Slumpelukko

(Soge,1887)

Slumpelukko
Vossa-Stubba
Av Per Sivle

---"Nei, so va da ein Morgun her eine Haustn, att eg gjekk burti Smio aa smidde meg ei ny Øks. Eg skjefta henne aa åretta henne aa slipte henne upp, gjore eg, aa so tok eg henne paa Okslæ, tutla sta, skje finna meg nye Meia åt Høy-Slea mino.

Aa Bjørku va dar Nøygde tå, baade små aa stora. Men sume va for lite krokutu, aa sume va for mykje krokutu; fy de æ no so her i desse Verne, måta, att inkje kvar krokute Bjørkjæ æ laga te Slea-Mei heldu.

Men seint um sian kom eg nepå Elvabakkjen attmæ Svarte-Hylæ, aa dar fekk eg Auga på ein Stu, hoggande fint meia-voksn, so han inkje skje tenkt paa anna en vetta Mei, frå fysste Dagjen, Vårherra leet hono spretta; -- ja, da æ same Meiane, eg har unde Høy-Slea mino endåne, so de kunna sjøle gå sta sjå, att da æ Gusso ns Sanning kvart einaste Ore.

"Du får fylgja mæ meg, du Kar!" tenkte eg. -Aa eg, te skora, so Flisane fokje.

Jau, beiske deg! - dar visst' eg inkje Ore tå, før Økse foor tå Skaftæ i slarpa ni Hyln, so Budlna sto ette.

"Tvi deg!" sa eg aa sputta ette henne.

- So va da ein Laurdagskveld Sumarn ette. Eg hadde endåne vo på Stødl um Dagjen aa va baade trøyttu aa slyen.

"Eg bry meg kje um gå på Slåtteteigjen, Kjering", sa eg. "En um eg no gjekk neåt Elvene aa røynte, um da vo so væl, att Aurn vilde una os Fiska-Kling te Bisk i Morgo?"

"Jau, eg kjenne da på meg ! - Nora-Ett aa Klårvær so no da æ!" meinte ho, aa blæs i Nosæ.

Lest inkje eg viare gå, anna tok Fiske-Troa aa Makka-Pose aa lakka neyve Bødn.

"Ja, eg ska eta da råt, eg, da du får i Kveld!" ropte ho Ingjebjør ette meg.

Tutla eg so neåt Svarte-Hylæ, sløngde uti. - Aa bestu so eg sto, dar kjend' eg, da nuppa so tungt,- dameso sløngd' eg te, endå på Striting gjekk da, so Tro-o sto so ein Bogje. Eg såg berre, kur da blenkte aa sprilta i Luktne, før da datt ne i ein Krakje attante meg, so Kvistane truste. - Jau, då eg so skulde sjå te,--- du skje aldri på Makjen ha set! - dar hadde Ungedl fysty smett seg gjønom Auga på desse Øksne, eg mysste Åre framfyreåt, aa so hadde dar sian bite ein fornøggjelæ Aure på, - ja, antan de vilja tru meg eldu inkje, so va han sina goa to Merku yve Vågjæ!

Men so låg dar ein Hare og. Han ha sagta sote uppi Kraka i sine eigne Tanka, han, Stakkar, når Øksæ kom sjugande aa trefte hono midt i Skjelto, so han datt dau-u på Flekkjæ.

Nei, då breidd' eg Hendna ut te Velsignelse; aa - forsyne meg! - kom dar kje so ein Orrhane, sette seg på kver Haand! - ja, da gjore da. So kneip eg te, aa dar hadd' eg dei og.

Ho slo Hendna yve Hove, ho Ingjebjør, då eg kom dragande inn i Stovo mæ alt detta her.

"Ja, dar har du Matn din, Kjering!" sa eg; "set deg no burtat Boræ, ta te nuska. Eg vona, du har nokk mæ Øksne, no te Kveldsmat; aa vi du, kan du endå få Lov te koka henne, og".

"Nei, du Kolbein, du Kolbein!" sa ho, "du har no Slumpe-Lukko mæ deg, kusser, du!" Men ho ga meg Smør-Kling te Kvelds, og, då, likavellne".

 


[Ordforklaring i originalutgåva:] Hyl: Høl; skora: hogga; fokje: plural. av fauk; Budla: Bola (Boble); tutla: gaa smått; Striting: Røyning; truste: imperf. av trysja: Ungedl: Fiskekrok; foruoggjelæ: uhorveleg


Frå Per Sivle: Vossa-Stubba. Kristiania: Det norske Samlagets Forlag, 1887. Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad