Synnfjorssong

(Dikt, 1872)

Av Jens Rolvsson

Da gjek da ord i gamal ti
at bonden med sin fjor og li,
sa her me bu og bygja,
da va da grommaste so bei
på långe, långe, långe lei,
me al sin glans og hygja.

Frå Gaula ut te Bremangsland
og Nordfjor ner te Sognestrand
da låg i tætte liar;
so friskt og fritt, so ålvorsamt
da bygde upp i folkje jamt
so sterk ei heimegleda.

Um ut me for, te Jølster ratt,
kor høgt i rå me segle batt:
me laut då snu umsiar;
dei gamle hov og tufter sjein
i minne vårt so snøen rein
frå Jostedals bræsier.

Da e same no, som då,
um enn me sjøl e vortne små
og ovand no so mykje, -
dan heimen vår, han stend då enn,
han e då lell dan gamle grend
me nok av glans og hygja!

Kom lat oss setja han i stand,
so enn da spyrst ut yver land:
Synnfjoringen e heima!
Me opna dør, so vitt me vinn
og ber so alle kome inn,
Synnfjoringen e heima.

[Publisert i første nummeret av det handskrivne bladet til Bondehøgskulen i Dale i Sunnfjord, "Synnfjorguten", 4. november 1872.]


Frå Anders A. Lothe: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. 1950. Side 98-99. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad