Kvitsunkvelden

(Dikt, 1867)

Av H. A. Mo


Vaaren er vel ljos og fin,
Jordi upp av Dvalen vaknar.
Soli giv so ljuvt eit Skin,
og dan kalde Stormen spaknar.
Men endaa i mangt eit Sinn
Vaaren vil ei flytja inn.


Her er Sut fyr daglegt Braud,
dar ein Modlaus gjeng og sukkar.
Ein med Tanken paa si Naud
stendigt paa sin Lagnad pukkar;
jamvel og i Last og Skam
fer dan agalause fram.


Kom daa, kom, du Sannleiks And!
Kom med Hjelp og Tröst og Gleda;
Hjarto kveik i heilag Brand,
til dei Kvitsunsalmar kveda,
dei som ute fraa sin Barm
stengde Naada-Soli varm.


Syndi ligg uti vaart Brjost
liksom löynde Skjer og Vandar.
Augat kann ei skilja ljost
fyrr du paa vaart Hjarta andar.
Du kann gjera Natt til Dag
med ditt varme Andardrag.


Gud! Giv oss vaar Kvitsunkveld,
lat du Soli paa oss skina.
Send i Hugen heilag Eld,
som kann Is or Hjartat tina.
Lat kvar Tunga löysa seg
i ei Kvitsunbön til deg!
 
 

Frå Ferdamannen. Eit Vikoblad aat Aalmugen. no 25 og 26. II. Aarg. Laugardagen dan
8de April 1867. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad.