Veke 53

(Roman, 2007, utdrag)


21. DESEMBER

 

Georg Ulveset vakna av seg sjølv klokka halv seks neste morgon. Han var sveitt og uroleg og hadde drøymt om seg sjølv plassert i ulike komprommiterande situasjonar heile natta. Det skulle òg berre mangla. Båten til Bergen gjekk klokka sju. Georg stod på kaia og røykte eit kvarter før båten la til. Då hadde han ikkje annan bagasje enn lommebok, mobiltelefon og toalettveske.

Båten var ikkje meir enn halvfull. Og kva skulle no folk driva og reisa til Bergen etter grytidleg om morgonen like før jul uansett. Om bord kjøpte Georg avis, kaffi og eit rundstykke. I setet sat han og stirte ut vindauget og håpa på nokre skikkeleg store bølgjer. Ingrenting er betre enn når det spreier seg ei svak frykt blant passasjerane, hadde Georg alltid meint. Den beste måten å reisa på er når naturen kva tid som helst kan velta om på alt slik at ein er litt glad og letta når ein kjem heilskinna fram. Det va derimot stilt og fredeleg og kaldt på sjøen. Tynne isflak dreiv forbi frå tid til anna. Medan Georg stirte ut av vindauget på denne måten, tenkte han at reisa til Bergen kunne bli hans reise mot reinsing og soning, og denne tanken gjorde han så oppstemt at han då han gjekk i land på kaia i Bergen, gjekk opp to gater og rett inn i ei forretning med herreklede. I samarbeid med ein eldre, svært elegant ekspeditør plukka Georg ut ein ny, mørk dress, eit slips, eit par skjorter, sokkar og undertøy, og eit nytt skjerf. Deretter gjekk han langs Strandgata til han kom til eit passande hotell. Han bestilte eit enkeltrom med frukost for ei natt, i første omgang, sa han til den unge resepsjonisten. På rommet, i 4. etasje, tok Georg ein lang dusj med hotellets såpe og sjampo, skifta til den nye dressen og gjekk ned i hotellrestauranten, der han åt ein dagens. Restauranten var heilt tom for gjester. Georg slo frå seg å drikka øl eller vin til maten. Etter dette gjekk han ut i byen på leit etter julegåve til Kjersti. Då dette ærendet var unnagjort, ringte han Kjersti og fekk adressa. Leiligheita hennar låg på den andre sida av byen, i ei gate ikkje så langt frå der han sjølv hadde hybelen sin for nokså mange år sidan.

 - Det er meg, sa Georg inn i dørtelefonen.
 - Kom inn! sa Kjersti, og duringa slo imot Georg, som kjende seg nokså nervøs.
   Han begynte å gå opp trappene. Han hadde aldri vore i leiligheita til Kjersti før. Han innsåg at han ikkje eingong visste kva for ein etasje ho budde i, og las på dørskilta medan han gjekk oppover etasjane. Ikkje før han var komen opp i fjerde etasje, fann han eit skilt der det stod Kjersti og TrygveTrygve? tenkte Georg. Her har det skjedd noko som hadde gått meg hus forbi. Han hadde ikkje vore klar over at det fanst nokon Trygve i det biletet han hadde førestelt seg, og han høyrdest ikkje ut som nokon person Georg kunne ha lyst til å ta omsyn til. Brått letta kom Georg på at dette sikkert var feil leiligheit, og at Kjersti jo var eit vanleg namn, men fann straks ut at det ikkje var fleire leiligheiter i huset. Han banka på døra to gonger og kjende seg meir nervøs enn han hadde tenkt han skulle vera. Han håpa inderleg denne Trygve ikkje var heime. Døra blei opna med det same.
    - Pappa! Kom inn! sa Kjersti glad.
    - Hei Kjersti, sa Georg.
    Dei gav kvarandre ein litt famlande klem, og Georg trødde inn i entreen.
    - Eg skal ta frakken din, eg, sa Kjersti.
    Så høfleg! tenkte Georg. Han tråkka ut av skoa sine, sette dei på ei skohylle og såg seg litt rundt. Han smilte til Kjersti. Ho smilte tilbake. 
    - Me går inn i stova. Vil du ha kaffi?
    - Ja, det hadde vore godt med ein kopp.
    Georg sette seg i sofaen, og Kjersti forsvann ut på kjøkkenet. Georg såg litt uroleg rundt etter Trygve.
    - Trygve er på jobb! ropte Kjersti frå kjøkkenet med det same.
    - Å ja, ropte Georg tilbake.
    - Men han er ferdig snart! kom det frå kjøkkenet.
    - Ååå ja, svarte Georg.
    Kjersti si leiligheit var verken spesielt stor eller smakfull, men ho såg rein og billig ut og det var vel gjerne det viktigaste. Han las nyheiter på tekst-tv til Kjersti kom med kaffien.

    - Du har ikkje vore så ivrig når det gjeld julepynt, ser eg, sa Georg.
    - He, he, nei eg har ikkje kome så langt enno. Eller, det er ikkje bryet verdt.
    - De reiser vel snart uansett, sa Georg.
    - Ja, det òg.
    - Det er i morgon de reiser?
    - Ja, i morgon tidleg.
    - Skal Trygve vera med òg , eller?
    - Ja.
    - Ja, det blir sikkert ein fin tur, sa Georg.
    - Ja da, det blir det sikkert. Litt rart å feira jul i tretti varmegrader, he he.
    Kjersti skjenka kaffi i koppane.
    - Har du hatt eksamen i haust?
    - Ja, for eit par velker sidan. Eg var ikkje akkurat så veldig flittig dette semesteret.
    - Ikkje? Men du er no flink, så det gjekk vel bra.
    - Nja, eg veit ikkje. Trur faktisk det gjekk ganske dårleg. Eg skulle fått nokre tips av deg. Var ikkje du ganske flink?
    - Jo, faktisk, sa Georg. -Eg hadde nok eit talent for faget, samstundes som eg var ganske avslappa når det gjaldt eksamen og slikt. Medan alle andre sat på lesesalen og grein, så tenkte eg berre at det antakeleg kom til å gå bra. Og viss det ikkje gjekk bra, så gjorde det ingenting, for me skal jo døy. Det er det som er trikset.
    - Å tenka at me skal jo døy?
    - Ja, rett og slett. I eit slikt perspektiv blir ikkje eksamen så viktig.
    - Hm, sa Kjersti.
    - Tru meg, sa Georg og drakk av kaffien.
    Dette er ikkje så pedagogisk, men no er eg far og ikkje lærar, tenkte han og konkluderte med at Kjesti såg ut til å forstå kva han snakka om.
    - Døden, sa Georg, - då kjem berre nokon og klappar deg på skuldra og seier : Gratulerer! Alt er tilgitt, alt er gløymt!
    - Viss det er så enkelt, så er det jo inga sak, sa Kjersti.
    - Nei, det er sjølvsagt ikkje så enkelt, men la oss ikkje gjera det så vanskeleg heller.
    Kjersti smilte.
    - Det er mykje god trøyst å få i meiningsløysa, sa Georg.
    - Uff, ja. Men at eg har levd snart ein tredjedel av livet mitt alt, det verkar ganske ufatteleg. Dette gogner tre, og så er alt slutt. Å, herregud.
    Kjersti spurde Georg om han forstod. Georg svarte ja.
    - Og så sit eg berre her og les til eksamen og ser på tv. Eg veit ikkje , eg klarer ikkje å bryta ut sjølv om det eg eigentleg vil, er å...
    Kjersti lo oppgitt.
    - For eg vil jo berre ha eit fantastisk liv! Er no det for mykje å be om!?
    Georg nikka og let henne halda fram.
    - Eg veit jo at det er det. Og at eg i staden berre får prøva å gjera det beste ut av det. Men så lenge eg har - nei, huff, det høyres så - men eg meiner det, eg klarer ikkje fri meg frå tanken på at - nei, eg veit ikkje.
    Ho er meg, tenkte Georg, og det bekymra han litt.
    - Men det betyr ikkje at du treng å vera ulukkeleg, heller. Det gir deg noko å strekka deg etter, og det er bra. Ein skal ikkje godta eit kjedeleg liv, heller. Det fins alltid eit par alternativ. Både dårlege og gode. Men hugs no på at det einaste du eigentleg eig er tida, og så er det opp til deg, sa Georg og tenkte at aldri hadde det vore mindre samsvar mellom liv og lære.
    - Ja, ikkje sant? sa Kjersti. - Eg er berre så redd for at ...eg aldri kjem til å få, sa Kjersti.
    - Eg skjøner nøyaktig kva du meiner. Men jo då, du kjem nok til å få, du, Kjersti.
    Dette er kommunikasjon eg kan leva med, tenkte georg. Han kjende seg letta og oppstemt. Han hadde ikkje venta at Kjersti gjorde seg desse tankane. Ho var raud i ansiktet.
    - Eg er berre livredd for at eg skal begynna å godta livet som det er, det er som om eg  har begynt å ta opp kampen mot eit fastsett liv der eg skal bli eitt år eldre kvar trehundreog sekstifemte dag og berre blir meir og meir oppteken av lokalhistorie og slektsgransking og ha jævlige samtaler med vaksne damer som - eg plutseleg er på alder med. Ein dag tenkte eg plutseleg eg har ikkje lyst til å bu her meir! Og no har denne tanken vist seg å vera veldig vanskeleg å fri seg frå.
    Kjersti såg ut til å vera overraska over kva ho hadde sagt.
    - Så det er dette det handlar om? Tenker du på å flytta frå Trygve?
    Ho såg fortvilt ut.
    - Eg veit ikkje.
    - Gjer det, sa Georg.
    - Nei, herregud,. Kva veit vel du?
    - Nei, eg veit ingenting. Men du må ikkje vera redd for å endra livet ditt. viss du syns du må det.
    - Av og til, eller ganske ofte, så tenker eg er dette alt?
   
- Ja, nettopp. Eg skjønar veldig godt. Men eg veit ikkje kva for eit faderleg råd eg kan gi deg. Du høyrest ut som du er i stand til å finna ut av ting sjølv. Men ikkje ver redd. 
    - Nei.
    - Jo, forresten. ver redd. Eg vil ikkje at du skal vikla deg inn i noko som det blir vanskeleg å koma ut av, slik som -
    - Slik som du gjorde? Med mamma?
    Georg såg ned.
    - Berre tenk deg skikkelig om. Det er ingenting du må, veit du.
    - Du har ikkje treft Trygve eingong!
    - Nei, nei, eg meiner det heilt generelt. Ikkje bli sint.
    Dei var stille litt.

 

 _______________________________________________________________________

Frå Agnes Ravatn: Veke 53. Samlaget 2007. Side 37-43.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2015.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.

 _________________________________________________________________________