Henrik Krohn

(Dikt, 1881)

Av Hans Mo

Fint under fagre
fonnstrika Fjellet
stend ei ljosleitt Stova
paa Stedje-Garden.
Derfraa ein Dag reiv
Dauden nyst ein Nordmann,
vida vyrd, — og varnast
skal vel hans Minne.
Saart verd det serlegt
aa sakna honom;
laak til aa lækja
liggja vil den Skaden.
Han, som foor heiman
her, so høgt var elskad.
Rom hans verd det vandt nog
um vaar Tid fyller.
Gaadde den Gut
nokot godt i sin Ungdom,
aat det med Agt
og Elsk han gav seg.
Lystad paa Lærdom
han las og lengtad.
Kunskaps-Torvi tærde
og tagnad aldri.
Vilde han verja,
kvat vaart var, duglegt,
han, som dei hæve
og høge Gutar
Ivar fraa Aasen
og Aasmund Vinje
kvar paa Styrmann-Staden
mot Støytom sette.

Heit i Hugen
kom Henrik attatt.
Vekt av Luren vaken
han Vidsyn aatte.
Alen i Yngdi
upp innmed Folket,
hadde Bod aa bera
fraa Bygdom Guten.
Tok han sine tunge
Tak i Striden; —
rakt mot det rengde
reidde upp han Sverdet.
Sigrad berre Sanning,
han sæl seg kjende;
men so vog han "Vargar
i Veum" ymist.
Dauden hans dyre
Dagsverk no hev sluttat.
Troten og trøytt
han trengde saart til Kvila.
Men, um enn Magti
minkad, ja til Enden
baud oss Krohn: Fyll Kravet,
skal Kransen vinnast.
Fegne i Faret
fylgje daa, Viner,
Leidi, som lagd er, —
lokkande ho vinkar.
Samstelt i Semjing,
Søner av dei Fallne,
gange fram fyr Fridom
og Fremd i Norig!


Frå Lauvduskar. Samling av ymse Smaastykke. IV. [Red. Hans Ross] Forlagt av Det Norske Samlaget. Ringvolds boktrykkeri. Kristiania 1881. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad