Jolasalme

(Salme, 1879)

Av Elias Melvær

Tone: Frå himmeln høgt

Eg er so glad fyr Jesus kom
med helsebot og lækjedom.
Eg er so glad, fyr Jesus er
min freelsar og min Herre kjær.

Kvat had' eg gjort, at han kom ned
frå himmeln sin og gav meg fred?
Kvat had' eg gjort at han let meg
få koma inn i lag med seg?

 Kvat had' eg gjort, at han fyr meg
på usle strå vild' leggja seg?
Kvat had' eg gjort, at han tok på
seg all den straf eg skulde få?

Kvat had' eg gjort, at han vild' gå
mot satan og til honom slå
fyr meg, so eg kan ha den trøyst,
at no frå satan eg er løyst?

Kvat had' eg gjort, at han fyr meg
tok spottord, håd og skam på seg?
Og hudi av seg piskad fekk,
so at eg fri fyr detta gjekk.

Kvat had' eg gjort, at han tok på
seg tornekruna, eg sku få?
Kvat had' eg gjort, at han fyr meg
til krossen og let nagla seg?

O Jesu hjelp meg, at eg må
deg alltid fyr mitt auga sjå
og lova namnet ditt på jord,
kvar helst eg fer i sud held nord.

Red.merk.: Salmen vart opphavleg prenta i Vestmannalaget sitt blad "Frå By og Bygd" 1. desember 1879.


Frå Anders A. Lothe: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. 1950. Side 495. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad