Fraa Sunnmøre

(Forteljing, 1885)

Av Hans Mo

(1879)

Du kjenner Bergensleidi ? Ikkje det. Jau, der er det graatt i graatt; tronge sund millom nakne skjer og holmar; innklemde viker millom verbitne nesoddar, som det stend smaa hyttur paa. Du lyt sjaa vel aat, vil du uppdaga dei; for dei er mest ikkje til aa skilja fraa steinom. Du ser ein liten tjorebrædd baat ut med vesle naustet; so veit du, det er manns heim. Noko-lite graa-seid paa ei trode under stoverafti, ei ku og ein saud elder tvo, som stend paa neset og ser paa eimskipet, - so heve du dei ytre herlegdomar paa alle desse smaae skarve plassom. Grøn mark elder tre finst ikkje; berre lyng og stein. Jamen er det kaldt og stuslegt aa sjaa.

Men alt naar du kjem til Nordfjord, lettnar det; du fær anda, for det opnast, og det fagre landet der inne ser paa deg med store augo gjenom dalar, som mynner ut mot havet. Under Hornelen er det stort, og fjordarne nordyver derifraa breider seg ut millom romfræge strender, som du kann skoda ut og inn yver so langt, at du møter den myrke rand av furuskogen inn i landet. Og naar det so ber nord um Stad, er lands-laget i heile si bygning so ulikt knausarne paa Bergensleidi, at det er som du skulde vera komen til utlandet. Alle fjell er rundbygde med breide barmar; det er grøne kjeglur med blaae toppar og solglime paa snoen deira um kveldarne som elden yver Vesuv.

Fraa Storfjord gjeng Voldsfjorden og Ørstafjorden baae tvo mot aust inn i landet. Voldsfjorden er den lengste, men Ørstafjorden den fagraste. Det er makalaust finbygde fjell og smaadalar med kvite fossande elvar og lauvskog, som helsar deg paa alle kantar.

Liadalsnipapaa nørdre sida stend lodrett, elder kannhenda ho luter seg litevetta fram yver fjorden. Det er herdar og hals og hovud paa henne med kvite skydottar til sine tider fløymande kring andlitet som eit skaut. Ho er sopass nipe, at ho syner seg nokre mil "ut um land". Røyken fraa ljoren i Liadal kurlar seg upp under nasetippen hennar, medan fjorden ligg stavstill nedunder og speglar av det heile.

Ein fjordung veg av strandi er liksom nedsnødd elder yversaadd med eit mangedubbelt lag av uhorvelege steinar - myrkeblaae i grjotet yver alt. Det er digre kultar, klokkur og klovningar. I raset ned fraa storfjellet upp yver, som dei ein gong i tidi hev flaknat ut ifraa, kann ein sjaa, kor dei er komne dansande med noserne mot kvarandre, so at tipparne er avstøytte til steinmjøl, og dette, som i flaumen hev rynt ned millom steinarne, hev sidan grasgjenget og stikk no sine friske grøne straaduskar upp or dei svarte hol og klufter. Det er naturlivet, som liksom spottar sine hindringar og sjølv i denne jøtunheimen veit aa halda seg fast med kroken sin.

Elles er det fagre, smilande strender inn etter med skiftande lauvskog av bjørk og hegg og suraplar millom smaaelvar, som sturtar seg ned i fjorden, so du liksom tykkjest kjenna skvetten deira paa panna di, naar du kjem roande langs med landet i solsteiken. Eg hev aldri annan stad faret slik veg.

I mannaminne skal ingen vera burtkomen paa Ørsta-fjorden, undanteket ein mann fraa havøyom, som med heile huslyden sin bleiv der ein sumardag i svartestilla! I baatleidi der attmed land ligg ei lite meinflu, som heiter Tvaaren. Mannen skulde vera so sjørædd, at han selde rubb og stubb der ut med havet og kaupte seg ein heimstad i Bjørdal, som er den øvste fjellgarden i Ørsta. Det var paa flyttevegen til den nye heimen sin, han bleiv paa Tvaaren. Han kjende væl ikkje det vesle verset, som far min las aat meg fyrste gongen eg fylgde honom framum der, og som eg tykte var eit dikt.

 

Der ligg ei flu so vand aa sjaa
i Ørstafjord.
Ho nemnest Tvaaren.
Men berre du med baaten ror
deg kyrkja fraa,
so er du fri av faaren.

Frå Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Kristiania , 1885. Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad