Olav Georg Martinus Rusti

Olav Georg Martinus Rusti, teiknar, målar og målmann, busett i Tyskland i nesten tjue år, halvparten av denne tida levde han tilbaketrekt i eit nedlagt kloster.

Olav Georg Martinus Rusti
Olsv Rusti
Olav Rusti var fødd i Vanylven på Sunnmøre 29. mars 1850 og døydde 3. februar 1920. Han var elev ved Eckersbergs målarskule i Kristiania i 1867 og ved akademiet i København 1869–71. Sommaren 1870 reiste han rundt på Austlandet og laga teikningar av bondeinteriør og andre nasjonalromantiske motiv. I 1870-åra studerte han ved kunstakademiet i München. Bileta hans frå denne tida har ofte realistiske kvardagsmotiv, som måleriet «Kone med katt». Seinare vart Rusti særleg kjend for portrettkunsten sin, både som målar og teiknar. Eit av meisterverka hans er det koloristiske måleriet av «Generalinne Fredrikke Gram», som heng på Nasjonalgalleriet. Eit av portretta han teikna med blyant og kol, er av Ivar Aasen.

I 1895 flytta han og kona, målarinna Frida Hoeck Rusti, til Bergen og huset Urdi. Ekteparet var sosiale menneske, og dei gjorde heimen sin til eit samlingspunkt for kunstnarar av mange slag. Her dreiv Rusti målarskule, og her vart den første landskappleiken for hardingfele arrangert.
I Bergen engasjerte Rusti seg i målsak og bygdekultur. Frå 1896 til han døydde sat han i styret for Vestmannalaget.
 
Frå "Olav Georg Martinus Rusti", Allkunne.no, sist oppdatert 7.5.2013 [lesedato 30.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.
 
Tekstar om Olav Rusti
Arne Garborg: Minnekvæde (1920)
Lars Kinsarvik: Olav Rusti (1921)