Det var vaar

(Artikkel, 1914)

Av Elias Melvær
 
 
Eg var i Nidarsos. Vakna tidleg. Kom i klædom i snøggaste laget. Skulde fylgja med eimbaaten til Ørlandet. Regntungt vedr. Lortslaps i gata, og eg drogst med influensa, so eg var ikkje lett paa foten. Men skunda meg maatte eg, um eg skulde naa baaten; for eg hadde likavel ikkje vore fortidlegpaa fotom. Med nokon sveitte paa skinnet rakk eg daa tids nok fram. Umbord raaka eg ein snill mann, som gav meg "acityl-salicylpastiller" held kva det no var, han kalla det. Det skulde vera godt mot influensa sa han.
 
 
Eg var medcintruande og aat, maavita; for naar ein hev influensa, so æt ein allting, berre ein kjem paa trui um, at det kann hjelpa mot den fæle sykja. So sat eg so lunt og godt, pakka i pels og alt, som hita kunde.
 
 
Landet ikring var vænt aa sjaa, endaa regnskodda gøymde mykje av det.
 
 
Og mange minne fraa soga vaar for gjenom sjæli. Det var no og yver gamall soga­grunn me for, maa vita. Rett som det var, for den tanke gjenom meg: Kor kjem det til aa gaa ikveld? Du er klen. Vedret er raakaldt, ingen kjenner deg. Uff! Eg varso nedkomen, at eg skalv all igjenom berre ved denne tanken. Eg liksom kulsar endaa, berre ved aa minnast det.
 
 
Det liksom song fyre øyra: Heim, heim! Men det var 60 mile dit.
 
 
Daa eg steig paa land, kom sjutsmannen meg smilande imøte og tok tyet mitt, daa han fekk vita, hven [sic] eg var. Hesten med fint køyre-ty stod tett ved. Eg hadde berre "aa stiga uppi".
 
 
Eg livna til noko ved dette møtet med den ukjende mannen, som slik tok imot meg. Eg spurde, og han fortalde um mangt og mykje ikring oss, [sic] Det flate Ørlandet minna meg sterkt um ein stag paa Sjælland. Vegen taag yver myrar. Vipa sat so spak og trygg langs vegen.
 
 
Og so væn, som den fuglen er! Naar ho fauk upp tett ved oss, so me fekk sjaa dei lette slag i lufti av dei fine, brune, silkemjuke vengjer med dette fjomlette fakset paa endarne av slagfjørerne; [sic]
 
 
Det kjendest som naar ei kjær hand stryk deg linnt yver tunnvangen. Ja, det var sæle stunder, me køyrde millom desse spake fugleflokkarne.
 
 
Det var vel moro og sjaa paa ærfuglen symjande nede ved strondi, og aa høyra paa den kvite, svart- og raudlila ærsteggen, korleids han med sitt o-oo! lokka paa den brune, velfødde maken sin. Men kva var dette mot synet av vipa?
 
 
Komen til Upphaug, der eg skulde tala um kvelden, raaka eg gamle læraren der. Denne mannen gløymer eg ikkje lett. Han kunde sit fedralands geografi, skal eg segja. Han var, skam aa segja det, lika godt kjend i Firda- og Sygnafylke han som eg, endaa eg høyrer heime der. Um han hadde reist der? Nei; men han hadde brukt "kort og bok".
 
 
Det var ikkje berre landkunna, han var so heime i, men ogso soga vaar. Han maa hava lagt arbeid paa aa dyrka minnet sitt. Endaa so gildt det var aa faa tala med honom, laut eg daa i seng ei tid - fyrr eg skulde halda fyredraget. Og kvildi kom vel med. Influensa tok meg verre etter kvart, og daa eg tvo dagar seinare kom til Sandviksberget - til sergeant og postopnar Moen, daa var det mest ute med meg. Men der var det som aa koma heim. Eg vart soleids stellt, at eg berre paa tvo dagar kjende meg herre yver sjukdomen.
 
 
Kor godt det gjerer fyre den framande aa raaka slike folk! Sams hugmaal, og so slikt eit hjartelag!
 
 
Eit aar seinare køyrde eg og same veg mot Upphaug, som ovanfyre nemnt. Daa hadde eg ein sjutsmann, som til og byrja med køyrde kjerra yver ende sprang sjølv av, slepte taumarne og lett staa til. Sprang ut, og eg vart hangande etter føterne [i] det sterke skvettlærfestet - ikring 300 meter, fyrr eg fekk meg laus. Hadde hesten ikkje sprunge midt etter vegen, men mot vegkanten til den sida eg hang, hadde eg i ei snøggvenda vorte knasa som ei blaa-skjæl. Daa endeleg ein mann, som kom tilmøtes, hadde fenge stogga hesten, synte det seg, at den eine skoki hadde saara honom stygt, og at køyretyet og hadde fenge mykje skade, som vente var, daa kjerra laag paa sida og hesten fôr [sic] i tanande tvisprang.
 
 
Um eit bil sat eg ved sida av ein vitugare mann i ei onnor kjerra, med ein annan hest i sælen. –
 
 
Reisetyet og klædi, eg hadde paa, skal eg ikkje tala um; men kor kroppen saag ut! Nokre smaa riv i andlitet hadde ikkje mykje aa segja; men eg var møyr­banka, so det var lite anna en gult og blaatt aa sjaa, daa eg fekk klædi av meg paa Upphaug. Eg hadde, sant aa segja fenge nøgda av unionsmerkje. Og slik verk, som der fylgde deim! Det var som eg brann all igjenom. Verst verkte høgre hofta; men ved gni­ding og kamferolje kom ho istand att um nokre vikor.
 
 

Frå For Bygd og By nr. 24- 26 1914. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad.