Eit livsbilæte

(Dikt, 1901)

Av Olav Lofthus
 
 
"Aa Gud skje lov, no vert det vaar,"
sa gjenta, ho var sekstan aar.
"No blømer det i dal og lid,
og soli skiner blank og blid;
smaafuglarne av sæla kveda,
og jordi drøymer bert um gleda."
 
 
"No stundar det til sumars bil." -
Skal tru kven gjenta velja vil?
Ho veit det godt, og hjarta slær
so varmt, naar h a n ho møta fær.
Til vaaren stend ho under kruna
med honom, i sin brudebunad.
 
 
Det haustar snøgt. Det ljose haar
er graasprengt alt av livsens saar.
Dei tvo ber saman mang ei byrd,
men no vert foten trøytt og styrd.
"Skal tru at ikkje vegen sletnar
litt lenger fram, og livet letnar?"
 
 
Men seint den lange vinterkveld
ho eismall sat ved aarens eld.
Den trugne mann seg kvila fekk,
og borni ymse vegar gjekk.
"Aa gjev eg snart so langt kann vinna
at honom atter eg kann finna."
 
 
So tek ho fram si bibelbok
og lès kor Herren ofte skok
og refste deim han elska mest:
"Som Gud det lagar er det best."
Det stormar ute; hennar hjarta
i fred hev syner fagre, bjarte.
 
 
Den gamle mannen ho grov ned
er atter ung i himlens fred.
Ho ser at han er velsédd gjest
i himmelrikes store fest.
Han smiler ned og retter handi.
"Takk, Gud, no losnar siste bandi."
 
 
[Notar:]
bert = berre. styrd, stiv. grava ned: begrave.
 
 

Frå Lesebok for høgre skular. Utvalde lesestykke i bygdemaal og landsmaal ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Tridje upplag. Kristiania: Alb. Cammermeyers Forlag 1901. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad