Ikkje

(Langdikt, 2013, utdrag)

Eller om at 99%

av alle filmar alle

kvinner har sett i

sine liv er laga av,

og handlar om,

menn.

 

Eller om kor synd 

det er i meg eller

kor sur eg er som

må skrive slikt 

som dette. Det

noko sure inntrykket

kjem av alle negasjonane.

 

Det er ikkje eit nostalgisk

tilbakeblikk på kvinners høge

stilling i Sparta, med hyppige

sitat frå Plutarks samling av

utsegn frå kvinner i Sparta

(til dømes ho som svara tørt

sonen sin som skulle ut i krig

og klaga over at sverdet

hans var kortare enn dei andres:

"Ta eit ekstra steg").

 

Det handlar ikkje om 

verdas første kvinnelege

olympiske meister

(Kyneska, hestekappløp).

 

Eller om verdas første

kvinnelege målar,

Artemisia Gentilleschi,

som lar Judit skjære

hovudet av Holofernes

på ein langt meir grotesk måte

enn hos Caravaggio (fordi

ho kunne setje seg inn i situasjonen).

 

Det handlar om

å late som ingenting

og berre skrive eitt

eller anna?

 

Det handlar ikkje om

kjønn og integrering,

det er ikkje eit 

forsvarsskrift

for gratis kjernetid.

 

Det handlar ikkje

om plastisk kirurgi

som samfunnskontrakt

på Oslo vest,

eller om leppene til

Preben Z. Møller

(bildegoogle).

 

Det er ikkje ein

akademisk

tekst som reiser

spørsmålet:

Kjønn i Sverige:

heilt klin kokos,

eller berre ti år

framfor oss?

 

Det er ikkje eit

kortfilmmanus

med tittelen

"Eivind Berges 

30-årslag".

 

__________________________________________________________________________

Frå Agnes Ravatn: Ikkje. Aschehoug 2013. Side 29-35.

Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2015.

© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.

_________________________________________________________________________