Ivar Aasen
(Dikt, 1898)
(Daa han døydde.) Av Per Sivle Det er den kjende Tingen, at Kjøtet det er Høy; so raust ein Mann var ingen, at inkje han laut døy. Men det, i And du saadde, det liver i ditt Land. - Fyr Hamen Dauden raadde, men inkje fyr di And. Fraa Per Sivle: Skrifter. I. Kristiania og Kjøbenhavn: Gyldendalske Boghandel Nordisk Forlag 1909. Side 108. Diktet vart publisert i En Fyrstikke og andre Viser i 1898. Elektronisk utgåve 2005 ved Jon Grepstad | |
Publisert