Fraa Florøy

(Lesestykke, 1903)

Av Elias Melvær
 
 
Florøy ligg ute «i ytste havet», paa lag som Stavenes, den vestlengste knausen av Norigs fastland. Det er vel difor ein so ofte fær høyra ukjende folk tala um at alle slags kaldsure vindar drep mest alt voksterliv her, so baade tre og blomar berre vert til knytingar. 
      Eg fekk med meg ein mann som trudde paa dette. 
      Me gjekk til posthuset, glytte paa hagegrindi, og han let upp i høge vêret for morell-tréi han saag og andre ting. «Huset stend kransa med væne tre og blomar,» sagde han. «Ja, no er her fire aar sidan frua i huset tok til aa planta her,» sagde eg og rusla i veg att. - Eg lést vilja syna honom det nye bankhuset han spurde etter. 
      Daa me kom dit, peika eg paa ein hage attmed der, lét upp grindi og tok honom med inn. «Nei men dette hadde eg daa ikkje trutt!» sette han i. - «No slepp du tru,» sagde eg; - no kann du sjaa. Og du skulde berre vita kor mange pengar eigaren sél for um aaret i bær og blomar, du!» - Men denne hagen er no vel gamall?» - «Aa ja, paa lag 30 aar - knapt det. Sjaa so der! Der ligg ein som byfuten rudde. Der kann du tru voks væne jordbær, den tid han var her og sjølv stelte deim. Tréi, som endaa stend, talar for seg sjølve.» - «Ja, du kann so segja.» 
      «Kom no her,» sagde eg, og me gjekk aat Vetleaasen paa den fine sandvegen langs med Vetlevatnet. Daa tok han meg i armen og sagde: «Meiner eg ikkje her stend allslag gran og fura, og raun og bøk, og eik - - og slike aarsrenningar! Men kvar er bankhuset?» - «Der burte me no kom ifraa.» - «Aa ja. Men denne skogen og desse hagarne her utmed havet!» - - «Men kom no her,» sagde eg. - «Hev du endaa meir?» 
      Me gjekk sør um aasen og ned sunnanfor kyrkjegarden. So med eitt sette han i: «Meiner eg ikkje her stend ein heil aaker med berre jordbær!» - «Ja, denne er det lensmannen som eig. Ser du, det veks ute ved havet?» 
      Me gjekk ned til huset. Der var ikkje folk aa sjaa; me smatt inn i hagen. No tok han meg i oksli og spurde etter namni paa alt det væne han saag av blomar og tre. Eg skjemdest mest, ikkje for di eg hadde gjenge inn i hagen uløyves, men for di eg ikkje kjende namn paa mangt av det fagre der var. - «Kva heiter no desse rosorne her? - og desse? og desse h e r daa?» 
      «Aa, so vakkert som her er!» sagde han til slutt. Daa me gjekk ut or hagen, stogga me attmed husveggen ei stund og saag paa dei fine bjørkerader langs med vegen mot byen. Eg peika paa bjørkelunden burtanfor huset: «Der, som for 40 aar sidan var svarte moldi eller berre berget, stend no ein livande frisk krans av bjørk, og lygner um hus og hage og gled kvar som ser det; slæst med nordvest-stormen og vestanróket, og vinn siger, og trivst godt, som du ser.» 
      «Men attmed det huset der er ein hage og,» sagde han. 
      «Ja, den hagen der var det ein dokter som rudde. No i aar hev den nye eigaren vølt mangt der, so no er der ungt og gamalt i yndefullt samspel.» 
      So bar det til apoteket. «Her tok eigaren til aa stella fraa nytt i fjor,» sagde eg, daa me gjekk inn. 
      «I fjor?» tok han uppatt og spê­lte augo, liksom han trudde eg hadde sagt ei skrona. Desse tréi, so trivelege no alt, - kven skulde trutt slikt? Eg tenkte no i minsto det skulde lenger tid til aa faa deim til aa trivast so vel.» - «Det er so tenkjande,» sagde eg; «serleg her, som nordanvinden hev lettare for aa naa til.» - «Her er alt, baade rips og bringbær og jordbær, umframt tre og mangt anna. Kor gild ein hage maa ikkje dette verta um faa aar,» sagde han, daa me gjekk ut att. 
      Kjem eg att um nokre aar, so vil eg sjaa paa desse staderne att,» sagde han paa vegen til bryggja. - «Ja gjer du det,» svara eg. «No vonar eg du hugsar paa at Gud baade let soli verma og regnet bløyta, so grøda veks ute ved havet og.»
 
 

Frå Lesebok for folkeskulen ved Andreas Austlid. Andre bandet. Alb. Cammermeyers Forlag, Kristiania 1903. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad