Eit liv paa Fjellet

(Dikt, 1869)

Av Hans Mo

Paa "Ørstadvikhetta" der uppyver Mo
eg sat slik ein Sumardag,
daa berre so høgt til Fjells stend Sno
imot deg med kalde Drag.

Forutan meg sjølv der inkje beid
eit Livande til at sjaa,
men nedunder klivrad ei Geiteskreid
imillom dei Nutar blaa.

Eg kjende meg helder vesall daa
og skalv av mit Einvær mest,
eg difyre laut ned i Dalen sjaa,
det tykte eg huggad best.

Der laag han i grøne Felden svøypt
med skiftande Lauvskogskrud
som sovande Barn i Solljos døypt,
og vitnade: god er Gud.

Men kring meg var alt Slag kaldt og bert,
det var berre Nut i Nut;
du trur vel, eit Liv var litet verdt,
som her skulde halda ut.

Det tykte eg ogso, daa der eg sat
og hustrad paa kalde stein; —
daa saag eg ein liten Fugl so kvat
smatt ut millom mine Bein.

Sjaa Arten, du! Under Steinen var
eit Reid med smaa Ungar i;
med gule Nebben gapad einkvar,
og bidad paa Moder si.

Og sjaa, der var ho alt komi att
med Nøring til Eldet sitt.
Ho tuttrad av Umsut, ikring meg skvatt
og kviskrad: "Aa flytt deg litt."

Eg flutte meg braatt, og so snøgg som Pil
til Ungarne inn ho smatt,
og Maten kom um eit litet Bil
til Steinen med meire Mat.

So heldo dei Dagen ut og song
og vidt etter Nøring fauk,
ja, vaagade Livet so mangein Gong
i Fjellet mot Ørn og Hauk.

Sjaa so dette Livet paa nakne Fjell,
der Steinen til Tak var nog!
Eg tenkjer, det var ei so verdlaust, lell: —
de tykte visst Fuglen og.

Nei Livet hev' Verd og er inkje surt,
naar rette Aadri du fann
og kunde ditt Hjarta saa giva burt
fyr det, som du elska kann.


Frå Lesebok i Landsmaalet ved Olav Paulson, Bergen: Ed. B. Giertsen 1869. 
Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad