Bøn

(Dikt, 1869)

Av Hans Mo

Gud min fader! lat meg finna
Kvild i opne Naade-Famn!
Tvaa meg rein og hjelp meg vinna
fram til deg i Jesu Namn.
Syn meg Veg paa Livsens Straumar,
styr mit Skip i stille Hamn.
 
 
Tidleg eg min Prydnad slengde,
som eg fekk som liten Kind,
Syndalarv eg paa meg hengde: −
vil du sjaa meg, Frelsar min?
Gøym meg i den kvite Bunad,
som du vann paa Krossen din.
 
 

Frå Lesebok i Landsmaalet ved Olav Paulson. Bergen, Forlagt av Ed. B. Giertsen, 1869. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad