Fløyta i skogjen

(Dikt, 1885)

(Maal fraa vestre Telemarki.)
 
Av Hallvor Lie
 
De va naa tileg om morgoen,
skogjen han sto o gret,
o taarine tippa av kvisto: -
han høyrde fløyta let.
 
 
Selja lyfte paa louve sine
o lydd' ette fløyte-ljo;
»sælast æ eg, som hev slikt baan,
av trene i skogjen gror«.
 
 
Bjørkje bjarte paa krona briska,
fuglen av kvisto fouk
o saang so vent om sol o sommar;
men fløyta dei alle strouk.
 
 
Bjønnen sette seg ne i bakkjen,
der han gjekk o aat:
»baanegraaten æ ven o høyre,
men venar æ fløyte-laat!«
 
 
Ikkoni oto reii kjikka,
o smatta o lo so smaatt:
»naa høyrer eg fløyta! Bonne mine,
ho tullar so ven ein slaatt«
 
 
Jasen mæ sine øyro lange
stansa ou i sitt sprang:
»naar alstøtt fløyta i skogjen let,
daa blei ikkji vetren lang«
 
 

Frå Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Kristiania: Forlagt av Huseby & Co. limit. 1885. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad