Å kjære Jesus

(Salme, 1949)

Omsett av Torkell Mauland
 
 
Tone: Å Herre Krist, deg til oss vend (O Herre Krist), nr. 13.
 
Å kjære Jesus, tenk på meg!
D'er lite det eg veit um deg.
Eg vilde gjerne på deg tru
Og i ditt hus i himlen bu.
 
 
Då du var barn, det visst eg veit!
Du aldri gjorde mor di leidt.
So tak all vanart burt frå meg
Og hjelp meg til å likjast deg!
 
 
Reins meg frå syndi med ditt blod
Og ver meg miskunnsam og god!
Alt vondt eg gjorde, tilgiv meg,
Og lat meg tenkja trutt på deg!
 
 
Kvar kveld so vil eg tenkja at
Du låg i krubba jolenatt;
Langfredag rann ditt dyre blod,
Og påskemorgon upp du stod.
 
 
No sit du ved Guds høgre hand
Og styrer alle folk og land.
Send oss din Ande, styrk vår tru,
So me i himmerik fær bu!
 
 
[Etter N.K. Holm? (i «Harpen»)]
 
 

Frå Nynorsk salmebok for kyrkja, heim og skule. Fjorde upplaget. Med tonar. Oslo: Det Norske Samlaget 1949. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad