Millom fjelli

(Dikt, 1903)

Av Hans Mo

D'er vænt millom fjelli aa ganga
i grønklædde dalen og anga
paa alle dei blomar, og syngja,
naar bjøllor i lauvskogen klyngja.

D'er vænt millom fjelli aa kika
i vatn etter smaafisk, og hika
fraa stad og til annan med taumen,
der skogen seg speglar i straumen.

D'er vænt millom fjelli aa vera,
naar vollarne doggperlor bera,
og soli ris upp att-um nutar,
og hyrding i hornet sitt tutar.

Og fagert er fjellet, som strekkjer
seg upp med dei fyssande bekkjer,
som hanga likt sylvkvite lindar
nedyver dei bjartgrøne rindar. 

 


Frå Lesebok for folkeskulen ved Andreas Austlid. Andre bandet. Kristiania: Alb. Cammmermeyers Forlag 1903. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad