Anders Reitan

Anders Jørgensen Reitan var lærar, folkeopplysar, diktar og stortingsmann. Han var mykje inspirert av Grundtvig, og sjølv inspirerte han mange norske skulefolk.

Anders Reitan
Anders Reitan
Anders Reitan var fødd 26. juli 1826 i Ålen i Sør-Trøndelag og døydde 30. august 1872 på Rikshospitalet i Oslo. Som mange andre gåverike bondegutar på 1800-talet fekk han ei toårig lærarutdanning. I 1848 vart han uteksaminert frå Klæbu seminar og underviste deretter nokre år i Tolga og i Horg. Frå 1853 var han lærar og kyrkjesongar i Kvikne.
 
Pedagogisk meinte Reitan at skulen måtte ha nærkontakt med heimane og ta utgangspunkt i det som var kjent og kjært for borna. Han delte tankane sine gjennom talar og foredrag, og han skreiv mykje, ikkje minst i tidsskrifta Folkevennen og Den norske Folkeskole. Anders Reitan samla også folkemusikk, og han var ein dugande spelemann. Saman med broren Jon skipa han i 1870 ein folkehøgskule i heimbygda.
 

Anders Reitan gav ut diktsamlinga Fjeld-Ljom i 1866, og L.M. Lindemann laga tonar til fleire av tekstane. Reitan dikta både på det tradisjonelle (danske) skriftspråket, på norsk landsmål og på dialekt. Allereie i 1858 sette han Luthers vesle katekisme om til bygdemålet sitt, men etter råd frå Ivar Aasen vart ho ikkje prenta.

Frå 1871 var Reitan vald til Stortinget, men måtte sjukepermitterast store delar av både det første og det andre året. Over grava på Vår Frelsers gravlund reiste lærarar og andre vener eit minnesmerke i 1888.
 
 Frå Per Halse: "Anders Reitan", Allkunne.no, sist oppdatert 22.3.2017 [lesedato 30.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.