrra legg paa hovudet, og klæd deg fint i lin,
Salva deg med egte gudesalve!
Ver endaa gladare, lat ikkje hjarta trøytna,
fylg din hug og det du likar!
Gjer ditt arbeid her paa jordi, plaaga ei ditt hjarta,
til han kjem aat deg hin dag med klagerop.
Osiris høyrer ikkje deira skrik,
og klagemaal kann ingen berga ifraa gravi.
Di skal du vera glad i dag og ikkje trøyttast -
for ingen enno fekk si eiga taka med seg,
og ingen som gjekk burt, hev kome att.
[1] d. e. kongarne.

l den gamle assyrisk-babyloniske literatur finn me og sterke pessimistiske drag. Me kann nemna ein song som i alder naar langt upp i den israelitiske kongetid. Songaren segjer at han hev naatt eit langt liv, men kvar han ser, so er det vondt, ja vondt. Han hev dyrka gudarne med ihuge, men likevel hev det berre gjenge han vondt i livet. No veit han snart ikkje kva gudarne i grunnen vil. Og dei stakars menneskje er forgjengelege, «den som enno livde um kvelden, var død um morgonen.» Hugen vinglar millom ovmod og mismod. «I lukka talar dei um aa stiga upp til himmelen, i ulukka talar dei um aa fara ned til helheimen.» 

Det store forteljande diktet um kong Gilgames i Uruk rekk langt upp i tidi, kanskje yver 2000 aar f. Kr. Heile dette diktet er skildring av livsstriden og den faa­fengde lengting etter aa faa løysing paa dei djupaste gaator. Det skin igjenom at det gjev større lukka aa vera dyr enn menneskje. Prof. Gressmann dreg denne hovudsummen ut av diktet: «Aa liva er aa leita og strida, i sjeldnaste høvet njota og sigra. Ingen trolldom hjelper, ingen kunnskap nyttar til aa berga fraa helheimen der sjæli liver eit skuggetilvære i myrker og geispande stilla.»

Den gamle tidi baade i og utanfor israelsfolket hev tilfang nok baade til bjartsyn og svartsyn paa livet. Det hev funnest djupsynte menner med kjennskap til det uro­lege mannahjarta som svingar millom himmel og helheim, «himmelhøgt jublande, sorgtyngt til dauden,» som Goethe segjer. Gud hev sjølv teke seg av desse tankar i israels­folket og fyllt deim med sin inspiration.

Me hev set i stykket um «Kain og Abel» den myrke molltonen som gjeng gjenom den eldste mannasoga soleis som ho er fortald for Israel. Sidan i Israels eigi soga høyrer me att den same tonen gong paa gong. Naar det galdt syndi, hadde Israel mange bjartsjaaarar som tenkte det var ikkje so faarlegt. Me hev Sinaipakti, me hev templet med gudstenesta, me hev vaare messiasvoner med framtidsmaalet for israelsfolket. Alt dette kann me lita paa, so er me trygge. Men daa kom profetarne med motlegg borne av djup svartsyn. Den gamle soga fortalde um syndefallet i paradiset, profetarne peika mest paa den nær­verande syndi som raadde i folket. Ho var so faarleg, at ho kunde gjera um inkje baade Sinaipakti og tempelguds­tenesta. Ho aat upp krafti or deim innanfraa, og daa laut det ytre skalet og falla til slutt. Amos, Hosea, Jesaja, Jeremia, Esekiel prenta inn dette i stigande mun. Til slutt sanna det seg at folket maatte beint inn i undergang.

Messiasvonerne fekk si reinsing gjenom profetarne, og gangen gjekk mot myrkare og myrkare tonar. Fyrst var det den straalande kongen i det herlege fredsriket, men so vart det den vanvyrde og lidande tenaren som laut døy til frelsa for folket. So stor var skaden som skulde bøtast. 

Den israelitiske religion hadde mykje aa gjera med folket og folkelivet. Ikkje so at han var berre folkereligion som sume vil hava det til. Nei, alt fraa fyrste stundi vende han seg og til einmenningen, baade i patriarktidi og i Mosetidi. Naar det heiter: heidra far din og mor di! so talar vel det til kvar ein for seg. Men det var tider daa uppgaavorne i folkelivet kom mest fram, og det kom andre tider daa einmenningen atter skaut seg fram. Daa jødarne miste sitt politiske sjølvstende, kom tanken til aa venda seg meir til den personlege sida ved religionen. Me ser det hjaa Jeremia og endaa meir hjaa Esekiel. Jeremia peikar paa den nye pakti som Gud skal skriva i hjarta, Esekiel som liver millom folket etter undergangen, segjer endaa sterkare at sjølve hjarta maa verta nytt, kjøthjarta for steinhjarta. Kvar og ein maa standa aaleine med sitt andsvar og si skuld, og so ganga gjenom umvendingsdøri. Ho er so trong, at det slepp berre ein og ein igjenom.

I persartidi og grækartidi gjeng det so ikkje berre med jødarne, men med alle smaafolk der kringum, at dei misser sjølvstyret og vert samla inn i stor-rike. Politikk og samfundsspursmaal vert daa samla paa faae hender, og folk flest fær dei ikkje so nær inn paa livet. Daa vender tanken seg innetter mot seg sjølv, menneskja finn seg sjølv. Det syner seg tydeleg i den græske filosofi, som vert meir og meir subjekriv, til slutt kjem det folk som ikkje held noko anna for verkelegt enn menneskje-aandi. I dette subjektive straumdraget er den stoiske og epikuræiske filosofien med, um dei ikkje gjeng til den ytste grensa.

Di meir kvar mann stend for seg sjølv, di meir kjem det til aa heita, ikkje: eg og folket, men: eg og livet. Daa kjem det nye vande spursmaal upp. Israel trudde paa ein rettferdig Gud, som hadde skapt og styrde verdi. So lenge ein israelit kjende seg eitt med folket, kunde han sjaa Guds rettferdige straff eller løn utjamna i ættarlivet. «Federne aat sure druvor, og sønerne fekk saare tenner.» Men naar han sjølv stod aaleine andlit til andlit med livet, daa maatte han hava løn eller straff for sin part, elles var ikkje Gud rettferdig, og det maatte vera i jordlivet, for noko anna liv hadde han ikkje full vissa um. Eit stutt mannalivet lettare aa sjaa yver enn eit langt folkeliv, men det er van­skelegare aa faa til aa høva inn under rettferdskravi.

Me ser profeten Jeremia lid under dette. 12,1 f segjer han til Gud: «Du Jahve er for rettferdig til at eg skulde strida med deg. Men likevel maa eg spyrja deg um retten. Kvifor er vegen aat dei gudlause lukkeleg, og alle utrugne uskadde?» Salme 49 og 73 er inne paa desse same vanskar, og Jobsboki tek grundigt upp spursmaalet um den personlege liding, korleis den høver med Guds rettferd. Hjaa alle desse vil svartsyni til aa breida seg ut yver ein ny umkverv, ikkje berre mannalivet med si synd, men sjølve Guds styre i verdi. Det er paa veg til aa verta pessimisme i moderne meining, at sjølve skaparen og styraren gjer daarlegt verk. Men Guds folk i Israel kjem aldri so langt. Dei vinn heim att til tru, dei trur paa ein rettferdig Gud um dei ikkje fær sjaa det. Og dei gjev seg yver til Gud um dei so skulde missa alt anna. Herlegast kjem dette til ords Salme 73,25 f: «Kven hev eg i himmelen! Og naar du er min, hev eg ingen hug til jordi. Um mitt kjøt og hjarta vert til inkjes, so er Gud æveleg mitt hjartans berg og min lut.»

Songaren er viljug til aa gjeva avkall paa alt, naar han berre kann faa hava Gud. Men det er ikkje mange: israelitar som stig so høgt. Dei fleste kann ikkje koma burt ifraa at Gud maa syta for lukka i jordlivet aat dei som høyrer han til. I Salme 37 kjem denne trui sterkt fram. «Eg hev vore ung og er gamall vorten, men aldri hev eg set den rettferdige forlaten eller hans born beda um brød.» Her er ikkje berre tru, men røynsla.

I det heile hev Gud set det naudsynlegt aa føra inn i Israels religion sterke drag av optimisme. Jødarne maatte faa læra at gudelegt liv bar si frukt, det var ikkje faafengt aa høyra Gud til. Daa laut det talast um løn og um lukka. Fyrst var daa spursmaalet: «Er nokon so rett­ ferdig, at han fortener løn fraa Gud?» Svaret vert stundom ja, og me høyrer songaren beda: «Døm meg etter mi rett­ferd, etter mi uskyld!» Sidan vart spursmaalet: «Korleis skal løni vera?» Svaret vart: «Lukka og velferd i jordlivet. Den rettferdige skal faa det han treng og, lukka skal fylgja han.» Dei profetiske messiasvoner teiknar idealet av eit nytt israelsrike paa jordi.

Mange israelitar stogga med denne bjartsyn paa mannalivet og jordlivet, og dei venta seg eit jordisk messiasrike. Men Gud syrgde for ein veg som skulde føra djupare inn. Han sende ein mann til jødarne som skulde taka upp fraa grunnen det spursmaalet: Kva er lukka? Korleis vinn eg lukka? Denne mannen kom i ei tid daa all den tenkjande verdi søkte innetter, daa skulde ogso ein Guds mann sjaa inn i mannasjæli og lysa der med søkjeljos fraa Guds ande.

Preikaren syner at lukka er ikkje aa finna i jordlivet. Det hjelper ikkje um dei ytre kaar vert dei beste, for det er sjølve hjarta som vantar evna til aa fanga lukka. Vel er æva lagd der inne, men berre som ein uendeleg trong som aldri vert stilt. Eit jordisk messiasrike vilde ikkje nytta det minste, so framt ikkje hjarta vart umskapt. Preikaren sjølv talar ingen ting um messiasvonerne, men han samlar seg um det spursmaal som er avgjerande for frelsa. Det svaret han gjev, er for det fyrste negativt, men likevel vig­tugt nok. Salmisten sa: «Kven hev eg i himmelen? Naar eg berre hev deg, kann eg gjeva avkall paa alt.» Prei­karen segjer: «Kven hev eg i meg sjølv? Berre med meg som eg er, vert eg fatig um eg so aatte heile verdi.»

Her hev me dei tvo store grunnspursmaal i religionen; Kva er Gud? Kva er eg? Gud sytte for at desse spurs­maal vart uppgjorde paa gamaltestamentleg grunn, fyrr han endaa hadde opna full utsyn inn i livet bak gravi. Ende­lykti vert ei djup svartsyn naar det gjeld den eine sida. Eg og jordlivet er ingen ting verde som me no er i oss sjølve, ja det var betre at livet ikkje var.

Men naar det gjeld Gud, naar ikkje svartsyni upp til han. Han er god, og han hev skapt alt godt, og han vil til slutt døma rett. Preikaren held fast paa si jødiske barnetru, um enn tanken legg aldri so mange hindringar i vegen.

Kva skal ein so gjera med det faafengde jordlivet? Her synest vera tvo vegar. Den eine er munkevegen, som vil avsegja jordlivet med all si faafengde lyst. Den vegen slær alt den stoiske filosofien inn paa. Den andre vegen er aa døyva si uro i vill sansenjoting og segja som folk paa Jesajas tid: «Lat oss eta og drikka, for i morgon døyr me.» Den tonen høyrde me noko av i den ægyptiske harpespelarsongen, og hjaa Bellman høyrest han i nyare tid: «Drick ur ditt glas, se døden på dig vantar!»

Preikaren gjeng ikkje nokon av desse tvo vegar. Um han ikkje kann faa den store lukka i jordlivet, so slær han ikkje imot den smaagleda livet kann gjeva. For han tek det som ei gaava fraa Gud. Aa eta og drikka og gleda seg, det kjem fraa Guds hand. Og um ein mann fær rikdom og mykje godt i jordlivet, treng han attpaa fraa Gud ei evna i sjæli til aa njota det. Baade den ytre gaava og den indre njotingsevna kjem fraa Gud. Gud stend bak med si gaava, men han ventar og framanfor med sin dom. Paa det grunnlag kann Preikaren trygt segja: «Et og drikk og ver glad! Njot det vesle du fær i dette faafengde livet!»

Naar det er Gud som gjev den smaagleda som jord­livet kann bjoda, so maa det sjølvsagt vera han ein skulde venta ei heil og fulltonande lukka ifraa. Er det han som raader yver um hjarta kann njota eller ikkje, so maa det vera han som skal skapa eit nytt hjarta.

Gleda i smaating kann ein faa paa tvo maatar. Anten soleis, at ein hev vunne den store gleda som fyller hjarta, og so med takk kann taka smaagleda attpaa. Eller soleis, at ein resignerar, gjev avkall paa den store gleda som ein ser ein ikkje kann naa, og nøgjer seg med det mindre. «Det som auga ikkje ser, det gjer ikkje hjarta saart,» segjer ordtøket.

Preikaren kjenner ikkje den fulle lukka fraa Gud som fyrst kom med Jesus Kristus, difor resignerar han og nøgjer seg med det mindre. Men denne resignation er ikkje noko han kann taka seg til, det er ei gaava fraa Gud.

Gjenom Preikaren segjer den gamle pakti liksom sitt siste ord. Han syner at «det som vert gamalt og foraldra, er nær ved aa kverva burt,» Hebr. 8,13, den gamle pakt maa kverva, ei ny maa til. Her ned i verdi «under soli» maa koma rikare straalar fraa verdi yver soli. Dette segjer Preikaren ikkje berre negativt, men og positive moment hev han, som peikar frametter. Det er Guds gaava til den einskilde sjæli og Guds dom yver kvar sjæl for seg. Det peikar beint ut i den nye pakt.

Gud hev styrt det so, at Preikaren kom inn i den heilage skrifti. Optimisten Jesus Siraksonen, som ser ljost paa visdomen og paa lukka i jordlivet, han kom ikkje inn. Nei, det var just pessimisten Gud hadde bruk for i bibelen. Preikaren segjer det vert skrive for mange bøker. Den same kjensla var det vel som just daa dreiv dei raadande millom jødarne til aa faa endeleg avgrensa kanon, den heilage skriftsamling. Det kom for mange bøker som minder dugde, og folk flest hev daarleg smak, dei vel seg ikkje det beste.

Sirak kom ikkje inn i kanon, men jødarne lika han svært godt. Dei fleste vilde vel heller halda seg til hans optimisme enn til Preikaren med hans pessimisme. Men Sirak hev ikkje noko nytt aa leggja til den gamle pakt, det som Preikaren verkeleg hev.

Det hev funnest jødar som ikkje vilde hava Preikaren i kanon. Schammajs rabbinskule vilde hava boki ut or bibelen, men Hillels skule vilde ho skulde standa der. Dette spursmaalet vart endeleg avgjort paa rabbinsynoden i Jabne aar 90 e. Kr. Motstandarane mot Preikaren fann at han sa imot seg sjølv, 2,2 og 7,3 mot 8,15. Like eins furdast dei paa maningi i 11,9 til aa fylgja det augo lokkar. For lovi segjer 4 Mos. 15,39: «De skal ikkje fara um etter dykkar hjarta og dykkar augo.» Men daa dei so fekk høyra at Preikaren la til: «For alt dette vil Gud deg draga til doms,» ropa dei: «Salomo hev tala vel!» og boki som alt lenge hadde stade i den heilage skriftsamling, vart endeleg godkjend. Dei var alle samde um at det var Salomo som hadde skrive boki, og det gjorde vel sitt til at ho fekk standa i bibelen.

Preikaren med si Abel-røyst hev vel naatt inn til nokre faae som hadde øyro til aa høyra med. Men den seinare jødedom hadde lite øyra for den djupe sanning i denne røysti. Der hev Schopenhauer rett, naar han segjer at jødedomen er optimistisk. Merkeleg nok sette dei Preikaren til lesestykke i den glade lauvsalshelg. Det kling mest som naar Harpespelaren syng i dei gamle ægyptarlag.

Red.merk.:I boka er framhevingar med sperra skrift. Her har vi nytta kursiv. Fotnotane er i denne versjonen plasserte etter avsnitta som dei viser til.

Frå Peter Hognestad: Preikaren. Ei bok um bjartsyn og svartsyn paa livet. Kristiania: H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1915. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad