Maalmannen aat Bonden

(Dikt, 1866)

Av Hans Mo

 
Eit Aar er atter runnet
no fyre deg og meg,
med Voner og med Spursmaal,
som liggja paa vaar Veg.
 
 
Dat sviv so mangt i Hugen
aat dan, som ferdast, du, -
for all Stad verd vel inkje
berr' Solskin kann eg tru.
 
 
Nei ein og kvar kann vita,
um inkje han er "lærd",
at Staup og Stöytar möta
oss ogso paa vaar Ferd.
 
 
Men lat oss inkje kvida,
men berre halda fram
so fint og stilt som moglegt
og utan myken Glam.
 
 
Eg vilde deg dat besta
og gjerna tröyta meg
til dess, at kunne löysa
ditt Mæle fyre deg.
 
 
Eg vonar og me raakast
med godo stödt i Aar,
og hjelptest aat som Viner
at gröda gamle Saar.
 
 
Med godo kann ein vinna
tidt dat, som högast heng,
men tapa lett dat minsta
naar dat med vondo gjeng.
 
 
Men skulde seg paa Traaden
ei liti Lykkja slaa,
med Tolmod vil me löysa
og greida baade tvo.
 
 
Sjaa her mitt Nyaarsynske:
"Gjev me maa semjast godt,
som gode Bröder starva
til sama Maalet traatt."
 
 

Frå Ferdamannen. Eit Vikoblad aat Aalmugen Laugardagen dan 13de Januar 1866
Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad