Heimbygdi

(Dikt, 1870)

Av Hans Mo

Eg minnest ei Grend millom høge Fjell
med Lauvskog paa alle Sidor;
der digraste Fossen i Djupet fell
og laugar dei grøne Lider
med rjukande Driv
og Skumdottar hiv
mot Blomster og Blad. I den Guten er Liv.

I Fjelli og Hamrar, Nutar og Svad,
det gjenger paa Liv og Daude;
dei eldgamle Topparne standa i Rad
so sterke og byrge og snaude;
ikring deim som Fjom
fyk Snjoen, men Blom
i Liderna blømer paa alle Rom.

Der Kulden er drjug, og Telen er sein
um Vaaren or Marki at røma;
men brydder fyrst Graset kring Tuva og Stein,
og byrjar fyrst Heggen at bløma,
det vaknar eit Liv
i Heimen, eit Liv,
som aldri eg gløymer kvarhelst eg so sviv.

Til Arbeidet triva baad' Mann daa og Møy,
og Gjentorna kappast med Gutom,
det ringlar med Bjøllor, Buhundarne gøy,
og Dvergmaalet svarar fraa Nutom; -
eg hugsar kvar Stad,
kvar Stein og kvart Svad;
meg Minni kann grøta, men og gjera glad.

Og heima der brukast mitt norske Maal
so friskt som i gamle Dagar,
daa Ragnvald, Jarlen paa Møre bar Staal
paa Haaret hans Harald Haarfager;
der eiger det Klong
i Segn og i Song,
ja, trengjer seg vel inn i Kyrkja ein Gong.

Eg grant tykjest skoda den heile Grend,
vaar Gard og so alle hine;
i Tunet ei gomol Stova der stend,
Ibuarne kallar eg mine;
ifraa deim som Gut
eg flakkade ut,
men atter dei saato med Sorg og med Sut.

Eg var der ein Sumaren, kom didt ein Dag,
det var so ei Vika fyr Slaatten.
Alt møtte meg velkjent med heimelegt Lag;
med Songen den same og Laatten
kom Kjenningar fram, -
nemn inkje mi Skam -
I Taaror eg kjende at Augo dei svam.

Men aldri so fær du meir fagnadsam Kveld
en den, daa du Heimen kann vitja,
der alle vil vita, um rett du er sæl,
og kvar vil deg nærmaste sitja; -
um enn du er glad
i framande Stad,
han verder daa liksom eit bleikare Blad.

Ja, "burte er bra, men heime er best",
det er no den aalgamle Laaten,
der tykte eg og, det var Innehald mest
i Gleda som ogso i Graaten.
I all denne Sveim
og framande Eim
eg gløymer daa aldri min Barnaheim.


Frå Fraa By og Bygd. Tidskrift aat Vestmannalaget. I. Bjørgvin. Hjaa Edv. B. Giertsen. 1870. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad